Arkiv for kategorien 'Oppdateringer'

Utstyrstestar og rutekommentarar

22.07.2006 21:37


Hei og hå!

Det har gått ei tid sidan eg stod ytterst i havgapet på Knivskjellodden heilt der i nord. Ein avsluttning i t-skjorte, solbriller og eit fantastisk vèr! No som eg har vendt tilbake til sivlisasjonen er det ikkje sjeldan tankane mine flyr opp i fjella til alle dei flotte minnene frå turen.

I det siste har eg lagt ut ganske omfattande rutekommentarar til den ruta eg gjekk. I tillegg har eg lagt ut erfaringar og testar for det meste av turutrustninga eg hadde med meg

Vis rutekommentarar

Vis utstyrserfaringar

Vis Bildegalleri

Vis Artikkel med tekst og bilder frå turen

Les alle innlegg i bloggen –>

Ei veke etter

15.05.2006 18:29

Det er gått vel ei veke etter at eg nådde Nordkapp. Det har vore ein ganske stor overgang å vende tilbake til “det normale liv” igjen, men det har no gått bra.

Frå seint mandags kveld til torsdag morgon var eg hos ein kammerat i Tromsø. Det vart mykje god mat, avslapping og kino. Eg kom også over nokon nye telemarkski til halv pris då vi var innom ein sportsbutikk og måtte bare slå til. Det var heldigvis ungdomsbiletter igjen hos Sas Braathens, så då kom eg meg sørover utan å bli heilt ruinert. På flyet til Stavanger var det ingen tvil om at eg nærma meg; dialektane til folket ombord var utelukkande frå rogalendinger. På Sola hadde fleire frå familien møtt opp med blomar og norske flag! Svært så hyggeleg!

I dagane etterpå har eg besøkt litt venner og familie. Dei aller fleste er ganske nyssgjerrige og vil høyra meir om turen. Litt datafikling har det også blitt dei siste dagane, lista over ting eg bør få gjort snart, er lang. Turutstyret er temmeleg kaotisk for tida og det skal snart bli stua vekk til neste vinter. Imiddlertid er eg igong med ei grundig evaluering av utrustninga som eg har hatt på turen. Det tar imiddlertid litt tid å få lagt dette ut på nettet.

Ellers kan eg rapportera at matinntaket på ingen måte er mindre no enn på turen. Andre symtom er at eg er både rastlaus, “godtesjuk” og trøtt om kvelden. Nokon kilo lettare har eg også blitt i løpet av 2500km på tur, kanskje ikkje så veldig overraskande.

Fleire bilde er blitt lagt ut i bildegalleriet, resten kjem i løpet av veka. Video frå siste etappe kjem også snart. Så ventar ein oppsummering av heile turen om ei stund, utstyrserfaringar, råd og tips og til slutt kanskje, kanskje eit lite hefte.

Hurtigruta

08.05.2006 21:14

Det var ein fin kveld i Honningsvåg igår. Vindstille, sol og t-skjorte-vær. Eg satte opp teltet, for siste gong på denne turen, like utanfor sentrum. Seint på kvelden kom det varsla væromslaget. Vinden endra rettning og kom i sterke kast. Teltet var litt sløvt satt opp og pluggane gjekk bare så vidt nedi. 3 bardunar og nokre steinar hjalp imiddlertid ganske bra, så det stod greit nok. Likevel blafra det ganske godt og det vart ikkje så veldig god søvn. Eg måtte også tidleg opp og like over kl 5 gjekk eg innover til kaien. Hurtigruteskipet “Richard With” kom tøffande innover i bølgene og litt over kl 6 kunne eg gå ombord. Dama i resepsjonen ga meg eit greit tilbod då eg sa eg hadde gått Norge på langs. “Det høyres langt ut…” Etter å ha skrevet ut biletten, kom ho tydelegvis på at det var ein “kulare” måte å ordne det på. Så då fekk eg også lugar og det heile til ein super pris. Takk takk!

Lugaren kom godt med, var ganske trøtt. Det har også vore ein god del bølger, så det har vore fint å bare ligge å slappe av, bla i aviser og lese ferdig boka eg har drassa med meg ein del kilometer. Var iland ein tur i Hammerfest og ellers har det bare vore korte stopp i Øksfjord og Skjervøy. Sjølv i gråværet idag, er det fint her langs kysten. Tviler ikkje å at Hurtigruten går for å vera “Verdas finaste reise”, som annerkjente reiselivsaktørar uttrykker det. Det er ikkje mange ombord, så det er ganske roleg. Tar meg gjerne ein lengre tur med Hurtigruten ein gong - fortrinnsvis med iallefall litt fint vær…

Kjem til Tromsø no kl 23.45. Bildet av “Richard With” er tatt i Honningsvåg, mens fjella er ved Øksfjord

Nordkapp

07.05.2006 18:09

Vakna tidleg av sola som skein på den knallblå himmelen. Sidan det hadde blitt ein sein kveld, tok eg det ganske med ro. I ti-tida rusla eg dei siste kilometrane fram til Nordkapp-platået.

Det bar rett ut til den kjente globen og eg kunne feira at turens målpunkt var nådd! Det er no godt å koma fram, men eg kunne gjerne ha fortsatt lenger!

Vimsa rundt i vindkasta ute på kanten av den mektige kystklippen nordkapp-senteret ligg på. Knivskjellodden låg fint bada i sollys like vestafor. Strålande sol og blå himmel gjorde dette til ein herleg av sluttning på ei opplevingsrik ferd.

Seinare bar det inn på senteret og eg fekk med meg Ivo Caprino sin Nordkappfilm. Det var også tid for å sende mange postkort eg har lovt vekk i løpet av turen. Litt souvenirhandling var det også. I cafeen fekk eg meg eit pølser, då det var einaste varmmaten dei kunne tilby. Turistsesssongen er absolutt ikkje igong enda. Utpå dagen kom det fleire busslaster med hurtigsrutepassasjerer og det var rett så folksomt. Eg har også snakka med redaktøren i Finnmarksposten som skulle skrive ein sak for ei lokalavis heime. Ein journalist frå Finnmark Dagblad dukka også opp, så det vert eit lite stykke der på tirsdag. Av ho fekk eg også skyss til Honningsvåg. Her er det nesten sommartemperatur og roleg å fint nede ved havna. Imorgon tidleg tek eg hurtigruten til Tromsø og blir der nokre dagar, før eg nok tar eit fly vidare sørover.

Eg vil nytta høve til å takka alle som har bidratt til å gjera turen gjennomførbar. Ein stor takk til alle dei eg har møtt undervegs og som nesten utlukkande har vore svært så hjelpsomme og gjestfrie. Tusen takk!

Ein takk også dei til alle dei som har følgt med på turen gjennom nettsidene og for alle dei fine meldingane som har blitt lagt igjen

Nettsida kjem til å leva vidare ei god stund enda. Det blir både meir bilde og tekst frå turen. Det er også ein del historiar og episodar som eg ikkje har kome fram og det vil eg kanskje også skriva litt om. Ein real omtale av utrustninga vil også kome viss nokon skulle vera interesserrt i det.

Ellers helsar eg til dei som fortsatt er ute på sin Norge på langs tur. Lykke til!

For dei som er heilt Norge på langs frelst, kan eg anbefala å følge med på Norgepaalangs.info. Her er det lenkjer til nettsidene til nokre av dei som akkurat no er på veg sørover eller nordover.

Ragnar Fjeld, Honningsvåg

Knivskjellodden!

06.05.2006 16:54

Woohooo!!

Ytterst i havgapet på Knivskjellodden, 71 grader og 11 minutter nord. Blå himmel, sol, skvulpande sjø og hav så langt auga rekk! Sit her og skuer utover og nyt dagen. Nordkapps bratte klippe troner opp og på toppen ser eg den kjente globen. Det blir imorgon, enn så lenge er eg undervegs på denne fabelaktige turen!

Under havet

05.05.2006 20:57

Eg vakna tidleg idag. Klokka 6 var eg oppe og sola stod allereie høgt på himmelen. Først venta den 7km lange undersjøiske Nordkapp-tunellen med lågaste punkt på 212 meter under havnivå. Det var lite trafikk og totalt var det vel ca 25 kjøretøy som passerte i løpet av den halvannan timen i tunellen. Så for det meste gjekk eg uforstyrra og kunne studera korleis tunnellen er laga. Over på Magerøya var det ganske vindfullt, men gaske så sommarsleg i le for vinden. Gjennom nok ein tunnell, Honningsvågstunellen, nesten inn til Honningsvåg. Det var eit stykke inn til sentrum, men det låg ein Rema butikk ganske nært, så eg var innom å handla der. I 18-tida kom eg til Nordkapp camping i Skipsfjord, 5-6 km frå krysset i Honningsvåg. Det var ikkje opna enda for sessongen, men innehavaren var her og pussa opp og det var iorden at eg overnatta her.

No har eg sløva, hatt mat, dusja og slappa av. Imorgon går eg mot Nordkapp, men skal prøve å gå ut på Knivskjellodden. Reknar difor med å kome til Nordkapp tidleg på søndag. Idag: ca 35km, 9,5 timar inkl pausar

Mot nord

04.05.2006 22:58

Kjempevær fortsatt. Traska vidare langs vegen i sol og med nydeleg utsikt ut over fjorden. Gjekk lenge i kortarma sidan det var godt og varmt. Det vart til at eg gjekk ganske langt idag og eg var temmeleg skutt då eg slo opp teltet nede i Kåfjord. Rett ned io sovesekken og har fått eit par timar med søvn før eg no skal ha mat. Det blir kanskje Honningsvåg imorgon og Nordkapp på søndag, henholdvis ca 30km og 60km. Idag: ca 42km, 11 timar

Langs fjorden

03.05.2006 21:28

Strålande fint vær idag. Gjekk først ned til Olderfjord og kjøpte meg ein krone-is på butikken der. Vidare har eg gått langs fjorden. Flott utsikt og ganske idyllisk. Lite trafikk var det også, så stort sett var det bare suset frå havet, måkene og vinden. Små Hestehov-blomar spredt opp i grøftekanten og det er vel eit sikkert vårteikn. Sekken føles litt tung innimellom, så mange pausar er nødvendig. Skoa er gode, men eg hadde allerede nokre gnagsår, så det kjennes jo innimellom. Camper nede i sjøkanten på ei gras- og lyngslette og har ei elv like ved. Det er dessuten veldig fint her! Idag: omtrent 35-39km, 10 timar

Hammerfest

02.05.2006 22:21

Dagen starta med frokost på Skaidi Arctic hotel, eller Repparfjord hotell som det eigentleg heiter. Det såg nesten ut til at eg var den einaste gjesten på dette koselege hotellet, men likevel var det eit rikhaldeg frokostbord som var satt fram.

Litt over ni tok eg bussen innover til Hammerfest. Det var strålande vær og utruleg flott utover. Fjord og snødekka fjell i kombinasjon med blå himmel, er veldig fint. Når ein legg på små hus og spredt bebyggelse langs fjordane, blir det verkeleg nydeleg.

Det tok ein times tid inn til sentrum. Her var det mykje folk og veldig varmt. Gjekk rundt i t-skjorte heile dagen og det var verkeleg herleg! På postkontoret fekk er polstra og pakka inn skia, samt stappa resten av tinga ned i ein norgespakke. Nesten 16 kg vart sendt sørover. Eg hadde god tid fordi bussen tilbake ikkje gjekk før kl 15. Først var eg på jakt etter gode sko. Kom inn i ein skikkeleg sko-butikk og her traff eg ein kar som hadde peiling. Han fann fram eit par som “eg nesten garantert ville bli fornøgd med”. Det var eit par Asics joggesko beregna på lange asfaltløp. Litt stiv pris, men det er det ofte på gode joggesko. Ellers var eg innom biblioteket og fekk lånt ein pc. Det er faktisk førte gong sidan eg lånte internettilgang ein halvtime på butikken i Hattfjelldal! Uheldig vis var det noko galt med programvaren, så eg fekk ikkje lasta den sida som var nødvendig for å fikse bildegalleriet på nettsida… Ellers tok eg ein runde i byen. Den er ikkje så stor, men det var veldig fint. Langt kaiområde og mange små butikkar. Den enorme Snøhvit-prosjektet har gitt Hammerfest stor aktivitet. På Melkøya skal store mengder LNG, naturgass, bli behandla og laste på skip. Øya er godt synleg frå sentrum og frå det vesle byfjellet var det endå bedre utsikt. Eg gjekk Sikk-sakk vegen rett opp og var glad det var rekkverk, fordi det var litt snø og is! På toppen hadde Statoil satt opp ein stor kikkert med 30 gongers forstørring. Så med denne kunne Melkøya studerast nærare. Det var stor aktivitet og mange folk i sving.

Klokka 16 var eg tilbake i Skaidi. Pakka sekken og den vart meir leveleg no, sjølv om eg no har med masse mat. Skoa viste seg å vera bra ogg det gjekk greit oppover langs vegen. Litt gangsperr etter forrige dagers vandring. Då eg fann ein fin teltplass litt over åtte, var saken klar. No har eg nett hatt pannekaker og skogsbacon til middag. Imorgon går eg ned til Olderfjord og vidare nordover. Om nokre dagar kjem eg kanskje til å møte på ein sørgåande NPL-traskar. Det var iallefall ein som starta frå Nordkapp igår.

Idag: ca 14km, 3,5 timar

Skaidi

01.05.2006 19:45

Traska vidare ned til Skaidi idag. Sekken har vore litt for tung for asfalt-gåing og det har satt sine spor på føtene. Fekk bruk for alle gnagsårplastera eg har hatt liggande lenge.

Etter eit par timar kom ein syklist med stor oppakning til syne langt der framme. Det første som slo meg var at dette måtte vera ein NPL-syklist på veg sørover. Ganske riktig, det var Rolf-Erik Poppe på veg sydover igjen. Han har i vinter gått på ski nordover…Han hadde Bixit-kjeks å by på og det var hyggeleg å slå av ein prat om turane våre. Han for vidare med Alta som dagens mål. Kom meg inn til Skaidi etter kvart. Her møter E6 vegen mot Hammerfest og det er eit relativt stort vegkryss og dermed også ein del folk. Hadde meg litt mat på kroa før eg gjekk oppom hotellet for å henta eit brev som var adressert dit. Dei hyggelege folka på Skaidi Arctic hotell ga meg ein god pris på overnatting, så eg fann ut at det var godt å slappe av der. No skal eg få sendt vekk det meste vinterutstyret slik at sekken blir leveleg igjen! Har imiddlertid erfart at skoa eg har no, egnar seg lite til ein såpass lang tur, så eg må få tak i nye. Difor blir det tur inn til Hammarfest i morgon formiddag. Blir litt artig å koma innom der også. Reknar med å gå herfrå igjen i morgon ettermiddag ein gong. Det er 156 km til Nordkapp, i tillegg kjem evt ein tur ut på Knivskjellodden og kanskje ein avstikkar for å proviantere. Det vil ta 5-7 heile dagar skulle eg tru, men det kan jo dukke opp ting undervegs. Det er lite snø her nede i Skaidi, men i høgden er det jo fortsatt ein del. Det var ganske varmt idag, men bris i frå sør, så kortbuksevær er det ikkje heilt endå! Skal sjå om eg ikkje får ferdig eit resebrev i løpet av kvelden også

Ferdig med vidda

30.04.2006 21:06

Då var eg kome over vidda! Det har vore mange opplevingar og inntrykk. Meir om dette kjem seinare.

