Haukeliseter

30.01.2006 22:10

Kom til Haukeliseter like før kl 16 idag. Det var herleg å traske dei siste kilometerane i eit roleg tempo inn til turisthytta. På vatnet dreiv ei gruppe på med kiteing, skyene letta og det var god stemning. Har slappa av og hatt ein betre tre-rettars middag etter først å ha tatt ein lang, varm dusj. I femtida kom mor og far opp hit (Astrid og Steinar) og vi har hatt ein flott kveld her på hytta.

No er planen å slappe av i morgon, for så å legge avgårde over Hardangervidda på onsdag. I løpet av morgondagen vil det koma ein lengre berettning om turen så langt, følg med!

Ellers er vinnaren av konkurransen kåra. Det var mange som prøvde seg, så kanskje ein ny konkurranse må til snart. (Sjå tidlegare innlegg)

Det var alt for idag frå idylliske Haukeliseter

1 kommentar til “Haukeliseter”

  1. January 31st, 2006 08:12

    Hei Ragnar!
    Kos deg no med dei to gamle.
    Vi er fleire her på Lyse som fyljer med deg og ser fram til dine daglige meldingar.
    God tur videre!

Legg til ein kommentar

You must be logged in to post a comment.

Tilfeldig valgt bilde

IMGP1837.JPG

IMGP1837.JPG

Date: 19.04.2006

Nyeste album

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Date: 15.05.2006