Mot Sylane

03.03.2006 22:49

Tok ein roleg formiddag og gjekk vel frå teltplassen i halv-tolv tida. Etter nokså nøyaktig eit døgn, eller omlag 1% av npl-turen, så returnerte Alexander tilbake til Røros og seinare på dagen med tog til Trondheim. Kjempekjekt med litt besøk på turen!

Eg tok ut på innsjøen Aursunden og gjekk ein del kilometer på denne, før eg tok opp på vegen. Så har eg traska i vegkanten heilt opp hit eg er no, omlag 14km sør om Stugudal. Ikkje like kjøleg ikveld i forhold til dei siste dagane, det har nok med at det skya litt til.

Imorgon går turen først til Stugudalen og Væltarstugu/Tydal hotell. Her skal eg innom ein liten tur for å kjøpe nokre småting. Reknar meg at eg går eit stykke vidare, kanskje opp til ei turisthytte. På mandag eller tirsdag kjem eg forhåpentlegvis til Teveltunet, like ved grensa til Sverige. Her skal eg henta ein pakke med kart og diverse for den neste etappen. Går kanskje innom Storlien og iallefal bærer det inn i Sverige eit stykke. Krysser så tilbake til Norge og går vidare i Nord-Trøndelag til Nordli

Det er bra med snø og skiføret er ganske godt. Reknar med at det også er ein del spor i Sylane fordi det er vinterferietid i trøndelag denne veka.

Idag: ca 28km, 7timar

1 kommentar til “Mot Sylane”

  1. af

    March 3rd, 2006 23:07

    Det går jamt og trutt heile tida med deg. Du er super, er stolt av deg.
    Her i låglandet driv de unge med opptaksprøver og audition denne veka.
    Du får hilse til “søta bror”

Legg til ein kommentar

You must be logged in to post a comment.

Tilfeldig valgt bilde

IMGP0583.JPG

Date: 26.01.2006

Nyeste album

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Date: 15.05.2006