I går kveld kom eg til innsjøen Bohkosjavri. Der var det to isfiskarar på ski, forøvrig dei to einaste eg har truffe på ski på heile vidda. Av dei fekk eg litt fisk til middag. Skikkeleg godt! Isfiskerane skulle nedover i løpet av natta og dei drog avgårde kl 2. Eg drøyde det litt og gjekk 04.45. Rett framfor oss var reinflokken som skal til Hammerfest, så det var lenge spor. Dei første timane var det delvis skareføre og ganske bra forhold. I åtte-tida gjekk det meir og meir over til slusjføre igjen. Eg skulle eigentleg mot innsjøen Leaktojaure og deretter i ei scooterløype mot Skaidi. Imiddlertid måtte eg då ha kryssa eit svært bløtt dalføre og det såg vanskeleg ut å krysse på ski. Tok difor spora frå isfiskerane ut til Okselv og E6. Det var bløtt nok det, enormt med overvatn og opne bekker. Ein relativt liten bekk hadde stor vassføring og det var ikkje anna å gjere enn å gå rundt, eit par kilometers omveg kanskje. Men nokre stadar er føret ganske godt, særleg over 400 moh. Har sett mange på dagsturar i fjellet idag. Kom altså ned til Okselv og då var klokka blitt elleve. Parkerte pulkbrettet for godt og lessa alt opp i sekken. Så traska eg langs E6 nordover. Ei stund tok eg skia på igjen og gjekk i nokre scooterspor, men stort sett var det til fots. Sekken er tung, særleg med ski og skisko som ekstra vekt. No er det omtrent 16 km ned til Skaidi, så det skal vel gå på eit vis. Vidare til Nordkapp blir det nok til fots. Det smeltar såpass fort no at det nok vil vera nesten umogleg å ta seg fram på ski i det området snart. Herfrå er det 17 mil og det blir nok langs vegen om Olderfjord og Kåfjord. Er veldig fornøgd med å ha fått krysse heile finnmarksvidda tross denne tidlege våren. Så det betyr lite at det blir litt vegtrasking på slutten - bare eg no får av alt dette ski- og vinterutstyret. Det er meldt opptil 20 grader her i løpet av nokre dagar…Camper i vegkanten like ved eit hyttefelt og E6. Går til Skaidi imorgon formiddag. Idag: ca 23,5km, 6t på ski. Ca 18km, 6t stort sett til fots

Bohkosjavri

29.04.2006 20:33

Kom eit godt stykke idag.Delvis spor etter reinflytting.Gaar vidare ein gong inatt.Fersk aure og roye til middag.22,5km,8,5t

Slusjfore

28.04.2006 22:48

Ganske vaatt fore.Overnatter pa hytte med trivlege finnmarkinger ved Stabbursvatnet.Inatt 13km,5t, idag 17km,6t

Nattefrosten som aldri kom

28.04.2006 09:03

God morgon! Frosten kom ikkje inatt, men eg la uansett avstad kl 2. Gjennomslag også på Lesjavri-innsjøen og delvis litt overvatn. Bløtt føre, men det gjekk jo. Blaute sko og sokkar så det vart kjøleg på beina. Etter fem timar i veldig roleg tempo, var eg på andre sida av innsjøen. Ved ei hytte traff eg ei gruppe finske isfiskarar. Dei pakka for avreise og skulle nett dra ned. Då dei såg den store sekken, fekk eg tilbod om å få eit sklibrett, omtrent som ein pariserpulk. Denne er lett og eg har bare sekken rett oppå. Fekk også lov til å slappe av på hytta ei stund. Her har eg laga speglegg og hatt det ilag med brød til frokost. Takk til Ole Julius Eriksen frå Karasjokk. Det skal vera spor eit stykke vidare frå nyleg reinflytting, så då er det bare å satse på at desse går i rett retning

Vidare inatt

27.04.2006 17:12

Gjennomslag de luxe idag. Få spor, men fekk litt hjelp av eit gamalt scooterspor eit godt stykke. Kom meg til Lesjavri, turisthytta er visst ikkje her lenger, men greit å ligge ute. Har tatt fram soveposen og camper på ein bar flekk. Prøver å gå seint ikveld eller natt over innsjøen Lesjavri og eit stykke vidare. Idag: 17,5km, nesten 7 timar

Sol over vidda

26.04.2006 22:09

Fint innover vidda igjen. Fulgte scooterløype ein del km, men har tatt av nordover. Ganske mykje gjennomslag utanfor spor. Litt vind ikveld, liten kuling. Idag: 13,5 km + 3 km bort til butikken, 6 timar.

Vidare med sekk

26.04.2006 14:39

Fekk sendt pulken med posten idag. Betjeninga på Oves matsenter i Maze hjalp godt til med å pakke den inn. Billig var det også, ca 200kr for pulken på omlag 23,5 kg! Postens transportavdeling henta pakken like etter, så den er allereie på veg til Tromsø og vidare sørover.

På veg bort til butikken kom eg over ei lommebok. Tok den med for å levere den til politiet. Den viste seg å tilhøyra sønnen til dama i cafeen og som finnarlønn fekk eg reinsdyrsmiddag og tørka reinkjøtt!

No har eg tung bør på ryggen og har gått nokre km til fots. Skal til å spenne på skia, men tar det med ro i finvéret. Kan hende snur eg litt på døgnet å går nattestid, så oppdateringane kan bli litt forskjøve i tid av og til. Vanskeleg å sei kor lang tid det tar til Nordkapp, skal gje nærmare beskjed om det etterkvart.

Sol og vårfullt helsing frå utkanten av Maze

Maze

25.04.2006 20:14

Vakna opp til frisk bris og ganske bra vær. Holdt høgden for å sleppe unna litt skog. Dei første timane var føret bra, sidan det hadde vore nattefrost. Det har vist seg at swix lilla er bra under slike forhold. Utpå dagen går det over i klisterføre, men føreløpig har eg då gått på feller. Var ganske usikker på kva som var best rute ned til Maze, men eg tenkte meg kanskje at det enklaste var å ta gamlevegen. Tok sikte på brua over elva Maze, forøvrig ei stor elt som no var delvis fri for is. Her kom eg inn i scooterløype som stort sett fulgte vegen ned til Maze/Masi. Tok av ned mot kyrkja, som ligg i den nordlege delen. Her var også butikken og eg nådde den akkurat før stengetid kl 16. Den har også kveldsope mellom 19 og 20. Innehavaren av butikken tilbudde seg å kjøra meg 3km bort til turistsenteret, som ligg i den andre enden av bebyggelsen. Snøen er i ferd med å gå nede i dalen, men på fjellet er det bedre. Her på turistsenteret har eg leigd ei lita hytte og er igong med å pakke om. Har fått tilsendt den store sekken min og skal sende pulken med posten imorgon. Våren er i full anmarsj og eg blir litt meir fleksibel med sekk.

Ellers er det verdt å ta med at Maze, eller det fornorska namnet Masi, er “sameland”. Dei aller fleste er samiske og på butikken gjekk det bare i samisk mellom folka der. Ganske trivleg plass og hyggelege folk. Imorgon er det opp på vidda igjen.

Idag: 26km, 7 timar

Flott dag

24.04.2006 21:01

Idag har eg gått gjennom eit område som var litt vrient å orientere seg gjennom på kartet. Ein del skog og små-kuppert. Sola skein i heile dag og det var ganske så varmt ei stund. Det gjekk unna med vatn, litt over 3 liter i løpet av dagen. Tok lang lunsjpause og smelta snø.

No har eg satt opp teltet på ein liten høgde. Det er omlag 25 km til Masi og viss det ikkje er for kronglete, så kjem eg dit imorgon.

Idag: 30km, 10 timar

Rapport fra vidda

24.04.2006 20:49

Dagane frå Kilpisjavri i Finland og over på Finnmarksvidda har vore fine. Mykje bra vær, men ein dag med ein god del vind.

Den første dagen kom eg ganske langt, fordi det var masse spor innnover fjellet. Etter dette har eg bare unntaksvis gått i særleg mykje ski- eller scooterspor. I Finland var det fleire opne turisthytter. Eg var bare såvidt innom, det har blitt teltliv den siste tida

Vidda er ganske flat, men innimellom er det små kupperte område. Det er også ein del skog som gar vore litt knotete å passera. Det er også ganske vanskeleg å få oversikten, så gps og kompass har vore framme heile tida, sjølv under er ein knallblå himmel.

Den største utfordringa på vidda er alle rein-gjerdene som nesten er overalt. Desse er ikkje så lette å krysse med pulk…

Fungerende film etappe 12

24.04.2006 11:21

Legger ut en påmindelse om filmen som ikke funket! Nå funker den!

En film i fra nord! Nå nærmer han seg målet!

http://breogfjellsport.no/Etappe.3gp

Du treng Quicktime/Itunes frå apple for å spela av. Link til nedlastning Eit tips er å laste ned filmen (høgreklikk, lagre som) før du speler av. Då kan du forstørre bildet litt (200%)

Guorbajavri

23.04.2006 19:48

Vind inatt og til utpa dagen.Vidde-terreng med litt skog.Vekslande fore,litt gjennomslag.Masi om 2-3 dagar.31km,8,5t

Finnmark

22.04.2006 19:12

Ganske flatt idag,men litt kronglete.Kryssa over grensa til Norge igjen i ettermiddag.No gar turen over vidda.Brukbart fore,noko gj slag.31km,9t

Finske vidder

21.04.2006 20:24

Spor og merka innover slake fjell.Sol og bra skifore.Har slaatt opp teltet og skal til a lage middag.ca 32km,8,5t

Kilpisjavri, Finland

20.04.2006 19:43

På Gappohytta var det ein del folk. På gamlehytta slo eit stort følge på fellestur seg ned, mens på ny-hytta var det eit finsk-svensk turfølge.

Idag var det først ein del nedover, så bort til treriksrøysa - grensa mellom Norge, Sverige og Finland. Hadde meg ein runde rundt der, før eg tok fatt på det siste strekket inn til Kilpisjavri. Ganske lite motiverande den siste mila over vatnet, i eit virrvar av scooterspor og dårleg skiføre. Gjekk direkte til Matkailu, ca 5km sør for turistplassen Siilastupa, fordi butikken ligg her og det er også fint utgangspunkt for turen vidare. Sjølv om eg var her allereie 17.30 finsk tid (Finland ligg ein time etter norsk tid), så var butikken stengt. Bensinstasjonen stengte kl 16 og eg måtte leite litt før eg fann ein cafe som var open.Finnane kan visst ikkje dette med opningstider, det går jo ein ganske så trafikkert veg forbi her og dette er også harry-handelstad for tromsværingane. Har fått meg eit rom i eit bygg som ligg ved Lappland hotel, grei standard, men ikkje spesielt billig. Herleg med ein dusj etter mange fine og svette dagar til fjells! Imorgon bærer det vidare oppover og innover dei finske viddene og grensa krysses om 2-3 dagar igjen. Har fått mange tips om opne hytter, vegval og scooterspor og eg ser fram til ein fin etappe. Idag: ca 28km, 6,5 timar

Indre-Troms bildespesial

20.04.2006 19:20

Turen gjennom indre-Troms har vore alle tiders; veldig flotte fjell, ein god del bra vær, supre turisthytter i akkurat passe avstand og hyggelege folk! Nokre bilde vil kanskje også bli med i reisebrevet, men det er litt avgrensa kva eg får plass til der. Har høyrt rykter om dårleg påskevær sørpå. Her var det fleire kjempefine dagar, men også nokre dagar med vind på høgfjellet og ein del skyer. Værmeldingane var ikkje så optimistiske i påsken, så det skremte nok vekk ein del folk, iallefall ikkje så folksomt som ein bør forventa i påsken. Fleire oppdateringar følger i løpet av kvelden. Helsing frå Norge på langs vandraren, for tida i Finland

Fin og lang tur

19.04.2006 21:23

Kjempeflott morgon og mykje sol.Mange hogdemeter opp,ned og opp igjen,1000 til saman.Er pa Gappohytta,Kilpis imorgon.35km,10,5t

Daertahytta

18.04.2006 20:55

Opp av bjorke og furuskogen til snaufjellet.Gjenfoyka spor,men ok a ta seg fram.Starta seint og kom hit kl20.Imorgon vidare mot Rosta.29km,8t

Dividalshytta

17.04.2006 17:51

Sol og fin morgon ved Vuoma.Ned gjennom skog og bratte fjellsider vart det eit par basketak med pulken.300 hogdemeter opp til slutt.18km,6t

Vuomahytta

16.04.2006 22:10

Det vart mykje sol utpa dagen.500 hogdemeter opp fra Altevann gjennom utruleg flotte fjell.Gaar til Dividalen imorgon.27km,8t

Paaskespesial

16.04.2006 13:18

På Altevasshytta traff eg på endå ein sørgåande NPler, Åge Lindstad.

Eit bilde av meg ved Gaskashytta

Utsikt nedover mot Altevann fra Gaskashytta

img3

No går eg oppover mot Vuomohytta, midt i dei flotte fjella her i Indre Troms

God påske folkens!

Altevann

15.04.2006 20:53

Tok ein roleg formiddag og gjekk frå Lappjordhytta i tolvtida. Kjell Magne og Geir Erik fortsatte sin ferd sørover, mens eg tok fatt på bakkane i nordleg retning. Frå hytta på omlag 600 moh, bar det opp til nesten 1000 moh. I natt var det 2 kuldegrader, men på morgonen var det plussgrader, så det var litt gjennomslag i starten. Det blåste litt i høgden og skispora frå tidlegare dagar føyka igjen. Likevel var det litt spor å følga, så det gjekk rimeleg greit. På grunn av vindretninga var det meir gunstig å gå ned til vestenden av Altevann, istaden for å gå direkte mot Gaskashytta. Den splitter nye turisthytta ligg i eit digert hyttefelt med fleire hundre hytter. Problemet var å finne ut kva for hytte det var! Søkte opp hytta på turistforeningen.no og fann koordinatane og då var deet ingen sak å finne fram. Forøvrig så kryr det med snøscootere her fordi det er lov å kjøre på såkalla isfiskeløyper. Imorgon går turen over Altevann til Gaskashytta og vidare mot Vuomahytta. Idag 24,5 km, 7,5 timar

Vindsekksegling er artig!

