Under havet

05.05.2006 20:57

Eg vakna tidleg idag. Klokka 6 var eg oppe og sola stod allereie høgt på himmelen. Først venta den 7km lange undersjøiske Nordkapp-tunellen med lågaste punkt på 212 meter under havnivå. Det var lite trafikk og totalt var det vel ca 25 kjøretøy som passerte i løpet av den halvannan timen i tunellen. Så for det meste gjekk eg uforstyrra og kunne studera korleis tunnellen er laga. Over på Magerøya var det ganske vindfullt, men gaske så sommarsleg i le for vinden. Gjennom nok ein tunnell, Honningsvågstunellen, nesten inn til Honningsvåg. Det var eit stykke inn til sentrum, men det låg ein Rema butikk ganske nært, så eg var innom å handla der. I 18-tida kom eg til Nordkapp camping i Skipsfjord, 5-6 km frå krysset i Honningsvåg. Det var ikkje opna enda for sessongen, men innehavaren var her og pussa opp og det var iorden at eg overnatta her.

No har eg sløva, hatt mat, dusja og slappa av. Imorgon går eg mot Nordkapp, men skal prøve å gå ut på Knivskjellodden. Reknar difor med å kome til Nordkapp tidleg på søndag. Idag: ca 35km, 9,5 timar inkl pausar

4 kommentarar til “Under havet”

  1. Lars Erik

    May 6th, 2006 11:50

    Gratulerer!!!
    Det er knallsterkt å gå så langt!
    Eg er heilt enig i at du er ein ener!
    Tusen takk for at vi fekk følge deg!

    Helsing alle i Veidemannsveien i Sandnes!

  2. Harald

    May 6th, 2006 06:52

    Tenkte bare eg sko slenga meg på gjengen så kommentere at du snart æ framme. Sånn i tilfelle du ikkje va klar øve det.

  3. Jon Ivar

    May 5th, 2006 21:57

    Hei Ragnar!

    Kjekt å høre at du snart er fremme

    Hilsen Astrid, Jon Ivar og Ingrid!

  4. PerM

    May 5th, 2006 21:43

    Gratulerer! Dette feirer vi på Skog. Et imponerende stykke arbeid har du utført, og vi takker for følget!
    Du er en ener!
    Velkommen nedover!
    per & sigrunn takker for opplevelsene du har gitt oss!

Legg til ein kommentar

You must be logged in to post a comment.

Tilfeldig valgt bilde

IMGP0547.JPG

Date: 25.01.2006

Nyeste album

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Date: 15.05.2006