Arkriv for March, 2006

Virvasshytta

31.03.2006 21:04

Opptil lien kuling idag,men bris no.Maske og briller ogsaa idag.Fin tur over fjellet og endel folk pa hytta.Fekk solid rype middag.22,5km,8t

Kvitsteindalstunet

30.03.2006 19:23

Bestemte meg eigentleg i går kveld for å gå nesten uansett værforhold idag. Det var varierande sikt, vekslande vind, opp til stiv kuling og sterk snøfokk imorges. Det tok litt tid å få pakka alt i pulken, men halv elleve var eg klar. Opp til Ivaskaret gjekk det rimeleg greit, sjølv om det var dårleg sikt og sterk snøfokk. Ned frå toppen av skaret var det ikkje så mykje å sjå, men så kom eg under skydekket og sikta vart betre. Skaret var ganske slakt på toppen, men bratt lenger nede. Her var det også isete med vindblåste skavlar innimellom. Ingen god kombinasjon når ein har med pulk. Pulken velta - og velta. Til saman iallefall 10 gonger. I den eine veltet knakk også ei av dei korte stengene, så nå blir det ny spjelk. Til slutt tok eg draget i hendene og manuvrerte pulken forsiktig ned. Det fungerte betrakteleg betre. Vidare mot Kviststeindalstunet var det bjørkeskogsterreng og det vart litt knot. Kom iallefall fram til hytta, som forøvrig ligg 200 meter unna plasseringa på gps-kartet. No har eg fyrt opp i ovnen og skal til å lage middag. Det er også mobildekning innandørs her, så nå slepp eg å gå ut i vinden. Det bles vel vekslande mellom frisk bris og liten kuling her. Ingen snøføyke og det ser bra ut for turen mot Virvasshytta imorgon. Frå laurdag av er det meldt om rolege vindforhold - det skal bli godt! Reknar med at det tar 5-6 dagar til Sulitjelma. Idag: ca 16km, 5,5 timar

Fortsatt sterk vind

29.03.2006 16:30

I åttetida idag blåste det like mykje som igår, austleg stiv kuling. Imiddlertid var det godt sikt, delvis skya og litt sol. Fann fort ut at vinden og snøføyka kombinert med 10 kuldegrader var ganske friskt. Kunne nok ha gått vidare, men såg ikkje heilt vitsen i å kave seg fram. Får ta det som ein liten påskeferie. Dagen er blitt tilbrakt her på Sauvasshytta, greit å slappe av, men er veldig klar til å koma meg avgårde snart. Satsar på å ta meg ned Ivaskaret imorgon, men værmeldinga er ikkje kjempebra akkurat. Været ute no er ein tanke betre enn i morges, men fortsatt kuling og snøføyke.

Sauvasshytta

28.03.2006 16:40

Vinden avtok ikkje akkurat i løpet av natta. Nede i Umbukta blåste det liten kuling og det var kolonnekjøring på E12 til Mo i Rana. Vurderte ei stund om eg skulle legga i veg og kom til det det nok skulle gå greit. Vindvotter, hals, ansiktsmaske og stormbriller måtte til med ein gong, utan dette hadde det vore uforsvarleg å ta seg fram. Det føyka godt med snø - på Jæren går det under uttrykket “rennedrev”. Men litt sikt var det no innimellom og kombinert med aktiv gpsbruk, så var det ikkje så vanskeleg å finne fram. Traff på ein snøscooter med med to karar, der han eine satt bakpå sleden. På god nordlandsdialekt fekk dei no sagt at det var blåste ganske friskt idag. Dei hadde vore på Sauvasshytta å rydda vekk gamlehytta. Sporet etter scooteren forsvann omtrent med ein gong, så det var lite hjelp i akkurat det. Nokre gamle spor kom tilnye innimellom - det synes eg er ganske greit, så veit eg at vegvalet mitt er sånn nokonlunde fornuftig. Til høgare eg kom, til meir blåste det. Eg var kanskje litt bekymra eit par gonger då dei sterkaste vindkasta kom farande, men det var ikkje problematisk å ta seg fram og eg har no gått i sterkare vind før. Likevel er det litt spesielt når ein går åleina i slikt vær. Såg hytta på ganske lang avstand, den ligg ganske høgt til i terrenget. Til opplysning ligg den nye hytta ca 100m frå plasseringa på kartet. Uaktuelt å gå vidare sidan eg rekna med at vinden i Ivakskaret var sterk og at det kom til å ta for lang tid å nå fram til Kvitsteindalstunet. Rana turistforening har verkeleg fått seg ei fin hytte her ved Sauvatnet. Ein Jøtul 602 N har heva temperaturen frå 4 til 25 grader i løpet av kort tid - enorm trekk i pipa! I gjesteboka stod det om mobildekning mellom hytta og uthuset. Ja, så då vart det lang melding med bilde, istadenfor eit par setningar sendt på satelitt-telefonen. Håper vinden løyer litt til imorgon og eg tenker då på å gå eit stykke mot Virrvasshytta, evt bare til Kvitsteindalshytta viss det mot formodning skulle blåse like mykje. No i ettermiddag og kveld har eg planar om å lesa litt i dei bøkene eg har med meg. Det er krim det går i (det er jo snart påske). Har både ei bok av Agatha Christie og ei av Jo Nesbø. Men først skal eg ut å få sendt denne meldingen, får hive på meg sko, jakke, briller og gå ut i vinden Idag: ca 11,5km, 5 timar