14.04.2006 22:51

Idag blåste det litt og på turen over innsjøen Tornetrask. Vindretninga var nesten i den retninga eg hadde tenkt meg, så då var det bare å spenne opp vindsekken mellom skistavane. Vinden tok godt tak og turen gjekk temmeleg raskt unna! Gøy med litt avveksling frå skigåinga. På den svenske turisthytta Pålnosstugan, traff eg nokre svensker på tur. Dei hadde vore hyttevakter lenger sør i over ein månad og farta no rundt i fjellet. Tok ein lang pause der før eg la iveg oppover bakkane. Litt råtten snø då det er plussgrader om dagen for tida. Nokre skispor gjekk oppover, men det var kronglete gjennom bjørkeskogen - og ganske bratt - opp til Lappjordhytta. Her var det litt folk og også eit par sørgåande NPLere! Kjell Magne og Geir Erik Storesund frå Karmøy. Har hatt ein hyggeleg kveld her på hytta og praten går livleg. Idag: 20 km, 7,5 timar inkludert lang pause

Framme i Abisko

13.04.2006 21:53

Kom idag ned til Abisko turiststasjon. Ein del vind inatt, men utpå morgonen løya vinden og det var stort sett sol og fint resten av dagen. Påsken har til no bydd på mykje fint vær og utruleg fine fjellområde.

Frå Ritsem hadde eg fortsatt følge av Mads og Morten Christensen og dagsetapane har vore akkurat passe. Har hatt fine ettermiddagar med sol og matlaging utandørs. Sjølv om det har vore sol, så har det vore kjøleg å sette seg ned, så dunjakken har vore flittig brukt. Verkeleg herleg å sitte ute i soveposen og sjå på sola som går ned over fjella!

Rundt Ritsem var det fleire snøscootere enn folk på ski, vi møtte bare 5-10 om dagen. I Padeljanta nasjonalpark møtte eg faktisk ingen andre på ski, utanom dei som samtidig med meg kom opp frå Sulitjelma. Kungsleden mellom Abisko og Kebnekaise fjellstasjon virker til å vera hovedruta for påsketuristane her i området. Utruleg mange på ski! Svenskane har verkeleg vist at dei kan meir enn scooteråking.

Igår ettermiddag tok Mads og Morten ein tidleg kveld, då dei ikkje ville koma ned til Abisko før på fredagen. Eg gjekk nokre kilometer vidare og fekk ein fin tur den resterande delen ned idag. På turiststasjonen her i Abisko er det veldig fint og ein god del folk. Var borte i Aibisko-østre for å handle og hente pakke (2 km herfrå) Der var det ganske kaotisk; Støy, bilar, scootere, eksos og kø inne på den altfor varme butikken. Nesten så eg er blitt allergisk mot slike forhold og det skal bli godt å koma opp på fjellet igjen!

Her på turiststasjonen er det utlån av ein pc med internettt, så eg har fått fiksa ein del på sida. Skal sjå om eg ikkje får mesteparten opp å gå igjen før eg tar avstad imorgon. Reisebrev kjem seinare, har mykje å skriva om heilt frå Hattfjelldal og hit, men trur eg skal skrive det litt gradvis. Det kjem altså litt seinare tenker eg. Video kjem sansynlegvis frå Treriksgrensa eller Kilpisjavri, er avhengig av norsk mobildekning for å få sendt den.

Går imorgon sansynlegvis over Tornetrask og vidare i “påskeruta” i indre Troms, via Altevann. Litt lengre enn via Sverige, men det blir nok ein kjempebra tur. Litt skiftande vær no, men skal ikkje klage, mykje sol har det blitt!

Bildene er tatt dei siste dagane, på veg mellom Ritsem og Abisko Det var alt for ikveld. Ønsker dykk alle ein fortsatt god påske!

Idag: ca 25km, 5 timar

Storinnrykk i fjellet

12.04.2006 20:00

Langs Kungsleden myldra det med svenske skituristar.Fin tur over Keisarpasset idag,sol og paaskestemning.Abisko imorgon.34km,9t

Skyfri himmel

11.04.2006 22:00

Masse sol og fin utsikt til Sveriges hogste fjell, Kebnekaise.Middag utanfor teltet i kveldsola,godt innpakka i dunjakke og sovepose.27km,8t

Nyter paaskedagane

10.04.2006 19:00

Med solkrem i ansiktet og ein real miks av skismorning under skia, nyter eg dagane i fjellet.Fortsatt folge av Mads og Morten.23km,6t

Ritsem

09.04.2006 23:00

Lange og flotte dagar her i Padlejanta. Kom idag heilt til Svenska turistforenings fjellstasjon i Ritsem. Men først litt om dei siste dagane.

Nokre dagar før eg kom til Sulitjelma fekk eg ein epost frå Mads, som hadde planlagt å starte på turen mot Abisko samme dag som eg hadde tenkt å legge iveg. Torsdag møtte eg Mads og Morten, to brødre forresten, og vi tok følge opp til Sorjus. Fekk god hjelp med pulken i dei brattaste bakkane, så turen vart overkommeleg på ein dag. Ved Sorjus traff eg på dei to jentene som også er ute å går Norge på langs. Veldig trivelge NPL`ere! Dei har med seg to hundar som trekk ein stor pulk. Sorjushytta blåste ned tidlegare i vinter, men på gamlehytta låg ein familie frå Molde som gjekk ilag med NPL-jentene. Med arbeidsvillige hundar gjekk det raskt unna for heile dette store følget på tur, raskare enn med meg, men eg fekk no fine spor vidare. Sidan det var lite snø, så tok eg over Virrhaure og ein annan gigantisk innsjø, men det viste seg etterpå at ruta over fjellet hadde vore farbar med pulk. Ganske langt over dette innsjøane, men sol og fantastisk vær og godt skiføre gjorde det til ein kjempeflott dag. Naturen er verkeleg flott her, store dalar, høge fjell og mykje urørte område.

Idag starta eg ikkje før klokka ti, ettersom eg hadde hatt ein lang tur dagen før. Ikkje lenge etter traff eg på Mads og Morten og eg tok følge med dei vidare. Sol og varmt store delar av dagen, men litt skyer etter kvart. Det gjekk unna i scooterspor og Ritsem vart etter kvart målet. Litt langt føltes det ut å gå over innsjøen Akkajuare på slutten, men vi kom no fram. Ganske artig at Svenskane har merka ein “isveg” over vatnet, med stikker på begge sider. Dette gjer ein ganske spesiell lengefølese, omtrent som ein motorveg. Fint her på fjellstasjonen, noko alla ei betjent turisthytte, men med liten butikk og sjølvhushald. Idag: ca 37km, 9,5 timar

(Det er problem med breogfjellsport.no for tida, men NPL-sidene ser ut til å virke. Jobber med å fikse problemet, men eg er ute å går Norge på langs og det byr på ein del utfordringar i det hensende…)

Paaskesol

08.04.2006 20:00

Sol og flott idag.Har gaatt over to store vatn,litt lengre enn ei alt rute,men delvis lite sno der.God paaske til dykk alle! Idag 39,5kn,10t!

Padjelanta

07.04.2006 19:00

Er i Padeljanta nasjonalpark.Fin dag med vekslande ver.Lite sno og avblaast,men ok pa ski.Akkajaure om ca 2 dagar.26km,8,5t

Sorjus

06.04.2006 23:00

Tok folge med Mads og Morten idag,god dyttehjelp opp dei brattaste kneikene!Fra 130 til 1000 moh.Telter ved Sorjus, her er ogsa NPL-jentene.16km,8t

Sulitjelma

05.04.2006 20:00

Ja, då var eg framme i Sulitjelma. I morges var det 15 kuldegrader, men sola varma godt ganske tidleg. Fin tur ned til Sulitjelma, spor i alle retninger, men eg kom meg forholdvis greit ned. Mindre snø og usikker is her i Sulitjelma, men kjempebra forhold i fjellet. I ettermiddag har eg handla for dei neste ti dagane og er klar til påsketuren mot Abisko. Imorgon bærer det oppover bokstaveleg talt, er nede på 130 moh og skal vel opp mot 1000 moh i løpet av eit par dagar. Idag: ca 20 km, 6,5 timar

For ein herleg dag!

04.04.2006 21:01

Solstrålene skinte ned i den ville Skaitidalen i morges. I den friske fjellufta var det ein fryd å skli oppover dalen. Fine spor, supert Swix blå-føre og nydelege, bratte fjellsider. Var innom den vesle og koselege Argaladhytta. Her var det verkeleg fint! Kun to sengeplassar, men praktisk innreda, så her får ein vandrar verkeleg god hyttestemning. Utpå dagen kom det litt skyer, men stort sett kunne eg gå i bare ulltrøya. Etter 8-9 kilometer over Balvatnet og litt til, så var eg på Coarvi-hytta. Klokka var nesten 17 og eg har bare sløva etter det. Fyrt i peisen, laga middag og til slutt hatt eit par osteskiver med steikt fenalår. Imorgon går turen ned til Sulitjelma, ca 18-19km ned dit. Idag: 26km, 7,5 timar

Trygvebu

03.04.2006 21:29

Dagen starta med ein tur opp på hotellet. Det har minka på frokost- og lunsjbehaldninga i det siste, så ein frokost med kjempestor nistepakke, var godt å få med seg. Ein i DNT-styret sendte også med meg ei sjokoladekake som kona hadde bakt til han . Dette kjem godt med, kan eta store mengder mat for tida, forbrenninga er på topp.

Litt over ti la eg i veg frå turisthytta i Lønnsdal. Første del var prega av glissen skog og mange små koller. Det var fine spor som stort sett fulgte sommarruta oppover. Over Vestre- og Austre Viskisvatnet og over Lifjellet ned til Graddis fjellstue. Eit par personar passerte eit stykke frå meg på veg motsatt veg, så då hadde eg fine spor å følge i nedkjøringa. Litt hardt med snødryss over, men det gjekk ganske fint. På fjellstua i Graddis var det folketomt, så eg fekk ikkje spurt om ruta vidare. Det endte med ein omveg gjennom eit hyttefelt og over eit juv på ei lita hengebru. Men det var ganske lettgått terreng. På vegen innover mot Skaiti var det godt snødekke, så det vart til at eg rusla innover denne. Ganske høge brøytekantar eit par plassar, 2-3 meter. Siste stykke nedover vegen til Trygvebu var litt bratt. Hytta er stor og fin og her er det også straum. Denne ganske så ville og lukka dalen har faktiskt ein eigen mobilsendar som står på kanten mot Junkerdalen. Det bur ikkje så mange her, men det er eit hyttefelt. Imorgon skal eg gå oppover Skaitidalen, forbi Argaladhytta og Balvasshytta til Coarvi-hytta. Derfrå er det ein kort dagsetappe ned til Sulitjelma. Idag: 28km, 8,5 timar

Polarsirkelen

02.04.2006 21:31

Det vart sein avgang frå Bolna idag. Fekk både frokost og varm lunsj ilag med dnt-styret. Takker for stor gjestfrihet!

Litt før kl 13 rusla eg oppover dalen. Rana turistforening sørga for å transportere pulken min til Lønnsdal, slik at eg slapp å krongle meg opp gjennom skogen med den. Opp til brøytestasjonen gjekk eg langs E6, men etter nokre kilometer spendte eg på skia og holdt meg på gamlevegen. Veldig fint å gå på ski innover dalen og det gjekk raskt på ganske hardt føre. Polarsirkelen vart kryssa og det vart feira med eit lite dykk ned i snøen med ansiktet - eit lite snøbad. Strålande sol og god temperatur, så eg vart fort varm igjen. Eit stykke før Lønnsdal tok eg igjen utpå vegen og rusla ned til Lønnstua. Veldig fin turisthytte som ligg like ved Polarsirkelen høyfjellshotell. Der oppe har eg vore å tatt ein dusj og kjøpt litt sjokolade. Imorgon går turen vidare over til Junkerdalen og eg håpar på å gå til Trygvebu i Skaitidalen. Idag: ca 30km, 6 timar.

Litt problem med å få lagra bildene eg sender for tida, så det kan henda at bildet av dnt-styret og kryssinga av polarisirkelen ikkje vises. Men isåfall skal eg prøva å få lagt dei inn manuelt om ikkje så lenge

Saltfjellet

01.04.2006 21:06

Det vart folksomt på Virrvasshytta igår natt - vart no påspandert middag og god drikke og det var ein triveleg kveld. Idag var vinden løya litt og turen over fjellet vart ganske fin. Sola kom etter kvart og føret var brukbart. Stort sett vindblåste snøklumpar, så fellane har vore på store delar av dagen. Bratt og vanskeleg nedkjøring til Bolna. Først var det ein bekkedal som var vrien, så venta ei bratt fjellside like ved E6. Med såpass skredfare som idag, så måtte eg leite litt etter ein passande veg ned. Kom ned ein bekkedal som var passe bratt og lite utsatt. Det er første april idag, så det er kanskje ikkje alle som trur at det som no kjem er sant. Iallefall så er heile sentralstyret til DNT - med Kristin Kron Devold i spissen - her på turisthytta i Bolna. Sjølv om det var stappfullt med alle desse folka, så var det bare å koma inn! Har fått servert ein kjempebra reinsdyrsmiddag og god kake til dessert. God stemning og trivelege folk. Stor takk til Rana turistforeing som vartar opp både meg og dnt-styret,og som er så behjelpelige på alle måtar!

