(Innlegget første gong lagt ut 28.01.2006 14:10)
Idag tidleg var det 12 kuldegrader. Etter ein halv time med primusfyring i innerteltet, kva var temperaturen då? Svar ved å bruke kommentarfeltet. Premie til den som svarer rett
Rett svar: 27 plussgrader i skulderhøgde!
Konkurransens vinnar vart Knut Harald, som var nærast då han tippa +29 grader. Gratulasjonar og ein fin smørekniv i tre er snart på veg i posten til Varhaug
Dette var ikkje eit lurespørsmål, sjølv om det kanskje kunne virke slik.
Det blir fort godt og varmt ved primusfyring inne i innerteltet. Primusen har ein effekt på ca 3000W og det kan jo samanliknas med å sette på ein stor vifteovn. Innerteltet er jo også ganske tett, slik at lufta blir verande der. Ved fyring i ytterteltet blir det ikkje heilt den samme effekten, sjølv om det hjelp godt på det også.