Umbukta fjellstue

27.03.2006 18:05

Seint i går kveld var det fantastisk nordlys! Det verkeleg dansa på himmelen og var eit flott skue. Imiddlertid var det kaldt å stå ute i stilongsen, så eg var snart tilbake i den varme posen igjen. Mildare på morgonkvisten, men vind av grad frisk bris. Var avgårde rett over ni og kom til fjellstua klokka ti. Her opna dei ikkje før 12 og eg som hadde tenkt å ta frokost, fylle vatn og få info om ruta før eg gjekk vidare. Så då var det like godt å ta ein kviledag, lenge sidan sist! (Til opplysning var det i Folldal) Fekk eit kjempefint rom til fjellvandrarpris. Så istaden for å gå i liten kuling på fjellet, har eg slappa av, sett på BBC-World og vaska ulltøy. Det er brukbare vérmeldingar framover, men kanskje litt vind imorgon. Går til Sauvasshytta og vidare til Kvitsteindalstunet imorgon. Idag: 3,5 km, 1 time

Flott og strevsom dag

26.03.2006 21:38

Det blåste friskt inatt, men på morgonkvisten roa det seg. Kikka ut av teltopninga og såg rett opp i dei flotte Okstindan! Makan til panoramautsikt frå teltet opp mot Nord-Norges høgste fjell, Oksskolten på 1916 moh. Strålande sol og ikkje ei sky på himmelen. Snakk om kontrast frå dagen i førevegen (Bildene er lagt ut i større format enn til vanleg)

Kom meg avgårde kl 11 ny tid og fann fort ut at det kom til å bli ein strevsom dag. Snøen hadde pakka seg ein del, men det var omtrent like tungt å få med seg pulken som igår. Grunnen var at snøen var ganske kram og at det øvste laget bremsa kraftig. Det festa seg også snø under pulken, men det tok litt tid før eg fann ut av det. Veldig tungt opp frå Grasvatnet mot Øver-Uman sjølv om det ikkje var så mange høgdemeter. Gjekk over på norsk side igjen og fann ut at det var passe og telta akkurat her, i sørenden av Umbukta. Idag: nesten 17km, 8 timar

Ikkje bare sol

25.03.2006 22:05

Tett snover inatt og formiddag.Ganske tungt i starten,lettare etter kvart.Telter syd for Grasvatnet.Idag 13km,6,5t

Steikvasselva

24.03.2006 22:31

Det vart ein lang og strevsom tur over Røssvatnet. Dagen starta med morgonsol og finvær, men utpå føremiddagen kom det sigande inn bygeskyer. Det kom tilsaman 5-10cm nysnø og skiføret vart ganske trått og tungt. Var ganske paff då eg kom hit til Steikvasselv. Har fått låna eit flott hus av dei trivelege folka på garden. Straumen har gått, så det har blitt brødmat ikveld. Idag: 35km, nesten 11 timar

Film etappe 10

23.03.2006 22:37

Da er en ny snutt film klar. Denne gang fra etappe 10.

http://breogfjellsport.no/Etappe10.3gp

Du treng Quicktime/Itunes frå apple for å spela av. Link til nedlastning Eit tips er å laste ned filmen (høgreklikk, lagre som) før du speler av. Då kan du forstørre bildet litt (200%)

Vidstrakt vatn

23.03.2006 21:49

Etter ganske nøyaktig 1 døgn i Hattfjelldal, så var eg på veg opp bakkane mot Røssvatnet. Pulken var godt lessa med mat for mange dagar, så tempoet var ikkje kjempehøgt. Eg gjekk i ei scooterløype og det var ganske greit, men litt småhumper nesten overalt. Traff på ein hyggeleg same gå scooter. Han stoppa og var interessert i å høyre om turen og planane vidare. Tørka reinsdyrskjøtt måtte eg få meg! Fekk tips om å stikke innom nokre greie folk han kjente til lenger nord. Røssvatnet er Norges nest største innsjø og eg kom no til slutt utpå. Eg gjekk eit stykke og fann ut at eg like godt kunne sette opp teltet der, sjølv om det fortsatt var lyst ein times tid til. Å telte på isen var vanskeleg pga lite snø og det var eit godt stykke over til land på andre sida, så då vart det ein tidleg kveld. Sol og fint også idag, kjøleg no ikveld. Testa ut å ha begge primusane igong samtidig idag. Skal sei det vart varmt då ja!