Kristin K. Devold spøkte med at eg måtte reklamere litt for turistforeningen når eg fekk så god middag. Så oppfordringa blir som følger: MELD DEG INN I TURISTFOREINGNEN OG KOM DEG UT PÅ TUR! Du kan melde deg inn på www.turistforeningen.no

Imorgon skal eg prøve å nå Lønnstua og på vegen passeres polarsirkelen. Idag: ca 25km, 9 timar

Virvasshytta

31.03.2006 21:04

Opptil lien kuling idag,men bris no.Maske og briller ogsaa idag.Fin tur over fjellet og endel folk pa hytta.Fekk solid rype middag.22,5km,8t

Kvitsteindalstunet

30.03.2006 19:23

Bestemte meg eigentleg i går kveld for å gå nesten uansett værforhold idag. Det var varierande sikt, vekslande vind, opp til stiv kuling og sterk snøfokk imorges. Det tok litt tid å få pakka alt i pulken, men halv elleve var eg klar. Opp til Ivaskaret gjekk det rimeleg greit, sjølv om det var dårleg sikt og sterk snøfokk. Ned frå toppen av skaret var det ikkje så mykje å sjå, men så kom eg under skydekket og sikta vart betre. Skaret var ganske slakt på toppen, men bratt lenger nede. Her var det også isete med vindblåste skavlar innimellom. Ingen god kombinasjon når ein har med pulk. Pulken velta - og velta. Til saman iallefall 10 gonger. I den eine veltet knakk også ei av dei korte stengene, så nå blir det ny spjelk. Til slutt tok eg draget i hendene og manuvrerte pulken forsiktig ned. Det fungerte betrakteleg betre. Vidare mot Kviststeindalstunet var det bjørkeskogsterreng og det vart litt knot. Kom iallefall fram til hytta, som forøvrig ligg 200 meter unna plasseringa på gps-kartet. No har eg fyrt opp i ovnen og skal til å lage middag. Det er også mobildekning innandørs her, så nå slepp eg å gå ut i vinden. Det bles vel vekslande mellom frisk bris og liten kuling her. Ingen snøføyke og det ser bra ut for turen mot Virvasshytta imorgon. Frå laurdag av er det meldt om rolege vindforhold - det skal bli godt! Reknar med at det tar 5-6 dagar til Sulitjelma. Idag: ca 16km, 5,5 timar

Fortsatt sterk vind

29.03.2006 16:30

I åttetida idag blåste det like mykje som igår, austleg stiv kuling. Imiddlertid var det godt sikt, delvis skya og litt sol. Fann fort ut at vinden og snøføyka kombinert med 10 kuldegrader var ganske friskt. Kunne nok ha gått vidare, men såg ikkje heilt vitsen i å kave seg fram. Får ta det som ein liten påskeferie. Dagen er blitt tilbrakt her på Sauvasshytta, greit å slappe av, men er veldig klar til å koma meg avgårde snart. Satsar på å ta meg ned Ivaskaret imorgon, men værmeldinga er ikkje kjempebra akkurat. Været ute no er ein tanke betre enn i morges, men fortsatt kuling og snøføyke.

Sauvasshytta

28.03.2006 16:40

Vinden avtok ikkje akkurat i løpet av natta. Nede i Umbukta blåste det liten kuling og det var kolonnekjøring på E12 til Mo i Rana. Vurderte ei stund om eg skulle legga i veg og kom til det det nok skulle gå greit. Vindvotter, hals, ansiktsmaske og stormbriller måtte til med ein gong, utan dette hadde det vore uforsvarleg å ta seg fram. Det føyka godt med snø - på Jæren går det under uttrykket “rennedrev”. Men litt sikt var det no innimellom og kombinert med aktiv gpsbruk, så var det ikkje så vanskeleg å finne fram. Traff på ein snøscooter med med to karar, der han eine satt bakpå sleden. På god nordlandsdialekt fekk dei no sagt at det var blåste ganske friskt idag. Dei hadde vore på Sauvasshytta å rydda vekk gamlehytta. Sporet etter scooteren forsvann omtrent med ein gong, så det var lite hjelp i akkurat det. Nokre gamle spor kom tilnye innimellom - det synes eg er ganske greit, så veit eg at vegvalet mitt er sånn nokonlunde fornuftig. Til høgare eg kom, til meir blåste det. Eg var kanskje litt bekymra eit par gonger då dei sterkaste vindkasta kom farande, men det var ikkje problematisk å ta seg fram og eg har no gått i sterkare vind før. Likevel er det litt spesielt når ein går åleina i slikt vær. Såg hytta på ganske lang avstand, den ligg ganske høgt til i terrenget. Til opplysning ligg den nye hytta ca 100m frå plasseringa på kartet. Uaktuelt å gå vidare sidan eg rekna med at vinden i Ivakskaret var sterk og at det kom til å ta for lang tid å nå fram til Kvitsteindalstunet. Rana turistforening har verkeleg fått seg ei fin hytte her ved Sauvatnet. Ein Jøtul 602 N har heva temperaturen frå 4 til 25 grader i løpet av kort tid - enorm trekk i pipa! I gjesteboka stod det om mobildekning mellom hytta og uthuset. Ja, så då vart det lang melding med bilde, istadenfor eit par setningar sendt på satelitt-telefonen. Håper vinden løyer litt til imorgon og eg tenker då på å gå eit stykke mot Virrvasshytta, evt bare til Kvitsteindalshytta viss det mot formodning skulle blåse like mykje. No i ettermiddag og kveld har eg planar om å lesa litt i dei bøkene eg har med meg. Det er krim det går i (det er jo snart påske). Har både ei bok av Agatha Christie og ei av Jo Nesbø. Men først skal eg ut å få sendt denne meldingen, får hive på meg sko, jakke, briller og gå ut i vinden Idag: ca 11,5km, 5 timar

Umbukta fjellstue

27.03.2006 18:05

Seint i går kveld var det fantastisk nordlys! Det verkeleg dansa på himmelen og var eit flott skue. Imiddlertid var det kaldt å stå ute i stilongsen, så eg var snart tilbake i den varme posen igjen. Mildare på morgonkvisten, men vind av grad frisk bris. Var avgårde rett over ni og kom til fjellstua klokka ti. Her opna dei ikkje før 12 og eg som hadde tenkt å ta frokost, fylle vatn og få info om ruta før eg gjekk vidare. Så då var det like godt å ta ein kviledag, lenge sidan sist! (Til opplysning var det i Folldal) Fekk eit kjempefint rom til fjellvandrarpris. Så istaden for å gå i liten kuling på fjellet, har eg slappa av, sett på BBC-World og vaska ulltøy. Det er brukbare vérmeldingar framover, men kanskje litt vind imorgon. Går til Sauvasshytta og vidare til Kvitsteindalstunet imorgon. Idag: 3,5 km, 1 time

Flott og strevsom dag

26.03.2006 21:38

Det blåste friskt inatt, men på morgonkvisten roa det seg. Kikka ut av teltopninga og såg rett opp i dei flotte Okstindan! Makan til panoramautsikt frå teltet opp mot Nord-Norges høgste fjell, Oksskolten på 1916 moh. Strålande sol og ikkje ei sky på himmelen. Snakk om kontrast frå dagen i førevegen (Bildene er lagt ut i større format enn til vanleg)

Kom meg avgårde kl 11 ny tid og fann fort ut at det kom til å bli ein strevsom dag. Snøen hadde pakka seg ein del, men det var omtrent like tungt å få med seg pulken som igår. Grunnen var at snøen var ganske kram og at det øvste laget bremsa kraftig. Det festa seg også snø under pulken, men det tok litt tid før eg fann ut av det. Veldig tungt opp frå Grasvatnet mot Øver-Uman sjølv om det ikkje var så mange høgdemeter. Gjekk over på norsk side igjen og fann ut at det var passe og telta akkurat her, i sørenden av Umbukta. Idag: nesten 17km, 8 timar

Ikkje bare sol

25.03.2006 22:05

Tett snover inatt og formiddag.Ganske tungt i starten,lettare etter kvart.Telter syd for Grasvatnet.Idag 13km,6,5t

Steikvasselva

24.03.2006 22:31

Det vart ein lang og strevsom tur over Røssvatnet. Dagen starta med morgonsol og finvær, men utpå føremiddagen kom det sigande inn bygeskyer. Det kom tilsaman 5-10cm nysnø og skiføret vart ganske trått og tungt. Var ganske paff då eg kom hit til Steikvasselv. Har fått låna eit flott hus av dei trivelege folka på garden. Straumen har gått, så det har blitt brødmat ikveld. Idag: 35km, nesten 11 timar

Vidstrakt vatn

23.03.2006 21:49

Etter ganske nøyaktig 1 døgn i Hattfjelldal, så var eg på veg opp bakkane mot Røssvatnet. Pulken var godt lessa med mat for mange dagar, så tempoet var ikkje kjempehøgt. Eg gjekk i ei scooterløype og det var ganske greit, men litt småhumper nesten overalt. Traff på ein hyggeleg same gå scooter. Han stoppa og var interessert i å høyre om turen og planane vidare. Tørka reinsdyrskjøtt måtte eg få meg! Fekk tips om å stikke innom nokre greie folk han kjente til lenger nord. Røssvatnet er Norges nest største innsjø og eg kom no til slutt utpå. Eg gjekk eit stykke og fann ut at eg like godt kunne sette opp teltet der, sjølv om det fortsatt var lyst ein times tid til. Å telte på isen var vanskeleg pga lite snø og det var eit godt stykke over til land på andre sida, så då vart det ein tidleg kveld. Sol og fint også idag, kjøleg no ikveld. Testa ut å ha begge primusane igong samtidig idag. Skal sei det vart varmt då ja!

Imorgon skal eg prøve å nå Steikvasselv, men det er eit godt stykke. Idag: ca 15km, 4,5 timar

Hattfjelldal

22.03.2006 20:09

Tidleg idag var eg klar til å ta fatt på vegen ned mot Hattfjelldal. Pulken vart sendt med folket på Haugerud som skulle på jobb. Kjøleg var det i morges også, 22 kuldegrader i halv-sju tida. Med bare skistavar og dagstursekk gjekk det radig nedover dalen. Etter bare 5 timar var eg framme i kommunesenteret Hattfjelldal, med det karakteristiske Hattfjellet du kan sjå i bakgrunnen på det eine bildet. Pulken venta utanfor bakeriet og ein varm lunsj vart inntatt på Mix. Oppe på Børgefjell vertshus fekk eg leiga ei fin hytte og på Coop Marked fekk eg tak i det meste.Henta poste restante med nye kart og diverse anna eg har brukt for på den neste tida. I sportsavdelingen fekk eg tak i nye skistavar, det var absolutt nødvendig. Over 60 dagars bruk hadde verkeleg stavane fått kjørt seg. Nye Swix skistavar fekk eg på tilbud, så nå er det slutt på butte piggar for ei stund.

Du kan endå bli med på konkurransen. Quizen går fram til 30.mars og den finn du her

Imorgon går eg vidare over Røssvatnet i retning Steikvasselv. Reknar med å bruke omlag 10 dagar til Sulitjelma, alt etter vær og føre.

Susendalen

21.03.2006 22:19

Fine dager på “loffen i Børgefjell”. Er glad for å ha fått oppleva slik fin natur. Ganske aude også, traff ingen andre. Været vart betrakteleg betre enn venta, stort sett solskinn heile dagane. Relativt kjølege temperaturar dog, speisielt om natta, men også på dagtid.

Rutevalget mitt ned frå Børgefjell var nok litt lite gjennomtenkt. Eg kunne ha tatt ei rute som var 15-20km kortare viss eg bare hadde undersøkt litt. Det viste seg at ein burde gå ned til Øyum, istaden for Sjånes/Kroken heilt inne i Susendalen. Når det er sagt, så var eg ganske heldig idag. Ferske ski og scooterspor heilt ned til Sjånes og brukbart føre på vegen. Lenger nede i dalen var det nesten bart, så eg bestemte meg for å prøve å sende pulken innover til Hattfjelldal. Då eg kom til Haugerud fekk eg lånt meg ei hytte og samtidig fiksa transport av pulken til Hattfjelldal imorgon tidleg

Legger ved nokre bilde. Idag: ca 35km, 8 timar

Under Kvigtinden

20.03.2006 22:15

Sol og flott utsikt til mektige Kvigtinden i heile dag.Lav temp dag og natt.Er ved Tiplingelva,spor i retning Susendal imorgon.25,5km,9t

Gaukarvatnet

19.03.2006 21:58

Fint innover Viermadalen,lettgaatt og har fulgt svake spor.Bedre ver enn meldt,kaldt no ikveld. Idag :23km,8,5t

Viermadalen

19.03.2006 14:51

Børgefjell - woohoo! Blå himmel, sol og bris. Utruleg flott! Har hatt lunsj på Viermahytta og går no oppover Viermadalen.

Husk å svare på konkurransen! Den finn du her Kanskje litt vanskeleg, men det er bare å tippe. Fin premie.

Tok vel ikkje med at eg gjekk ca 22km igår, 5 timar utanom pausen i Røyrvik

Namsvatnet

18.03.2006 20:36

Vinden auka på i går kveld og etter å ha blitt underholdt av Radio Lierne til langt på kveld, så måtte eg ut å sette opp fleire bardunar. Vinden kom sidesvegs på teltet, så då bør det iallefall vera 2-3 bardunar på kvar side.

Idag gjekk eg vidare på Limingen fram til Røyrvik. Var litt skeptisk til isen i det som var markert med namnet “Sundet” på kartet like ved Røyrvik. At det er elveutløp og eit kraftverk like innanfor gjorde det ikkje betre. Her var det ope vatn, men ingen problem å gå på det som no er land på grunn av nedtapping. Isen var ellers god og det plar den også vera ifølge lokalkjente.

I Røyrvik tok eg ein lang pause. Var innom butikken og bensinstasjonen. Jammen hadde dei ikkje 4-takts miljøbensin også, så nå har eg iallefall nok for ei stund. Fekk også snakka med ein som var kjent i området. Han kunne fortelja at isen på Namsvatnet var heile 70cm tjukk, men at det som vanleg var ope vatn i området som på kartet er markert med Tjåelmie. Men det var bare å følga scooterløypa på land, den gjekk forøvrig nesten heilt til Viermahytta.

Rusla vidare oppover langs vegen til Namsvatnet. Sidan det hadde kome litt snø inatt, så var det greit å ta seg fram. Litt hardt for føtene å gå på snø/asfalt, så akkurat det kjennes. Sidan det er utanfor sessongen, fekk eg lov til å overnatta på eit ope rom som tilhøyrer Røyrvik fjellstyre. No er det snart middag og så har eg litt laurdagsgodteri liggande.

Imorgon går eg over Namsvatnet til Viermahytta og sikkert også eit godt stykke vidare viss været er bruktbart.

Utsikt ut over Namsvatnet

Halvegs

17.03.2006 22:10

Ja, no er eg nok halvegs på ruta mellom Lindesnes og Nordkapp. Teltet er satt opp ute på ein odde på Limingen, ein diger innsjø. Snart skal eg lage osteskiver, det skal bli godt!