Imorgon skal eg prøve å nå Steikvasselv, men det er eit godt stykke. Idag: ca 15km, 4,5 timar

Reisebrev fra Hattfjelldal

23.03.2006 02:35

Teveltunet - Nordli - Hattfjelldal

Sidan sist reisebrev har eg forflytta meg frå Teveltunet og no heilt til Hattfjelldal. Turen gjennom Nord-trøndelag og Børgefjell har vore fantastisk bra! Mykje har allereie blitt skrive på bloggen, men det er no mykje å fortelja som ikkje har kome med der.

Postbudet kom utpå dagen med pakken eg venta på. Nils Peter Haarsaker på Teveltunet forselo at han kunne ta pulken på scooteren opp til Ahlenstugan, då han uansett skulle over grensa for å fylle bensin. Eg takka ja og regelrett fløyg opp bakkane til Storlien. Utruleg følelse! Ahlenstudan er eit vindskydd og det var eit godt utgangspunkt for turen vidare. Nils Peter kom med pulken i kveldinga og etter litt leiting etter ei spade, kunne eg fyre opp med ein sekk med ved som han hadde med til meg! Jammen grei kar!

Vidare i Sverige tok eg først ei rute over fjellet og ned til scooterleden. Været varierte, men det vart fint etter kvart. Om kvelden hadde eg eit fint bål og det varma godt i natteskulden. Herleg å sitta foran eit bål og nyta lyden og varmen.

Over i Norge til Sveet gjestgiveri:

Bestemte meg for å gå over grensa til Norge igjen. På den måten ville eg koma innom mange interessante plasser og no i ettertid ser eg at det ikkje var så veldig omveg heller. Sidan det var ein flott dag ville eg prøva å gå heilt til Vera. Fine spor eit stykke, men så gjekk der litt tråare. Etter nedkjøring gjennom skogkledde lisider, så kom eg no fram. Eg var temmeleg skutt, lang dag. Folket på Sveet var utruleg greie. Det er 3.generasjon som driv dette tradisjonsrike gjestgiveriet. Det er ikkje stort, men du verden så koseleg. Gudrun laga middag til meg og var no svært så interessert i turen. Den hadde ho fulgt på nettet, så det var jo litt artig. Det var yngste sønnen i huset som nett hadde tatt over gardsdrifta. Som for dei fleste gardbrukerane i området, så var melkeproduksjon åleine ikkje nok. Han dreiv difor eit taksi-selskap med to bilar. No er Vera ein veldig liten stad og det er lagt til næraste by, så ein kan jo lura på korleis det er mogleg. Men med alt frå skuleskyss til felles handletur for bygdafolket, så gjekk visst det ganske bra. Litt artig at den eine bilen var ein Jaguar! Til frokost fekk eg servert brød, rundstykker, vafler, egg og bacon. Som ein hotellfrokost og laga til bare for meg, då det ikkje var andre gjester! Eit postkort frå Nordkapp var betaling nok, eg takkar så mykje for opphaldet. Må nesten tilbake til desse traktene ein gong.

Sveet gjestgiveri

Gaundalen

Etappen til Gaundalen fjellgård var iallefall 34km og litt drøy å ta på ein dag. Hadde ein ny, fantastisk dag i fjellet. Varmt og eg gjekk utan jakke i solskinnet heile dagen. Særdeles flott område å gå i! Slo opp teltet litt over halvvegs, ved Lakavatnet. Kaldt om natta, anslagsvis rundt 22 kuldegrader. Ruta mot Gaundalen var lettgått og været var like fantastisk. Gjekk over Grønlivatnet og der var det ein kar som dreiv med isfiske - og scooterkjøring. I enden av vatnet er det eit mikrokraftverk som forsyner fjellgarden med straum. Ikkje stort akkurat, maksimalt 12KW, men i praksis ein del mindre. Like før garden måtte eg over fleire islagte elver. Her var det store spor etter flaumen som var tidlegare i vinter, både elver og vatn gjekk då opp. På Gaundalen bur Ingeborg på godt og vel 80 år og sønnen Steinar. Denne vintaren budde også eit barnebarn til Ingeborg på garden, Ane - ho var vel omtrent på min alder skulle eg tru. Eg hadde ringt på førehand, så dei var klar over at eg kom. Ane hilste meg velkommen ute på tunet og eg fekk ei fin hytte for meg sjølv. Forutan meg budde også dei omtalte isfiskerane i “Potetbaken”, ei hytte rett nedfor.

Gaundalen

Trøndersodd vart servert meg til middag og eg fann ut at det var vanleg å eta dette med skei. Ingeborg bemerka at eg var sørante og ikkje heilt forstod den trønderske maten - akkurat som ein svigersønn.

Folket på garden virka ganske sportsinteresserte. Det var Holmekollsøndag og dei satt interessert å såg på skirennet derfrå.

Gjesteboka på garden var interessant lesing. Ein skulle ikkje tru at det var så mange innom gjennom heile året på ein såpass utilgjengeleg plass, men faktisk var det folk innom heile året. Det eg kanskje las med mest interesse - og litt humring - var turane telenorfolka stadig hadde inn til garden. Kobberlinjene frå 1967 er fortsatt i drift fordi nyare teknologi har vist seg å feile. Den gamle linja er utsatt for store påkjenningar og trådbrudd er vanleg om vintaren. Då må ein lappe linja på gamlemåten. Ein ny linkstasjon er blitt bygd på Heggsjøvfjellet for å gje nytt samband til Gaundalen og Gjevsjøen, men ekstrem ising og uforklarlige tekniske problem har gjort dette til ein svært dyr affære for det gamle televerket. Forslag til Telenor: Sett opp seperate mikrobølgelinker med reflektor på ein passande topp slik man vanlegvis bygger telenettet. Ganske dyrt, men det må nok til. Og mobildekning er det sjølvsagt ikkje i mils omkrins…

Gaundalen var forøvrig med i NRK-programmet “Der ingen skulle tru at nokon kunne bu” for eit par år sidan og det har også vore innslag i “Villmarskliv” på TV2. Staden er kjent for godt fiske og godt jakt-terreng

Steinar Gaundalen er ein meget habil privatflygar og har ei 600 meters flystripe og eigen hangar til flyet sitt. På den smale stripa flyr han jevnleg i sommarhalvåret. Om vintaren tar han turen til Snåsa når han vil fly. Forutan fly, så er den enklaste vegen inn til garden via innsjøen Torrøen i Sverige. Vinterstid er det greit å ta seg fram med snøscooter til Grønningen og derfrå på veg ned til Snåsa.

Om kvelden vart eg servert kaffe og wienerbrød og eg vart sittande å prate med Steinar og Ane til langt på kveld. Som nevnt var jo telefonlinjene litt ustabile og dei var litt interessert i satelitt-telefonen eg hadde med meg. Det var rett så koseleg inne den fine stova og eg fekk vite mykje om korleis det var å bu på garden. Av direkte gårdsdrift dreiv dei med sau og ellers litt turisme i liten skala - to utleigehytte. Verkeleg trivlege folk!

Til Holderen og Gjevsjøen

Etter ein god frokost var eg klar for turen over fjellet til Holderen og vidare over til Gjevsjøen. Været var fantastisk og eg kunne gå utan jakke nesten heile dagen. Fulgte telefonstolpane stort sett heile tida, så ruta sa seg sjølv. Kjempefin og passe slak nedkjøring ned til Holden, ein tidlegare fjellgård som no blandt anna er blitt turisthytte. Etter ein lang pause i solskinne, fortsatte eg over fjellet. Litt tungt i oppoverbakkane med pulken, men over Gjevsjøen gjekk det unna. I det sola var gått ned, kom eg til denne fjellgarden som eg hadde høyrt mykje om. Den går for å vera den mest utilgjengelege garden i Norge.

På garden bur Anne-Mart, Nils og sønnen Nils Chritian som er i staren av tjueåra. Han har nett overtatt garden frå foreldrene og var for kort tid sidan på programmet “Der ingen kunne tru at nokon kunne bu” i beste sendetid på NRK. Trivelege folk alle i saman. Vart sittande å snakke med Nils Christian. Han var datainteressert og det er jo forsåvidt eg også. Det gjekk såvidt med modem på den gamle trådlinja, men farten var ein tiendedel av vanleg modemfart og ein brøkdel av det vi andre har på breiband. Det var samme linkstasjonen her som på gaundalen og ergo samme problem. Eg trur nok internett via satelitt med returkanal er det beste på slike plassar. Problemet er at det koster litt. Men no har jo Telenor eigne satelittar, så med litt vellvilje skulle det vore ei smal sak å få fiksa til noko, men så lett er det nok ikkje å samarbeida internt i eit stort, norsk konsern.

Nils Christian hadde brukt dagen på kjøre inn diesel til garden. 6000 liter var frakta inn - årsforbruket på garden. Alt dette var frakta fleire mil inn på snøscooter og det var nett ferdige då eg kom. Agregat og batteribank sørga for stabil straumforsyning, men kun til lys og elektriske apparat. Mikrokraftverk var under planlegging, men til no hadde det blitt for dyrt og også problem med godkjennin. Han vurderte no eit veldig lite og enkelt vasskraftverk.