I formiddag kom eg meg enkelt til Tunnsjø senter. Dessverre ser det ut til at denne bygda mister butikken, det var iallefall stengt og opphørsalget skulle starte over helga. Vidare tok eg vegen, men det var mange bare parti, så det vart litt knotete å ta seg fram. Ned til Limingen var det scooterspor. Isen på denne enorme innsjøen er god, ope akkurat ved tunnellinntak rett sør om gården fjellvang. Vidare har eg traska på innsjøen og det har gått greit. Går inn til Røyrvik imorgon og sikkert eit stykke vidare Idag: ca 31km, 8,5 timar

Trivelege folk

16.03.2006 22:52

Den trønderske gjestfriheten er stor og som nevnt igår, så fekk eg overnatta hos ein hyggeleg familie i Nordli. Takk til Arnstein og Berit i Granbakken! Idag starta eg i løypa til flyktningerennet, eit turlangrennsløp.

Klarte å kome innpå eit feil spor, så eg måtte litt tilbake igjen, men det var ikkje så altfor langt. Over mot Kvea tok eg ned på vegen og det gjekk greit der

Kve-bua

Stakk innom Kve-bua, den lokale butikken og møteplassen for dei rundt 140 innbyggerane i bygda Kvea. Her vart eg budd på kaker og kaffi i “Kaffekroken”, ei flott stue med sofa og bord som var innreda med villmarkspanel inne i butikken. Her kom folk for å ta lunsjen og treffe sanbygdingar. Eigentleg ganske genialt opplegg å kombinera butikk og ein slags uformell “cafe”. I rolege periodar dreiv innehavaren å laga ullprodukt. Eg fekk med meg eit par tjukke ullsåler, det ga han til alle NPLere som kom forbi. Han hadde også ei gjestebok spesielt for Norge på langs farande og det viste seg at mange hadde vore innom. Etter ein og ein halv time rusla eg avgårde igjen.

Vegen over mot Tunnsjø senter var stor sett bar og eg måtte gå litt i brøytekanten. Over på svensk side kom eg inn i snøscooterspor og eg følgde desse vidare. Det er ein god del lengre enn vegen, men det er absolutt betre enn å kave seg fram i grøftekanten. Har telta litt opp av Kvarnbergsvattnet og skal imorgon først gå til Tunnsjø senter og så vidare til Limingen og Røyrvik Idag: ca 35km, 10 timar inkludert pausar

Framme i Nordli

15.03.2006 14:02

Kjøleg inatt, men fin morgonsol då eg pakka ned leiren. Så har eg fulgt brukbare ski- og scooterspor heilt ned til vegen. Her gjekk eg i vegkanten ned til Laksjøen og over denne til Nordli. Her vart eg møtt av ein kar som ofte snakka med npl-farande. Eg kunne få overnatte hos han, det var ingen problem. No har eg bestilt mat på Li-Vert’n som ligg vegg-i-vegg med kommunehuset. Etterpå skal eg bort på Ica for å handle og hente pakke med nye kart og diverse. Imorgon går turen vidare i retning Røyrvik. Ikveld skal eg skriva meir om desse flotte dagane eg har hatt i Nord-Trøndelag! Idag: ca 15km, underkant av 4 timar

Mot Nordli

14.03.2006 22:11

Dagen starta med 400 høgdemeter oppover, men det var spor eit stykke. Litt knot med å ta seg ned i Fossdalen, delvis hardt føre og lite snø. Vidare gjennom skogsområder. Også her litt roting for å koma fram. Kom til slutt innpå skispor og då gjekk det kjapt vidare. Slo opp teltet kl 19. Det er ca 14-15km til Nordli, spor og lett terreng i den retningen. Rauk ein wire på Riva3 bindingen idag. Måtte skifte heile greia sidan det satt bom fast. Flott måneskinn ute no, er vel snart fullmåne. Lyser godt opp i teltet. Idag: 27km, 9,5 timar

Mot Berglia

13.03.2006 22:16

Det var utruleg fint på Gjevsjøen, ein fjellgård opp av Snåsa. Folka som bur der er trivelege og greie. Etter ei god natts søvn, var eg klar til å gå mot Berglia. Solskinn også idag, men ein del vind av varierande grad. Vekslande føre, så eg gjekk med feller ganske lenge. Litt tett skog nokre steder og det tok litt tid å ta seg fram der. Er nokre km frå Berglia og satte vel opp teltet i halv åtte tida.

Meir om Gjevsjøen når eg kjem til Nordli. Idag: 30km, 7,5km

Bilder i album

13.03.2006 15:26

Har lagt ut masse nye bilder i bildegaleriet. Disse er en samling av bilder fra de 4 siste etappene. Altså fra Tyinkrysset til Tevletunet.

For å se bilder

Thomas

Gjevsjoen

12.03.2006 23:22

Kom i skumringa fram til Gjevsjoen etter ein roleg og flott dag pa ski. Veldig trivlege folk her! Idag 30km, 9 timar

Flotte dager i fjellet

12.03.2006 16:25

Etter eit fabelaktig opphold på Gaundalen fjellgård, er eg no på veg til Gjevsjøen. Har hatt ein times lunsj ved Holderen i det svært så fine været. Sol, blå himmel, vindstille, -2 grader i skyggen og temmeleg varmt i solsteiken. Legger ved litt bilde - mykje meir kjem seinare

Fantastisk flott

11.03.2006 19:53

Vakna til varmande solskinn og ikkje eit vindpust.Labba bort til Gaundalen utan jakke.Flott natur og greie folk her pa garden.15km,5,5t

Flott dag

10.03.2006 21:22

Kjempegod frokost pa Sveet, takk for oppholdet!I solskinn og i spor til Lakavatnet midtvegs til Gaundalen fjellgard.Idag: 18km,litt over 6t

Sveet gjestgiveri

09.03.2006 22:09

Var ganske sliten då eg kom til Sveet gjestgiveri i Vera. Dette må vel seiast å vera ein klassisk NPL-stad og mange har tatt seg ein kvil her. Dei som driv stedet - og gården - er svært så hyggelege. Har ei hytte for meg sjølv og no etter ein varm dusj, så har det blitt laga middag til meg. Elgkarbonader og fromasj til dessert smaka kjempegodt! Eg er forøvrig den einaste gjesten idag.

Dagen starta med flott morgonsol som skein på teltduken. Det blafra litt i teltduken og varierande vind har det vore i heile dag. Litt kjøleg då eg stort sett gjekk på ski eit lite stykke frå vegen, opptil frisk bris. Sandvika låg i le for vinden og i solskinnet var det varmt. Gjennom spredt skogsterreng over til Vera. Gode spor i starten, litt meir gjennføyka i høgden. Fint terreng å gå i, men litt kronglete der skogen er tett. I morgon går eg mot Gaundalen fjellgård, men det er nok for langt å ta det på ein dag. Idag: ca 31km, 9 timar

Skallsvattnet

08.03.2006 23:04

Dagen starta i tåke, men det letta og vart sol seinare. Tok ruta over fjellet eit stykke nordover, istaden for å gå i scootersporet. Fine forhold! Imorgon går turen tilbake til gamlelandet og vidare mot Vera. Idag: ca 28 km, 8 timar

Leirbaal

08.03.2006 20:09

“Bålets flammer stiger høyt mot sky, her i skogens ly vi glemmer slit og bry, mens nattehimmlens stjerner titter frem, våre tanker går på vandring hjem!”

Over svenskegrensa

07.03.2006 21:28

Venta i formiddag på at postbudet skulle koma med pakke til meg, så eg kunne ta det ganske med ro. I den flotte og store hytta eg hadde fått låne på Teveltunet, kunne eg verkeleg slappe av. Gjorde også litt fornuftige ting, f.eks ved å fikse litt på Bergansbuksa mi. Brukte nesten ein heil nylonlapp for å lappe og forsterke svake område. Fiksa også den eine bukseselen som var laus. Dei nye fellane mine kutta eg til, så nå skal det bli godt feste i oppoverbakkane!

Utpå dagen kom postbudet og eg kunne pakke ned tinga i pulken. Då eg skulle gå, forslo den svært så hyggelege innehavaren av Teveltunet at han kunne ta med seg pulken eit stykke. Han skulle uansett fylle bensin på snøscooteren i Storlien. Snakk om service! Takkar og bukkar for slike hjelpsomme folk. Eg kunne difor sprinte avgårde med bare dagstursekken og det gjekk unna. Var over til Storlien på “no time” og stakk innom Konsum, daglegvarebutikken. Handla brød og diverse, men hadde det meste som trengtes for turen frå før av. Gjekk så opp ein slak stigning opp til Åhlenstugan, ei lita hytte som står open og som brukes som vindskydd for fjellvandrarar. Etter ei stund kom innehavaren av Teveltunet på snøscooter med pulken på slep. Det viste seg imiddlertid at spada hadde losna, så han måtte ut å leite etter den og med det samme skulle han ned til Storlien for å fylle bensin. Litt seinare kom han tilbake med - ja ganske riktig - snøspada mi og i tillegg ein sekk med ved! Så nå har eg fått fyrt opp i denne vesle og koselege hytta, varmt og godt her inne. Imorgon fortsett eg mot Nordre Rensjøen.

Viss ein er på desse kantar, så er kan ein altså stikke innom Teveltunet, eit flott hotell/fjellstue med fleire store hytter i tillegg. På nettet: www.teveltunet.no

Idag: ca 9km, 3 timar inkludert stopp i Storlien

Teveltunet

06.03.2006 23:00

Vakna opp til ein ny flott dag i Sylan. Sola var tidleg oppe og det var nesten vindstille då eg gjekk frå Storerikvollen litt over halv-ni. Termometeret viste 15-16 kuldegrader, men i solskinnet var det til tider varmt. Vidstrakt utsikt i alle retningar og glinsande snøkrystallar då eg kom litt opp i høgden, utruleg flott. Måtte til med litt solfaktor idag, sola tar meir og meir kjenner eg. Det skulle visa seg at turkartet “Sylan” ikkje er heilt på topp alltid. Først va ei skiløype teikna inn som definitivt ikkje eksisterte, tok difor ein lokal veg 2-3 km. Den siste mila mot Teveltunet starta bra, det var fine spor og bra føre. Lenger oppe førte både merking og spor i ein annan retning enn det kartet tilsa. Tydelegvis nokon ny og gamal merking som er miksa isaman (permanent vintermerking). Ned til Teveltunet var det skog og kuppert. Heldigvis var det ganske ferske skispor, ellers hadde det vore vanskeleg å finne fram. Ganske heftig nedkjøring var det når eg hadde ein pulk på slep! Det gjekk no brukbart og eit stykke nedover skogen kom eg innpå ei skiløype. Heile denne delen av ruta var svært så missvisande på kartet! Kom til hotellet og hyttene på Teveltunet i halv-åtte tida, men fann først ikkje dei to hyttene som er sjølvbetjente turisthytter. Så var det litt knot med å få opp låsen og inne var det kjøleg. Prøvde å slå på panelovnen og lyset, men straumen var tydelegvis ikkje tilstades. Ringte difor til innehavaren av Teveltunet og han kom sporestraks og innlosjerte meg i ei stor og varm utleigehytte. No har eg hatt middag og slappa av. Håper pakken med nye kart og diverse kjem imorgon. Idag: minst 33km, 10,5 timar

Storerikvollen i Sylan

05.03.2006 21:43

Tok ein litt roleg dag. Starta i ellevetida frå Nedalshytta og gjekk først ned til Nedsjøen. Fulgte denne innsjøen til Esandsjøen og vidare bort til turisthytta Storerikvollen. Flatt og fint og kjempegod utsikt opp mot toppane i Sylan-masivet. For ein gongs skuld var også vinden i ryggen, så den kalde brisen kjentes knapt nok i solskinnet. Omlag 12-14 kuldegarder midt på dagen og 19 kuldegrader no ikveld. Håper å gå heilt til Teveltunet imorgon, ca 32km, så eg planlegg å starte relativt tidleg, kanskje i åtte-tida.

Det er idag den 50.dagen på tur! Då er eg omtrent haldvegs tidsmessig, sjølvom eg ikkje er halvegs i distanse. Dagane bare flyr avgårde og det føles som om eg har vore på tur i bare 2-3 veker. Håper på at dei 50 neste dagane skal bli like innhaldsrike og flotte som dei 50 første!

Det var alt frå ei koseleg og varm turisthytte i Sylan. Og at eg er nær Sverige merkes godt; denne meldingen går via mobilnettet til “søta bror”. Idag: ca 21km, 6 timar

Sylan-bildespesial

05.03.2006 21:22

Sidan det idag er den 50.dagen på tur, så må eg nesten vise nokre ekstra bilde frå ein flott dag i fjellområdet Sylan

Vi starter i dag morges med morgonsol på Nedalshytta

Ute på Nesjøen og Esandsjøen var det flott utsikt til den høgste toppen i Sylan-masivet; Storsylen på 1762 moh. Toppen ligg akkurat på grensa mellom Norge og Sverige.

Eg avsluttar denne bildespesialen med å vise kveldstemninga her på Storerikvollen tidlegare ikveld.

Nedalshytta

04.03.2006 22:27

Litt på veg og litt i skiløype ned til Stugudal. Inatt var det omtrent 17 kuldegrader ifølge lokale folk, omtrent det samme no. Handla litt på Stugudal landhandel og bestemte meg for å gå 15 km opp til Nedalshytta. Litt omveg, men følte for ei natt på hytte. Tok litt tid innover, treigt føre og smørmingen gjekk fort av. Det blåste også frisk bris etter kvart og då vart det kjøleg! Kom til hytta like før 19.30 og då var det nesten mørkt. Hytta var god og varm, 3 hyggelege studentar var her allerede. Idag: 29km, 9 timar

Mot Sylane

03.03.2006 22:49

Tok ein roleg formiddag og gjekk vel frå teltplassen i halv-tolv tida. Etter nokså nøyaktig eit døgn, eller omlag 1% av npl-turen, så returnerte Alexander tilbake til Røros og seinare på dagen med tog til Trondheim. Kjempekjekt med litt besøk på turen!

Eg tok ut på innsjøen Aursunden og gjekk ein del kilometer på denne, før eg tok opp på vegen. Så har eg traska i vegkanten heilt opp hit eg er no, omlag 14km sør om Stugudal. Ikkje like kjøleg ikveld i forhold til dei siste dagane, det har nok med at det skya litt til.

Imorgon går turen først til Stugudalen og Væltarstugu/Tydal hotell. Her skal eg innom ein liten tur for å kjøpe nokre småting. Reknar meg at eg går eit stykke vidare, kanskje opp til ei turisthytte. På mandag eller tirsdag kjem eg forhåpentlegvis til Teveltunet, like ved grensa til Sverige. Her skal eg henta ein pakke med kart og diverse for den neste etappen. Går kanskje innom Storlien og iallefal bærer det inn i Sverige eit stykke. Krysser så tilbake til Norge og går vidare i Nord-Trøndelag til Nordli

Det er bra med snø og skiføret er ganske godt. Reknar med at det også er ein del spor i Sylane fordi det er vinterferietid i trøndelag denne veka.