Eg fekk overnatte i ei fin hytte der det allereie var godt og varmt. Eg fekk også god middag, Anne hadde laga viltgryte til meg og så var det kake og molter til dessert! Kjemepgodt for ein norge på langs traskar.

Mot Nordli

Etter det fine besøket på Gjevsjøen, bar det vidare mot Nordli. Relativt kjølege netter, men sol og fint om dagane. Varierande terreng og til dels litt kuppert. På veg ned til Fossdalen var det vanskeleg å ta seg ned pga lite snø og litt bratt skog. Vidare var det skogsterreng med myrer innimellom - og det gjaldt å halde seg på desse myrene. Det var heldigvis litt spor etter kvart, så då fann eg greit fram.

Rådhuset og det nye nasjonalparksenteret

Eg kryssa over vatnet til Sandvika i Nordli og der vart eg møtt av Arnstein Kiste, som hadde sett at eg kom tuslande over innsjøen. Han var interessert i turen og då eg spurde om overnattingsmogleigheiter i området, så fekk eg tilbod om å overnatte heime hos han og familien. Det takka eg ja til. Etter å ha ete god mat på Li-vertn, handla på buikken og henta pakke med nye kart, så fekk eg slappe av hos familien i Granbakken. Som Arnstein sa det - han hadde aldri budd så sentralt før og det var samanlikna med Bærum! Butikk, cafe, post, bank, skule, barnehage, rådhus og helsesenter låg alt bare nokre hundre meter unna. I tillegg til Arnstein og Berit, var det fire barn i huset, frå 4 til 11 år, så det var ganske livleg.

Kvelia

Frå Sandvika fulgte eg ruta til Flyktningerennet i starten. Det er forøvrig eit turrenn på ski som foregår i slutten av mars og ein stor happening i området. Klarte å gå litt feil sidan eg tok feil i eit kryss, men kom meg no over til Kvelia etter kvart. Her var det ein landhandel - Kveli-bua. Bare 150 inngyggarar, men dei sytte for å halda liv i butikken, som var reist på dugnad. Dette var også den sosiale møtestaden for folk og inne i butikken var det ein “kaffekrok” flott innreda. Eg fekk både kaffe og kaker i tillegg til eit par ullsålar. Det ga bestyraren til alle NPLere som stakk innom. Det var også ei eiga gjestebok for oss norge på langs traskere. Innimellom når det ikkje var kundar i butkken, dreiv innehavaren med å lage ullprodukt. Han laga mykje fint, f.eks. veldig gode og varme “ullsko”, slike skulle eg gjerne ha hatt ja.

Telta nokre kilometer frå Tunnsjø senter og gjekk så over til Limingen. Tok over sjøen og satte opp teltet på Halvmilstangen. Denne dagen var litt grå og det blåste litt om kvelden. Om natta måtte eg ut å sette opp fleire bardunar fordi eg var redd det ville blåse opp endå meir. Det skjedde ikkje, men det vart mildt og regn på morgonen då eg gjekk inn til Røyrvik. Oppe vatn i sundet, men eg holdt meg heilt i kanten på det som no var tørt land. Ellers var isen veldig god. Handla litt i Røyrvik og då traff eg på samme karen eg hadde truffe tidlegare i Kvelia. Han snakka med ein annan kar og eg fekk lov til å overnatte i eit ope rom på ei fjellstyrehytte oppe ved Namsvatnet. Før eg gjekk dit opp, var eg innom bensinstasjonen. Her vart eg sittande ei stund og snakke med trivelege folk der før eg gjekk innover. Det blåste ganske så godt den kvelden, så det var bra å ligge inne.

Børgefjell

Over Namsvatnet fulgte eg lenge ei scooterløype. Det var god is, men ope midt utpå pga regulering. Det siste stykke inn til Virermahytta gjekk eg nær lang og av samma grunn. Lunsj på hytta før eg fortsatte vidare oppover Viermadalen. Det var svake spor nokre stadar, så eg fekk litt hjelp i fin-orienteringa oppover. Relativt lettgått terreng dog, holdt meg på vestsida av elva heile tida. Oppe ved Gaukarvatnet var det på tide å få opp teltet og det vart ein kjøleg kveld. Men i teltet hadde eg det godt og varmt.

Vakna opp til ein ny praktfull dag og koste meg verkeleg innover fjella. Kvigtingen hadde eg fin utsikt til heile dagen og det var eit flott skue.

Kom over ein flokk med Tammrein, men dei flykta så fort dei oppdaga meg. Ved Tiplinghaug satte eg igjen opp teltet. Relativt kjøleg, iallefall 22-25 kuldegrader om natta, kanskje meir også. Ned til Sjånes i Susendalen var det scooterspor, så den etappen gjekk greit. Vidare på veg gjennom den veldig lange Susendalen. Då eg kom til Haugerud følte eg at det var nok for dagen og fekk låne ei hytte der. Folka var trivelege og hjelpsomme som alltid. Pulken vart tatt med innover til Hattfjelldal då dei skulle på jobb, så eg kunne rusle med dagstursekk. 28km på 5 timar, så det gjekk raskt unna.

Her i Hattfjeldlal har eg henta pakke, handla og lagt meg inn på ei fin hytte ved Børgefjell vertshus. På coop fjekk eg også tak i nye stavar -. ein abosolutt nødvendighet.

Fekk også lånt tilgang til internett - takk til coop marked i Hattfjelldal.

No går ferda vidare over Røssvatnet og oppover til Saltfjellet. Sulitjelma når eg forhåpentlegvis i løpet av ein 10-dagars tid.

Det var alt for denne gong.

Beste helsingar til alle dykk som følg med på turen via nettet Ragnar Fjeld

Hattfjelldal

22.03.2006 20:09

Tidleg idag var eg klar til å ta fatt på vegen ned mot Hattfjelldal. Pulken vart sendt med folket på Haugerud som skulle på jobb. Kjøleg var det i morges også, 22 kuldegrader i halv-sju tida. Med bare skistavar og dagstursekk gjekk det radig nedover dalen. Etter bare 5 timar var eg framme i kommunesenteret Hattfjelldal, med det karakteristiske Hattfjellet du kan sjå i bakgrunnen på det eine bildet. Pulken venta utanfor bakeriet og ein varm lunsj vart inntatt på Mix. Oppe på Børgefjell vertshus fekk eg leiga ei fin hytte og på Coop Marked fekk eg tak i det meste.Henta poste restante med nye kart og diverse anna eg har brukt for på den neste tida. I sportsavdelingen fekk eg tak i nye skistavar, det var absolutt nødvendig. Over 60 dagars bruk hadde verkeleg stavane fått kjørt seg. Nye Swix skistavar fekk eg på tilbud, så nå er det slutt på butte piggar for ei stund.

Du kan endå bli med på konkurransen. Quizen går fram til 30.mars og den finn du her

Imorgon går eg vidare over Røssvatnet i retning Steikvasselv. Reknar med å bruke omlag 10 dagar til Sulitjelma, alt etter vær og føre.

Susendalen

21.03.2006 22:19

Fine dager på “loffen i Børgefjell”. Er glad for å ha fått oppleva slik fin natur. Ganske aude også, traff ingen andre. Været vart betrakteleg betre enn venta, stort sett solskinn heile dagane. Relativt kjølege temperaturar dog, speisielt om natta, men også på dagtid.

Rutevalget mitt ned frå Børgefjell var nok litt lite gjennomtenkt. Eg kunne ha tatt ei rute som var 15-20km kortare viss eg bare hadde undersøkt litt. Det viste seg at ein burde gå ned til Øyum, istaden for Sjånes/Kroken heilt inne i Susendalen. Når det er sagt, så var eg ganske heldig idag. Ferske ski og scooterspor heilt ned til Sjånes og brukbart føre på vegen. Lenger nede i dalen var det nesten bart, så eg bestemte meg for å prøve å sende pulken innover til Hattfjelldal. Då eg kom til Haugerud fekk eg lånt meg ei hytte og samtidig fiksa transport av pulken til Hattfjelldal imorgon tidleg

Legger ved nokre bilde. Idag: ca 35km, 8 timar

Under Kvigtinden

20.03.2006 22:15

Sol og flott utsikt til mektige Kvigtinden i heile dag.Lav temp dag og natt.Er ved Tiplingelva,spor i retning Susendal imorgon.25,5km,9t

Gaukarvatnet

19.03.2006 21:58

Fint innover Viermadalen,lettgaatt og har fulgt svake spor.Bedre ver enn meldt,kaldt no ikveld. Idag :23km,8,5t

Viermadalen

19.03.2006 14:51

Børgefjell - woohoo! Blå himmel, sol og bris. Utruleg flott! Har hatt lunsj på Viermahytta og går no oppover Viermadalen.

Husk å svare på konkurransen! Den finn du her Kanskje litt vanskeleg, men det er bare å tippe. Fin premie.

Tok vel ikkje med at eg gjekk ca 22km igår, 5 timar utanom pausen i Røyrvik

Namsvatnet

18.03.2006 20:36

Vinden auka på i går kveld og etter å ha blitt underholdt av Radio Lierne til langt på kveld, så måtte eg ut å sette opp fleire bardunar. Vinden kom sidesvegs på teltet, så då bør det iallefall vera 2-3 bardunar på kvar side.