Idag: ca 28km, 7timar

Aursunden

02.03.2006 21:28

Starta dagen med ein runde i gatene i Røros for å proviantere og få tak i diverse nødvendige ting. Alexander kom med toget litt over tolv og vi gjekk frå sentrum litt over ett. Fine og preparerte spor over fjellet. Kom ned til innsjøen Aursunden i skumringa og har satt opp teltet på eit jorde. Kjølig vær for tida, sikkert 15-20 minusgrader utanfor teltet, varmt her inne. Imorgon går turen mot Stugudal og Tydal, mens Alexander går tilbake til Røros. Idag: 17 km, 5,5 timar

Bergstaden

01.03.2006 20:16

Starta klokka ti idag og gjekk stort sett til fots på ein brøyta skogsveg til Dalsbygda. Handla lunsj på butikken før eg gjekk vidare. Ganske drøy tur inn til Røros. Tok ein liten veg som til slutt enda opp i enden av flyplassen. Omtrent kl 18 kom eg inn til sentrum og tok ein runde der før eg tok inn på Erzsheidergården, ein overnattingsstad i gamal stil. No er eg på ein italiensk resturant og skal få meg litt mat. Imorgon kjem Alexander (ein kamerat) med toget hit og blir med til fredags morgon. Mange ting å ordne før avgang, så det drøyer nok litt utpå dagen før vi går. Idag: minst 30km, 8 timar

Nord for Vingelen

28.02.2006 22:22

Det har vore ein fin dag. Skyene har holdt seg unna og det var sol store deler av dagen. Ganske kaldt var det til tider, sjeldan eg blir kald medan eg går, men idag vart eg det. Oppkjørt løype omtrent halvegs frå Tynset til Vingelen. Ruta gjekk opp i 1000 meters høgde og det var fin utsikt. Stoppa litt på butikken i Vingelen og gjekk så vidare på ein veg til eit steinbrudd. Gjekk eit par km lengre og slo opp teltet. Vidare over til Dalsbygda ber det på småvegar og det er ca 25-30 km til Røros. Litt kjøleg ikveld, men har det bra i teltet. No er eg trøtt, så eg får avsluta før eg sovner. Idag ca 30km, 9 timar

Tynset

27.02.2006 21:42

Det var langt på dag då eg gjekk frå Savalen. Fulgte småvegar ned til Tynset og fann ut at eg like godt kunne overnatte der sidan det lei på kveld. Billig og bra rom på campinga og her har eg fått god guiding på ruta vidare. Går mot Vingelen og Dalsbygda delvis i skiløype. Det er litt over fem mil til Røros, så det blir nok onsdag eller torsdag. Idag: 19km, 5 timar

Spa-spesial

27.02.2006 13:40

Etter å ha satt opp teltet nede ved eit vatn igår kveld, tusla eg opp til hotellet på Savalen for å finne utav ruta vidare. Savalen spa og fjellhotell var utruleg flott. Og så vennlege folk! Dei ringte og styra for å forhøyra seg om ruta og eg fekk både kaffi og lunsj. Då eg vart tilbudt ein tur i spa-bassenget kunne eg ikkje sei nei. Ein time i basseng og boblebad gjorde underverker! Takk! Traff også ein tidlegare npl kar som hadde mykje å fortelja. No er eg på veg mot Tynset

Savalen

26.02.2006 21:56

Overnatta på Romsdalssetera i Einunna dalen. Takk til 3 Folldalinger på tur! Einunnadalen er forøvrig norges lengste seterdal og omtrent 25 setere er i full drift om sommaren. På Romsdalssetera var dei i gong med å lage til ein serveringstad med bl.a. produkter frå omkringliggande setere.

Romsdalssetera i Einunnadalen

på morgonkvisten idag var det snøføyke og sterk vind. Ut over formiddagen letta det litt. Glimt av sol innmellom, men stort sett lett snøfall og varierande vind. Fulgte Einunnadalen nedover og tok over Markbulidammem. Vidare mot Savlen tok eg småvegar og det var godt føre for ski, men ikkje så bra for bilar. Kom til hyttefeltet ved Savalen i 19 tida og er no i teltet. Idag ca 24km, 8 timar

Feil på side

26.02.2006 20:04

Det er problemer med noen av undersiden: Ruta, Utrustning,om meg. Dett vil bli fiksa så snart som mulig. Hvis jeg finner problemet!!

Thomas

Einunnadalen

25.02.2006 22:30

Hadde ein fin tur over fra Folldal inn Kakkeldalen. Svært vekslande vér, snøføyke i det eine øyeblikket, sol i det andre. Nede i Einunnadalen traff eg på 3 folldølar på tur. Har fått både middag og overnatting på Romsdalsstølen eit stykke ned i dalen. Går imorgon mot Savalen istaden for Gløta. Idag 24 km, 7,5 km

Folldal fjellstue

24.02.2006 21:01

Har ein ekstra dag her på den flotte fjellstua. Video kjem seint ikveld

Folldal

23.02.2006 16:48

Skyene letta då eg idag gjekk frå Dørålseter rett over halv ti. Veldig mildt, 3-6 grader, meir i solskinnet. Rød swix satt nokonlunde og det var spor heile vegen. Etter ei mil på veg er eg snart på Folldal fjellstue. Fin utsikt tilbake mot Rondane (bilde nedst). Meir kjem ikveld

(ca 23km, 6,5 timar)

Over stokk og stein

22.02.2006 21:19

Ganske avblåst over fra Rondevassbu. Er pa Dørålseter og går til Folldal imorgon. Ingen bilder pga feil i mobilnettet. Idag 16km, 6t

Rondvassbu

21.02.2006 22:12

Kjempedag i fjellet.Er pa Rondvassbu og har det godt og varmt.Idag 17km,5,5t

Rondane bildespesial

21.02.2006 15:45

Rondane

20.02.2006 20:58

Strålande sol idag. Starta dagen med egg og bacon til frokost. Etterpå var eg borte på Kiwi for å hente pakkar og handle. Fekk satt på ny wire i draget på pulken, så no er den heilt iorden. Gjekk frå den koselege kroa i 13-tida. Istarten gjekk det greit å gå på vegen, men då det vart brattare, så var det mykje sand og stein ilag med snøen. Prøvde å gå i grøftekanten, men der var det skrått og pulken ville bare venta. Då stigningen var ferdig, venta fine løyper og god utsikt til dei flotte Ronde-toppane. Bildet viser utsikten til desse. Måtte skifte wire på skibindingen idag, det er ikkje så uvanleg at slike må skiftast etter ei tid. Teltet er slått opp ved Furusjøen, ein kilometer frå Rondablikk. Det er fine løyper innover fjellet og véret skal visst fortsetta å vera godt, så det blir nok fine dagar over mot Folldal. Idag: 14km, 4,5 timar (600 høgdemeter oppover)

Mors kro i Kvam

19.02.2006 15:39

Fin skiløype nokre kilometer nordover frå Vinstra. Gjekk så langs vegen og det var stort sett nok snø, men enkelte bare parti. Då eg kom til Kvam litt over kl 13, gjekk eg inn på “Mors kro”. Her var det både god mat og eit utmerka rom til ein rimeleg penge. Slapper av og kjem til å skrive meir seinare. Idag: 10 km, 2,5 timar

Vinstra

18.02.2006 22:24

Betre føre idag og etter nokre kilometer var det brøyta. Kom i 15-tida til den idylliske bygda Skåbu. Har så holdt meg på rv 255. Stort sett snødekke og det gjekk utruleg fort langs vegen. Måtte nesten heilt ned til Vinstra for å finne ein grei teltplass. Ganske kaldt for tida, både igår og idag har eg vore kald på føtene. Idag var skoa ekstra stivfrosne og eg måtte jobba veldig med tærne før eg fekk litt varme. Har muligens fått ei lita blemme på venstre storetå, men trur ikkje det er noko særleg å bry seg med då det er overflatisk. Kjem kanskje til å bytte over til Varg Polar skoa ein periode, dei har innersko. Bare litt over ei mil til Kvam og der satsar eg på å ligge inne ein stad. Idag ca 38 km, 9,5 timar!

Austover

17.02.2006 21:46

Starta ikkje før i ellevetida idag. Det var fortsatt ein del skyer, men det såg ut til å lette. I løpet av natta hadde det kome endå meir snø i tillegg til alt som var frå før av. I all laussnøen vart det litt kav med pulken og det gjekk temmeleg seint framover. Heldigvis følg eg no ein nedsnødd veg, det hadde vore vanskeleg ute i skogen. På slike dagar som dette hadde forøvrig sekk vore å foretrekka. Kom meg ca 10 km avgårde i ganske flatt lende, men skal imorgon litt nedover. Trur eg kjem inn på brøyta veg eller iallefall snøscooterspor i løpet av morgondagen, så då går det nok raskare unna. Vèret er ganske bra og meldingane framover er også gode. Ikveld har eg fått med meg både dagsrevyen og OL-studio på mobil-tv, så eg får følgt med både på nyheter og OL i Torino. Viss nokon lurer på kva som var til middag idag, så var det Stroganofgryte og ris. Ganske bra middag det. Idag: nesten 10km, 6,5 timar

Sikkilsdalen

16.02.2006 21:20

Ja, no er eg like ved Prinsehytta i Sikkilsdalen. Ser ikkje ut til at nokon i kongefamilien er på hytta for tida, det er vel kanskje litt tidleg på vintaren endå. Det er iallefall her Kongen og resten av familien plar vera i påsken. Inatt kom det mykje snø, sikkert 30-40cm og det har snøa jamnt og trutt i heile dag. Dei første kilometerane var det spor og opp til Sikkildalsskaret var det kvista. Her var imiddlertid snøen relativ djup, så det tok tid å koma seg opp dit. Takk til to danske skiturister for tips om kor kvisteløypa mot skaret tok av (mange løyper og litt forvirrande skilting). Frå skaret og nedover gjekk det veldig greit, men her var det endå meir snø, over ein meter nysnø! Fulgte eit lite bekkefar nedover og det var uproblematisk. Vidare over Sikkildalsvatnet og fram til Sikkildalssetera vart det ganske tungt å tråkke spor, så det gjekk ikkje så raskt. Tendes til dårleg is der kvisteløypa er markert på kartet like før prinserhytta (utløp). Klokka var nesten blitt seks før eg satte opp teltet, eit par hundre meter frå Prinsehytta og like ved Sikkildalssetera. Idag har eg vel for første gong på turen klart å havne lenger sørover igjen. Omtrent 900 meter lenger sør enn Gjendesheim. Forklaringa ligg i at eg no går nesten rett austover, for så å dreie meir mot nord-aust seinare. Dette har samanheng med at eg etter kvart skal vidare i fjellstrøka mot svenskegrensa. Imorgon går turen vidare slakt nedover ein veg som ikkje er brøyta. Så er planen å gå mot Vinstra og vidare mot Kvam. Idag: Hytta på bildet er Gjendesheim. Pulkbildet er tatt i nedkjøringa frå Sikkildalsskaret. Idag ca 14km, 8 timar

Gjendesheim

15.02.2006 22:05

No er eg på Gjendesheim turisthytte. Den er eigentleg ikkje open, men eg fekk overnatte likevel. Takk til vertskapet her på Gjendesheim, Bjørg og Olav Gaute Vole! Men no først litt om turen frå Tyin. Igår var vèret litt skiftande, stort sett overskya, men også glimt av sol innimellom. Det var gode snøscooterspor over Tyin og ned til Eidsbugarden og føret var bra, så det gjekk ganske raskt. Då eg nærma meg Fondsbu, så såg eg plutseleg ein grå skygge lågt over innsjøen Bygdin. Det viste seg å vera eit fly og eg trur det var ein av forsvarets Falcon jets. Iallefall så dreiv det nok med såkalla taktisk flygning, kanskje bare 150-200 meter over bakken og under det ganske låge skydekket. Nesten utan noko særleg lyd, så svinga det brått og forsvant innover truleg innover Koldedalen. Ganske tøft å sjå, men fekk ikkje tatt bilde fordi eg opna feil lomme. Vidare frå Fondsbu/Eidsbugarden var det kvista over Bygdin og opp Høystakka. Vidare innover var det lett å følga vardane, ikkje særleg mykje snø. Nedkjøringa ned Veodalen huska eg frå tidlegare at var ganske slak og fin. Det var den også no og mens det byrja å mørkne, så for eg nedover på fint føre. Nede i skogen ved Gjendebu var det lite snø, men eg kom meg greit ned til hytta. Sjølvbetjeningskvarteret var ikkje av særleg høg standard, men det vart no godt og varmt inne iallefall, ikkje gale bare det. Vanskeleg å få inn Kvitsøy på mellombølge for tida og på fm-båndet var det bare støy. Etter ei stund klarte eg likevel å få inn P3 sånn nokonlunde. Var litt spendt på vèrmeldinga, så eg fekk den tilsendt på satelitt-telefonen. Ikkje så altfor bra, men idag såg det ikkje så alfor galt ut frå morgonen av. I ellevetida la eg ut over Gjende. Etter kvart blåste det meir og meir og snøen lava ned. Til slutt måtte ansiktsmaske og stormbriller på med hetta godt snørt igjen. Vinden kom ned over fjella i vindråser og nokre vindkast var ganske kraftige. Liten kuling på det jamne og stiv kuling i kasta. Sikta gjekk også drastisk ned og gpsen måtte fram for å halde retninga. Orienteringa var veldig enkel fordi eg jo gjekk på ein langstrakt innsjø med bratte fjell på begge sider, bare å halda seg midt på omtrent. Heldigvis kom eg inn på nokre breie snøscooterspor som bare delvis var gjennblåst og det gjekk raskare å gå langs desse. Nærmare Gjendesheim var det også delvis kvista og vinden avtok fordi det låg meir skjerma av fjella. På Gjendesheim såg eg lys i hytta og eg tok turen bortom. Det viste seg at hytta ikkje var open, men at ei gruppe danske vinterferiegjester hadde leigd heile Gjendesheim. Eg fekk heldigvis lov til å overnatte, så nå har eg slappa av med luksus som innlagt vatn og straum. Har blandt anna sett litt mobil-tv frå OL. I morgon går eg ut av Jotunheimen og inn i Gausdals Vestfjell, eller Huldreheimen som det snart skal heite. Ruta går over Sikkildalskaret til Sikkilsdalen og prinsehytta. Det er her kongefamilien plar feriere i påsken. Trur ikkje det er så veldig vindutsatt, så eg kjem meg nok over. Passer meg alltid for skredfare, den er nok aukande etter snøfallet og vinden idag. Har fått med meg at det er meldt om stor skredfare i Jotunheimen, men dette er svært generelt. Ruta over til Sikkilsdalen er lite utsatt, det er ei kvisterute, men den er nok ikkje kvista no tenker eg. Vidare kjem eg som nemnt til å gå ei noko justert rute mot Kvam. Satser på å gå i nærleiken av rv 255 mot Vinstra og på småvegar fram til Kvam. Vel, det var alt for idag. Lite med bilde idag, det var for mykje vind og for dårleg lys til at det vart mobilbilde. Idag: ca 15km, 7 timar

Jotunheimen

14.02.2006 20:49

Kjempefore og spor over Tyin og Bygdin.Oppholdsver og lite vind.Kom fram til Gjendebu i skumringa kl 1830.Ikkje spor siste 8km.Idag 27km, 7,5t

Flott dag

13.02.2006 21:46

I halv-ti tida gjekk eg frå Sulebu mot Tyinkrysset. Dei to andre npl-karane vart verande på hytta fordi Rolf Erik hadde ein stygg hoste. Får håpe det går fort over! Nedover mot Telnefjorden var det preparerte spor og det gjekk raskt unna. Etter ein ganske grå dag igår, var det flott med sol og blå himmel. Bra føre for å kjøre nedover for tida, så det gjekk greit ned dei relativt bratte bakkane ned til sjølve Tyinkrysset. På Tyinkrysset fjellstove fekk eg både tatt ein dusj og lada opp mobilbatteria. Pakken med reservedeler til pulken, samt meir mat, låg også å venta. Ein stor takk til Tyinkrysset fjellstove for utmerka service! Eg var også nede på Filefjell kjøpesenter, som kun har ein butikk, for å handle litt småting. Dessverre fekk eg ikkje tak i miljøbensin, så lampeolje (parafin) vart alternativet. Då eg skulle montere det nye staget på pulken, knakk wirefestet. Dette festet var litt bøyd etter den same hendinga som brast det eine staget. Dette førte til at eg måtte lage til tilsvarande opplegg med tau. Det hang iallefall isaman då eg i 15-tida rusla oppover langs vegen mot Tyin. Ringte til Thomas for å få tilsendt ny wire til Kvam. Det er forsåvidt ikkje noko problem å fikse til staget utan wire midlertidig, evt bare gå med tau-drag, så eg det skal nok gå veldig greit vidare. Imiddlertid skal det bli godt å få det heilt iorden igjen. Imorgon skal eg tre i tauet på ny og forsterke festene slik at det skal halda seg bra på plass. No har eg slått opp teltet på Målnesodden ved innsjøen Tyin. Skal akkurat til å lesa OL-bilaget til Aftenposten og har kost meg med ein del snop eg hamstra med meg. Idag: først ca 8,5km, 2 timar ned til Tyinkrysset, så srett over 9km, 2,5 timar til Målnesodden. Gode spor over vatnet, men relativt lite snø, ca 30-50cm. Snart kjem eit kjapt reisebrev herfrå med litt om korleis turen frå Finse har vore. Ellers blir det ikkje video før eg er på Kvam. Digitale bilde frå turen er sendt og blir å finna på nettet om 2-3 dagar. Det blir spanande å sjå kven som vinn i OL-konkurransen, artig at mange har tippa.

Sulebu

12.02.2006 21:17

Tenkte opptimistisk at eg kanskje kunne nå Tyinkrysset idag. Ruta frå breistølen var imiddlertid - som tidlegare - veldig drøy. Sukkersnø og sporbrøyting heile vegen. Men eg kom meg iallefall ned Suleskaret sjølv om det var veldig flatt lys. Det hadde nok vore betrakteleg raskare å ha gått via Eldravatnet istaden for Breistølen, men kom meg no greit fram likevel. Er glad for å ha kome over dette fjellområdet, men turen har vore kjempebra frå Finse.

Etter ei lita stund på Sulebu kom to karar brakande inn. Det var Rolf Erik Poppe og Magnus Frøysvik som også går Norge på langs (npl2.no). Dei hadde gått frå Bjordalsbu via Eldravatnet og kom i halvmørket altså fram til Sulebu. Ganske artig. Turen imorgon går ned til Tyinkrysset der eg skal proviantere og bytte ut det eine staget på pulken. Kanskje går eg vidare utpå dagen imorgon, eller så overnatter eg på fjellstova. Ferda vidare går gjennom Jotunheimen og eg endar nok opp på Kvam, sjølv om eg kanskje går ned til Vinstra først. Bildet er av Suløebu. Idag ca 18km, 8 timar

Toppunktet

11.02.2006 21:13

Kom idag opp på ca 1620 moh og det er nok det høgste punktet på heile turen mot Nordkapp. Sola skein og stort sett så holdt den kalde trekken seg unna. Jakken kunne ligge i sekken og eg kunne røska av fellane (som forøvrig satt dårlig). Føret var supert og blå swix satt godt samtidig som det var god glid. Det var også fine spor etter to andre NPL-farande, så det gjekk ganske radig unna. Hadde lunsj utanfor Bjordalsbu. Nedkjøringa til Breistølen på 1030 moh var skikkeleg bra! Kryssa over rv 52 litt før halv fem og gjekk så ein time oppover før eg slo opp teltet. Enda mindre snø her på denne sida, kanskje 20-40cm, men det er brukbart skiføre. Det har vore ganske kjøleg om kvelden og natta i det siste. Har ikkje målt temperaturen, men tipper på ned mot -20, kanskje lågare også. Imorgon går eg mot Sulebu og kanskje også heilt ned til Tyinkrysset. Idag: ca 21km, 7,5 timar

Sol og kaldt

10.02.2006 21:59

Sol og flott idag.men ganske kald trekk Er i Mjolgedalen 7km S for Bjordalsbu. 20km,8t

Teltutsikt og måneskinn

09.02.2006 21:15

Kom eit stykke oppover bakken og er no på ca 1250 moh. Har kjempeutsikt ut over dalen og fjella eg nettopp gjekk gjennom frå Finse. Nede på Strandavatnet ser eg dansande små lys frå snøscooterane som raskt farer over vatnet. Måneskinnet kastar eit spesielt lys over fjella, det er bare utruleg flott. Minner meg om tidlegare måneskinnsturar, til dømes opp til Haugsvarden når eg gjekk på Nordfjord folkehøgskule. No stakk eg akkurat hovudet ut teltdøra bare for å sjå ut over dalen og fjella. Litt vanskeleg å få tatt bilde av, det må opplevast. Bildet som er lagt ved viser bakken eg er på veg opp. Er nesten 3/4 oppe, godt forbi høgspentmastene. Kan ta med at det er ulike småfeil på sjølve nettsidene for turen. Thomas har fiksa det litt, så no er iallefall kartet korrekt. For å sjå info om denne etappen, trykk på “Ruta” i menyen øvst på sida og finn fram til linken lengre nede. Forøvrig er det mobildekning i teltet her og eg tenkte eg skulle logga meg på MSM messenger ei stund ikveld. Idag: ca 20km, 8 timar

Strandavatnet

09.02.2006 15:22

Er på veg over Strandavatnet og krysser snart rv50 Hol-Aurland. 5cm nysnø og bra føre. Vekslande vér, betre her mot aust. Det klarnar opp, blir nok bra imorgon. Snart ventar ein bakke på 400 høgdemeter og eg slår sikkert leir på toppen. Legg ved litt bilde

Skarvheimen

08.02.2006 20:14

Er ved Kyrkjedorsvatnet.Ein del meter oppover fra Finse,var oppe pa 1575moh.Bedre ver no ikveld.9km,4t

Mot Raggsteindalen

08.02.2006 14:04

Tok ein roleg formiddag på Finse og begynte å gå 13.15. Lett snøvér og lågt skyddeke, så eg går nok ikkje så langt. Følg ei kvisterute no i starten. Bedre vérmelding for torsdag og fredag

Ut av teltet og ned til Finse

07.02.2006 16:52

Vinden spakna utpå morgonkvisten idag, så då gjekk eg igang med å rive leiren; ingen enkel oppgåve når det har føyka snø i eit døgn. Det måtte gravast djupt ned, opptil 1,5 meter for å få fatt i pluggane. Sjølve teltet satt også godt fast, så det tok tid å få alt pakka ned i pulken, som forsåvidt også var nedsnødd, men som eg heldigvis hadde gravd fram kvelden før.

Det var ein kjøleg trekk på dei litt ver 9kilometerane fram til Finse, men sola var framme og det var flott utsikt mot Hardangerjøkulen. Det tok rett over 2,5 timar fram til den veglause bygda Finse. Turisthytta har ikkje opna for sessongen, så hotellet Finse1222 var einaste overnattingsstad. Men her er det veldig bra, sjølv om det koster litt, så er det verdt det etter mange dagar på tur. Skal snart bort på Finse post-i-butikk (Jernbanestasjonen) for å hente ein pakke med meir mat, så skal eg kjøpe diverse ting i Handlebua her på hotellet. Seinare ventar ein bedre middag. Ikveld skal eg gå over utstyret og fikse litt på det eine draget på pulken, skrive meir om turen og sikkert slappe av litt i badstua. Imorgon går sansynlegvis turen vidare, men det er ikkje så altfor gode vèrmeldingar, så det kan hende eg tar den alternative ruta og kanskje også ein variant av den også. Kan forøvrig melde om at paret Gussiås som også går norge på langs, forlot Finse idag etter nokre dagar pause. Dette ifølge resepsjonen her på hotellet

Vind og mildt

06.02.2006 21:56

Vinden har tatt seg opp igjen.Har gravd opp teltet tre gonger idag,enormt med sno.Meldt bedre ver imorgon.Les boka Sorgenfri av Jo Nesbo.0km

Et møte på vidda

06.02.2006 21:43

Et turreferat av Thomas

Fredag formiddag dro jeg og Jon Ivar mot Dyranut med bilen full av utstyr; To pulker, ski, mat, telt, goderi,kako, soveposer osv… og en hund. Vi hadde planer om å gå innover mot Tinnhølen og fohåpentlighvis få kontakt med Ragnar over mobil. Dette greide vi og etter noe fomling over hvor vi skulle møtes, bestemte vi oss for å møtes ved Bjoreidalshytta.

Det var totalt hvit og mørke falt på før vi kom så lang. Med kompasset og gps stakka vi oss ut en kurs gjennom snøen og mørke. Vi dumpet og humpet litt ut små fonner av snø vi ikke så før det var for sent. En km fra hytta så vi singnaler fra en lykt og vi singnaliserte tilbake og etter 15 min kjapp gang møttes vi. Det ble et hygelig møtte og gjensyn med en god venn.

Utover kvelden satt vi oss i de ene telte og pratet inn i natten. Det ble en sen kveld før Ragnar gikk over i sitt eget telt. Vann smeltingen ble utsatt til morgnen. Så det sier seg selv at avreisen ble noe sen. Vi bestemte oss for å gå felles mot Halne da dette ble en fin rundtur for oss og en anternativ, men ikke lenger vei for ragnar. Dette tok oss 5 timer i noe varierende sikt og vind. Her overnattet vi ved R7. Vinden tiltok på kvelden og det føyket godt gjennom natten. På mogenen etter frokost og paking ,skilte vi lag og Ragnar forsvant videre nord over på sin ferd. Mens vi trakk mot vest og etter 11 km på 4 timer kunne vi lempe pulkene inn i bilen og returne til Bergen.

Lykke til vider Ragnar!! Hilsen Thomas Andre Og Jon Ivar

Teltdag

06.02.2006 11:58

Det bles kuling og tung sno foyker seg veldig.Bygd levegg i 3t,vinden har dreid fra V til NV.Gaar vidare naar det letter.Grot og boklesing venter

Mot Finse

05.02.2006 20:16

Lavt skydekke,sno og varierande vind idag.Er rett nord for Midtnutvatnet.9km til Finse.16km,7t

Halne

04.02.2006 19:52

Har idag rusla opp til Halne ilag med Thomas, Jon Ivar og hunden Nala. Véret har vore litt surt, med frisk bris, snø og lågt skydekke. Skiføret er imiddlertid godt. No føyker snøen littegran rundt telta, som er satt opp like ved Rv7. Vi høyrer også brøytebilane som stadig kjører forbi. Går vidare mot Finse imorgon på ei litt anna rute enn oppsatt (Halne-Finse). Bildet viser Jon Ivar og Thomas i aksjon. Idag: ca 14km, 5 timar

Fjelltreff

03.02.2006 23:10

Det går unna på vidda, flatt og godt føre. Lunsj på Sandhaug turisthytte i tolvtida. Fortsatte nordover og kom litt over halv sju fram til Bjoreidalshytta, som forøvrig er stengt. I sjutida dukka det meir eller mindre tilfeldig opp to hovudlykter i mørket. Det var Thomas og Jon Ivar som var på helgetur i området (venner av meg). No sit vi her i teltet og fortell tur-historier. Veldig hyggeleg! Litt vekslande vér, skya med litt sol innimellom. No snør det lett. 25km, 8,5t

Snarveg

02.02.2006 20:31

Har tatt ei raskare rute via Hansbu.Er ved Lakadalsstrupen 9km S for Sandhaug.Greie forhold,frisk bris no ikveld.Ca 20km, 7,5t

Hardangervidda

01.02.2006 21:02

Flott dag innover vidda.Kom til Hellevassbu kl 18.Gar mot Litlos eller direkte mot Sandhaug imorgon.22km,7t

Bilde og video

01.02.2006 08:01

No er bildene frå Etappe2 Ljosland-Haukeliseter blitt lagt ut

Litt video har eg også satt saman

Bildegalleri, etappe2

Video frå etappe2

Du treng Quicktime/Itunes frå apple for å spela av. Link til nedlastning Eit tips er å laste ned filmen (høgreklikk, lagre som) før du speler av. Då kan du forstørre bildet litt (200%).

Haukeliseter

30.01.2006 22:10

Kom til Haukeliseter like før kl 16 idag. Det var herleg å traske dei siste kilometerane i eit roleg tempo inn til turisthytta. På vatnet dreiv ei gruppe på med kiteing, skyene letta og det var god stemning. Har slappa av og hatt ein betre tre-rettars middag etter først å ha tatt ein lang, varm dusj. I femtida kom mor og far opp hit (Astrid og Steinar) og vi har hatt ein flott kveld her på hytta.

No er planen å slappe av i morgon, for så å legge avgårde over Hardangervidda på onsdag. I løpet av morgondagen vil det koma ein lengre berettning om turen så langt, følg med!