Idag gjekk eg vidare på Limingen fram til Røyrvik. Var litt skeptisk til isen i det som var markert med namnet “Sundet” på kartet like ved Røyrvik. At det er elveutløp og eit kraftverk like innanfor gjorde det ikkje betre. Her var det ope vatn, men ingen problem å gå på det som no er land på grunn av nedtapping. Isen var ellers god og det plar den også vera ifølge lokalkjente.

I Røyrvik tok eg ein lang pause. Var innom butikken og bensinstasjonen. Jammen hadde dei ikkje 4-takts miljøbensin også, så nå har eg iallefall nok for ei stund. Fekk også snakka med ein som var kjent i området. Han kunne fortelja at isen på Namsvatnet var heile 70cm tjukk, men at det som vanleg var ope vatn i området som på kartet er markert med Tjåelmie. Men det var bare å følga scooterløypa på land, den gjekk forøvrig nesten heilt til Viermahytta.

Rusla vidare oppover langs vegen til Namsvatnet. Sidan det hadde kome litt snø inatt, så var det greit å ta seg fram. Litt hardt for føtene å gå på snø/asfalt, så akkurat det kjennes. Sidan det er utanfor sessongen, fekk eg lov til å overnatta på eit ope rom som tilhøyrer Røyrvik fjellstyre. No er det snart middag og så har eg litt laurdagsgodteri liggande.

Imorgon går eg over Namsvatnet til Viermahytta og sikkert også eit godt stykke vidare viss været er bruktbart.

Utsikt ut over Namsvatnet

Halvegs

17.03.2006 22:10

Ja, no er eg nok halvegs på ruta mellom Lindesnes og Nordkapp. Teltet er satt opp ute på ein odde på Limingen, ein diger innsjø. Snart skal eg lage osteskiver, det skal bli godt!

I formiddag kom eg meg enkelt til Tunnsjø senter. Dessverre ser det ut til at denne bygda mister butikken, det var iallefall stengt og opphørsalget skulle starte over helga. Vidare tok eg vegen, men det var mange bare parti, så det vart litt knotete å ta seg fram. Ned til Limingen var det scooterspor. Isen på denne enorme innsjøen er god, ope akkurat ved tunnellinntak rett sør om gården fjellvang. Vidare har eg traska på innsjøen og det har gått greit. Går inn til Røyrvik imorgon og sikkert eit stykke vidare Idag: ca 31km, 8,5 timar

Film etappe 9

17.03.2006 11:21

Da er en ny snutt film klar. Denne gang fra etappe 9.

http://breogfjellsport.no/Etappe9.3gp

Du treng Quicktime/Itunes frå apple for å spela av. Link til nedlastning Eit tips er å laste ned filmen (høgreklikk, lagre som) før du speler av. Då kan du forstørre bildet litt (200%)

Npl-Quiz

17.03.2006 00:11

No er eg straks halvegs og det er på tide med ein ny konkurranse. Nokon av spørsmåla må du nok gjette deg til, mens andre kan du kanskje klare viss du har fulgt godt med på bloggen. Det er 3 svaralternativ, bruk kommentarfeltet for å sende inn svaret.

Du skriv f.eks: 1B, 2A, 3C osv. Du kan gjerne også kommentere og begrunne svara viss du vil

Premien er denne gongen eit par håndlaga ullsålar frå Luss og Busserulleriet i Kve-bua. Dette er dei beste ullsålane eg har sett til no. Den som vinn får sjølvsagt sålane i ønska skonummer!

QUIZ

  1. Kva liker eg best av desse middagane? Dette er tørka middagsmat som eg har på turen. A: Laksegryte B: Rondane viltgryte C: Italiensk gryte

  2. I Kvam kjøpte eg med meg 1 kg vingummi. Kor lenge gjekk det før denne boksen var tom? Kan ta med at ein blir ganske sugen etter snop på ein tur som dette A: 2 dagar B: 3 dagar C: 5 dagar

  3. Kor mange personar er akkurat no ute å går Norge på langs? A: 9 B: 10 C: 11

  4. I kjellaren på Finse 1222 heng det ganske så flotte bilde frå innspelinga av ein av Star wars- filmane. Men kva for episode? Kan ta med at innspelinga føregjekk på Hardangerjøkulen i mars månad og at det var to snøstormar som skapte ein del problem. Heile settet på 70 personar var værfast på Finse nokre dagar! A: Episode 4 B: Episode 5 C: Episode 6

  5. Når gjekk Lars Monsen Norge på langs? Han og ein annan gjekk turen frå Kirkenes til Halden, langs norskegrensa, og brukte eit år på turen. A: 1988-89 B: 1989-90 C: 1990-91

  6. Kor lang og brei er pulken min? A: 58cm brei og 190cm lang B: 53cm brei og 150cm lang C: 60cm brei og 135cm lang

  7. Kor mange dagar har eg holdt meg i ro, enten værfast eller fordi eg har tatt ein kviledag? A: 2 dagar B: 3 dagar C: 4 dagar