Ellers er vinnaren av konkurransen kåra. Det var mange som prøvde seg, så kanskje ein ny konkurranse må til snart. (Sjå tidlegare innlegg)

Det var alt for idag frå idylliske Haukeliseter

Jippi

30.01.2006 14:49

Ser over til Haukeliseter, bare 2-3km igjen. Har karra meg gjennom turistskaret på 1340moh. Vanskeleg nedkjøring, veldig jordmørkt. Siste biten har eg gått i snøscooterspor. Overnatta på Holmevasshytta etter ein lang dag igår, 20km 9t.Mykje opp og ned, 841 til 1010,ned til 700 og opp til 1140. Meir om turen kjem seinare idag. Bildet er tatt på toppen av skaret

På Holmvatn th.

29.01.2006 22:18

Ragnar sender sin hilsning fra Holmvashytta: (Han har prøvd å legge ut meldinger i går og i dag men noe her tydligvis vært feil med systemet så her er en viderformidlet sms)

Sms: Holvasshytta , 15 km til Haukliseter, kjem dit på ettermidagen i morgen.

Thomas

jojo-tur

29.01.2006 21:30

Opp og ned,gjennom skog og bekkefar.Fra 841 til 1010,ned til 700 og opp til 1120.Det merkes.Kom til Holmevasshytta under sternehimmelen.20km,9t

FORSINKA MELDING, LAGT UT I ETTERTID (31.01.2006) Meldinga nådde ikkje fram pga problem med å sende sms til Storbritania

Telt

28.01.2006 21:00

Har satt opp teltet nokre km fra Bleskestadmoen.Nedkjoringa var vanskeleg med pulk,hardt og avblaast.Forovrig ein kjempefin dag,m lange pausar.17km,8t

FORSINKA MELDING, LAGT UT I ETTERTID (31.01.2006) Meldinga nådde ikkje fram pga problem med å sende sms til Storbritania

1200 moh

28.01.2006 14:18

Er no ved Kaldvassleitet og ser ut over flotte fjell. Sola skin og det er nesten vindstille. Det er ikkje ein lyd å høyra. Bak meg troner Snønuten, ein flott topp som eg besøkte i høst. No skal eg nedover frå 1200moh til 800moh, så det går nok unna. Trur eg blir på turisthytta på Bleskestadmoen inatt

Fleire bilde

28.01.2006 14:05

Her er nokre fleire bilde. Utsiktsbildet viser Blåsjø, hytta er Vassdalstjern.

Finveret fortsett

27.01.2006 20:47

Ny flott dag i fjellet.Hadde fin utsikt over Blaasjo.Slo opp teltet 3km nord for Krossvatn ved Kringleaana.ca 20km,8t

Litt bilder

27.01.2006 10:42

Fint vér idag. Er på veg mot Krossvatn idag, går kanskje lenger. Haukeliseter på mandag tenker eg. Det går kjempebra, har ingen problem med å ta meg fram. Har gått lange dager og terrenget er kuppert. Var første gjest på Hovatn turisthytte på 3,5mnd, så den var ganske nedisa. Holdt meg foran peisen. Uansett godt å slappe av på hytte. Idag blir det nok telt

Fint i fjellet

26.01.2006 21:38

Strålande sol og lite vind idag.Flotte fjell og bra utsikt. Gjekk opp Steinbuskaret og er no på Hovatn.Kald hytte,sit foran peisen.18km,7,5t

Flott dag

25.01.2006 20:59

Sola skein og det var ein bra dag i fjellet.Over 900m var vinden sterk,liten kuling.Kom fram til Kringlevatn turisthytte i skumringa .18km,8t

Sol

25.01.2006 13:00

Men det blåser godt. Er ved Storevatn og skal til Kringlevatn turisthytte

Friskt på fjellet

24.01.2006 20:56

Kom meg til Taumevatn th idag.Nesten whiteout over 900m,vind og sno rett imot.Gpsen var flittig i bruk heile dagen.15km,ca 6t

Haaheller

23.01.2006 21:56

Etter ein avslappande ettermiddag og kveld på Gaukhei, kom eg meg avgårde 0930 idag. Litt snø i lufta og kald trekk. Føret var bra og kilmetrane gjekk unna. Ruta var også relativ flat, stort sett over vatn. Isen var grei, men det var opne inn og utosar. Tok det med ro på slutten og kom fram til Håheller turisthytte litt før kl 17 (hytta på bildet). Hytta er liten og koseleg, men litt trekkfull. Går imåra til Taumdvatn eller Storevatn. Idag: ca 18,5km, 7,5t

Ny bilder

23.01.2006 20:08

Har lagt ut bilder fra 1. etappe i bildegalleriet

Thomas

Bilder

23.01.2006 18:35

Her er nokre bilde frå dei siste dagane. Er no på Håheller turisthytte

Gaukhei

22.01.2006 20:22

Kom kl 14 til hytta.Bra føre,men tok tid opp langs elv.Går mot Håheller tidl imorgon.Idag 5,5km 3t, igar 5,5km 6t.Middag:Rondane viltgryte

Flott dag

21.01.2006 20:35

Strålande fint i dag med sol og vindstille.Tok tid opp gjennom bjørkeskog.Snøen har pakka seg sa det går enklare.Opne inos og ut osar pa vatna

Tungt!

20.01.2006 21:34

Det er tungt i nysnoen og det tar lang tid.4km 7t idag.Haper pa bedre forhold imorgon.Takk for alle sms og nettmeldinger

Med ski og pulk

19.01.2006 21:56

Tok det litt med ro idag tidleg. Først ein lang frukost, deretter god tid til å pakke. Omtrent kl 13.30 kunne eg spenne på skia og trekke pulken dei første metrane. Igår var eg litt usikker på om eg skulle gå idag, men etter god avslapping og oppvarting på Ljosland fjellstove, så var eg klar. Dei første 200 metarane kunne eg følge eit scooterspor. Etterpå var det å måke seg gjennom 50-60cm nysnø. Det er tungt under slike forhold og eg kom då ikkje meir enn 3km på vel 4 timar. Slo opp teltet like sør for Langevatnet i sjutida. Har hatt god middag og har det kjempebra i teltet. Imorgom går eg mot Gaukhei turisthytte

Ljosland

18.01.2006 23:50

18012006(008).jpg

18012006(014).jpg

Den siste marsjen opp til Ljosland vart lang. I firetida kom far (Steinar) kjørane og kunne ta med seg sekken opp til fjellstova. Den siste mila gjekk unna på to timar og eg kom til Ljosland ca kl 18.00. Middagen var bestilt og etter kort tid kunne eg nyta biff, råsteikte poteter, salat mm. Det smakte utsøkt, dei kan verkeleg lage mat her oppe.

Har fått dusja og slappa av ikveld her på denne koselege fjellstova. Driver nå å pakker pulken. Er litt i tvil om eg går imorgon, eller om eg tar ein kviledag her for å kvila føtene. Det har tatt på å gå på vegen og har eit plagsomt gnagsår under foten.

Viss eg får tid, så skal eg skriva meir om turen opp hit.

Det var alt for idag.

Det laver ned

18.01.2006 13:00

Det snør jamnt og trutt. Teltet var heilt dekka av snø og det kom nok 5-10cm i løpet av natta. No er eg i Kyrkjebygd i Åseral og har bare 22 km igjen til Ljosland fjellstove. Det tar nok ca 5 timar å gå opp dit

Kong vinter

17.01.2006 23:28

Vakna idag til lyden av snø som ramla ned på teltet. I løpet av natta hadde det kome 4-5cm snø, men på morgonkvisten steig temperaturen og det gjekk over i sludd og yr. Snøen som hadde samla seg på grantrea, ramla så ned på teltet. Gjekk avgårde litt over ti. På vegen var det slapseføre og etter nokre timar vart gore-tex skoa våte. På Byremo Landhandel åt eg lunsj. Dama i kassen meinte at eg burde få med meg noko og ga meg sjokolade og bananer. Takk. Vidare oppover vart det meir snø og litt kaldare. Dei siste timane var det på med refleksvest og lys for å gå ca ei mil til Kilsund. Gjekk så 3-4 km mot Åseral før eg slo opp teltet i ein skog ved vegen. Det var veldig godt å krypa ned i soveposen og få på tørt tøy. No har eg fyrt opp primusen, laga middag og fått god varme i teltet. Supert. Ruta: Ytre Øydavatn - Byremo - Sveindal - ca 3km nord for Kylland. 32km, litt over 10 timar.

Ragnar på tv

17.01.2006 21:52

Skal bare minne om at i en 6 dager fremover vil det ligge et nyhets klipp om ragnar på tv vest Sjekk ut nyhetene på tirsdag 17 jan. I sendingen er det et innslag om NPL ca 11.30 min ute i sendinga.

Trykk på tirsdagsnyhetene og i denne sendinga så er ragnar med!!

Thomas

Link til Tv vest

Audnedalen

16.01.2006 20:17

Som eg skreiv tidlegare, så går eg nordover rv 460 gjennom Audnedalen. Var innom i Konsmo og handla mat og godteri. Satte opp teltet ved ytre Øydavatn, 9km nord for Konsmo. Tar ein tidleg kveld for å kvila føtene, som er litt ømme etter all traskinga. Reknar med å vera på Ljosland på onsdag. Ruta idag: 3km nord for Vigeland - Konsmo - Ytre Øydavatn, ca 32km

Langr rv 460

16.01.2006 13:55

Starta å gå ca halv ti og er no på rv 460 rett på grensa til Audnedal kommune. Det er sludd i lufta, men greit ver å gå i. Litt stive bein etter gårsdagen. Å gå på asfalt med sekk tar på. Det ser ut til at bloggsidene er litt ustabile, skal få undersøkt kua som er problemet

Langs landevegen

15.01.2006 22:35

Vakna opp til flott utsikt ut over havet på Norges sørlegaste punkt. Hadde satt opp teltet på ein grasflekk like ved fyrtårnet - genial teltplass i le for den lette brisen. Etter ein runde oppe i tårnet, bar det ned til fyrvokter Rolf Dybvik for å skriva seg inn i gjesteboka. Dei fleste npl-farande vore innom den hyggelege fyrvoktaren. I den flotte npl-gjesteboka har alle fått eit bilde av seg og det var stas å sjå alle som har lagt ut på turen. Fyrmesteren tok også bilder til fyrets nettsider og det skulle koma ein liten sak om turen min der. Vanlegvis koster det ein liten slant for å gå opp i fyret, besøke tusenårsstedet og sjå film, men som fyrmesteren sa det -det er sjølvsagt gratis for alle som sykler, padler eller går Norge på langs! Etter å ha sendt eit par postkort og sett ein flott video om fyret, så gjekk eg dei første skritta nordover litt før klokka halv to. Det var greit å gå langs vegen, lite trafikk. I Spangereid kjøpte eg mat og tok på meg refleksvest og blinkande lys framme og bak. Bilistane såg meg iallefall for å seia det slik…Etter langt om lenge kom eg til Vigeland, som var målet for dagen. Gjekk litt over tre kilometer vidare og ligg no i teltet fem meter frå rv 460. Det er godt å slappe av etter all traskinga. Takker for alle dei hyggelege helsningane som har tikka inn! Ruta idag: Lindesnes - Spangereid - litt nord for Vigeland. Ca 30km, 7 timar.

Ragnar på Lindesnes

15.01.2006 17:29

Ragnar forlott i formiddag Lindesnes etter et besøk på fyret. Fyrvokteren på lindesnes skriver dette på nettsiden sin: Fyrvokteren tok også noen bilder disse har lagt ut i bildegalleriet

Thomas

Les mer her

Lindesnes - turen er i gang!

14.01.2006 23:27

No er endeleg turen igang! Like utanfor teltet står fyret på Lindesnes og stråler ut kraftige lyskjegler, ut over det brusande havet. Verkeleg eit flott skue.

No ligg eg er i teltet og slapper av. Denne turen skal bli kanllbra!.

Med kurs for Lindesnes

14.01.2006 18:23

Det siste døgnet har gått med til pakking og siste førebuingar. Ganske forsenka satte vi avgårde sørover. Første stopp var Ljosland fjellstove, der pulk og skiutstyr vart lessa av. I resepsjonen traff eg på eit hyggeleg par som også går Norge på langs! Dei hadde nettopp komt fram etter sykkeletappen frå Lindesnes og anbefala sterkt å overnatte ute ved fyret. Så nå går turen ned til fyret på Lindesnes og eg blir nok der inatt. I morgon går eg til fots og ventar å nå Ljosland igjen seint tirsdag kveld.

Sidene oppdateres

13.01.2006 15:38

Turloggen er nesten på plass. Det ligger inne ein del testinformasjon her for å teste ut systemet. Sidene blir endeleg ferdige i løpet av kvelden

I morgon er det ut på tur!

Media

13.01.2006 00:23

Idag var TV VEST på besøk. Dei laga eit innslag om turen, som skal sendast i programmet “Panorama” mandag 16.januar. Dette programmet går rett etter dei lokale nyheitene, ca kl 17.40,18.40 og 23.15 Dei som ikkje får inn TV VEST, kan sjå innslaget på nettet: aftenbladet.no/tvvest/ (Sendingane ligg på nettet 1 veke etter sendedato)

Aftenbladet hadde idag, 12.01 2006, ein artikkel med bilde om Norge på langs turen min . Grei og fin framstilling av turen. Bildet er forøvrig frå ein tidlegare tur på Svalbard. Artikkelen finn du på sida “Jæren og Dalane”.

Jærbladet var å intervjua meg på onsdag, så fredag 13.01 2006 kjem det ein artikkel der også.

Litt uvant med slikt oppstuss , men det er jo litt artig også! Eg var nok ein smule spendt då teamet frå TV Vest kom for å laga innslag, men synes det gjekk overraskande bra. Reporteren og fotografen var veldig hyggelege og hadde ein avslappa tone. Dei kunne ikkje akkurat tenke seg å ta samme turen, men spøkte med at ” Norge på langs på moped” var ein meir passeleg tur for seg sjølve.

Posting via mobil og epost

11.01.2006 14:40

Bloggen er satt opp slik at eg kan oppdatere med bilder og tekst via mobil eller epost

Artikkel i Jærbladet

11.01.2006 12:07

Idag var ein journalist frå Jærbladet innom for å skrive ein sak om turen. I fredagsutgåva av Jærbladet blir det då sansynlegvis ein artikkel med bilde.

Internettsidene oppdateres idag

11.01.2006 10:58

I løpet av dagen blir “Norge på langs”-sidene oppdatert med blogg og turlogg. Det vil også koma eit bildegalleri som etter kvart skal innehalda bilde frå turen

Bloggen er snart klar

10.01.2006 21:36

Det er idag bare tre dagar igjen til Norge på langs turen. Undervegs kjem denne bloggen til å bli oppdatert med tekst og bilde.

Tilfeldig valgt bilde

IMGP0588.JPG

Date: 26.01.2006

Nyeste album

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Date: 15.05.2006