  8. Kor mange teikn er det maksimalt i meldingane eg sender via satelitt? Ok, denne er kanskje litt vrien… A: 152 B: 154 C: 160

  9. Då eg var ved prinsehytta i Sikkilsdalen var det ingen kongelege (eller andre) i mils omkrets. Kongefamilien var i Torino for å sjå på OL og i den forbindelse vart ein av dei intervjua denne dagen. Dette såg eg altså på mobil-tv, m3n kven var det? A: Kong Harald B: Kronprins Haakon C: Kronprinsesse Mette Marit

  10. Til slutt kan vi ta nokre påstandar. Finn ut kva for ein som ikkje er sann! A: Eg mista GPSen, men gjekk tilbake og fant den igjen B: Eg har kjørt på ski med pulk i ca 40 km/t C: På Finse satt eg 2 timar i badstua

Vel, då er det bare å svara. Du bruker altså feltet under og eg tar kontakt på epost viss du vinn. Alle som vil kan delta!

Trivelege folk

16.03.2006 22:52

Den trønderske gjestfriheten er stor og som nevnt igår, så fekk eg overnatta hos ein hyggeleg familie i Nordli. Takk til Arnstein og Berit i Granbakken! Idag starta eg i løypa til flyktningerennet, eit turlangrennsløp.

Klarte å kome innpå eit feil spor, så eg måtte litt tilbake igjen, men det var ikkje så altfor langt. Over mot Kvea tok eg ned på vegen og det gjekk greit der

Kve-bua

Stakk innom Kve-bua, den lokale butikken og møteplassen for dei rundt 140 innbyggerane i bygda Kvea. Her vart eg budd på kaker og kaffi i “Kaffekroken”, ei flott stue med sofa og bord som var innreda med villmarkspanel inne i butikken. Her kom folk for å ta lunsjen og treffe sanbygdingar. Eigentleg ganske genialt opplegg å kombinera butikk og ein slags uformell “cafe”. I rolege periodar dreiv innehavaren å laga ullprodukt. Eg fekk med meg eit par tjukke ullsåler, det ga han til alle NPLere som kom forbi. Han hadde også ei gjestebok spesielt for Norge på langs farande og det viste seg at mange hadde vore innom. Etter ein og ein halv time rusla eg avgårde igjen.

Vegen over mot Tunnsjø senter var stor sett bar og eg måtte gå litt i brøytekanten. Over på svensk side kom eg inn i snøscooterspor og eg følgde desse vidare. Det er ein god del lengre enn vegen, men det er absolutt betre enn å kave seg fram i grøftekanten. Har telta litt opp av Kvarnbergsvattnet og skal imorgon først gå til Tunnsjø senter og så vidare til Limingen og Røyrvik Idag: ca 35km, 10 timar inkludert pausar

Framme i Nordli

15.03.2006 14:02

Kjøleg inatt, men fin morgonsol då eg pakka ned leiren. Så har eg fulgt brukbare ski- og scooterspor heilt ned til vegen. Her gjekk eg i vegkanten ned til Laksjøen og over denne til Nordli. Her vart eg møtt av ein kar som ofte snakka med npl-farande. Eg kunne få overnatte hos han, det var ingen problem. No har eg bestilt mat på Li-Vert’n som ligg vegg-i-vegg med kommunehuset. Etterpå skal eg bort på Ica for å handle og hente pakke med nye kart og diverse. Imorgon går turen vidare i retning Røyrvik. Ikveld skal eg skriva meir om desse flotte dagane eg har hatt i Nord-Trøndelag! Idag: ca 15km, underkant av 4 timar

Mot Nordli

14.03.2006 22:11

Dagen starta med 400 høgdemeter oppover, men det var spor eit stykke. Litt knot med å ta seg ned i Fossdalen, delvis hardt føre og lite snø. Vidare gjennom skogsområder. Også her litt roting for å koma fram. Kom til slutt innpå skispor og då gjekk det kjapt vidare. Slo opp teltet kl 19. Det er ca 14-15km til Nordli, spor og lett terreng i den retningen. Rauk ein wire på Riva3 bindingen idag. Måtte skifte heile greia sidan det satt bom fast. Flott måneskinn ute no, er vel snart fullmåne. Lyser godt opp i teltet. Idag: 27km, 9,5 timar

Mot Berglia

13.03.2006 22:16

Det var utruleg fint på Gjevsjøen, ein fjellgård opp av Snåsa. Folka som bur der er trivelege og greie. Etter ei god natts søvn, var eg klar til å gå mot Berglia. Solskinn også idag, men ein del vind av varierande grad. Vekslande føre, så eg gjekk med feller ganske lenge. Litt tett skog nokre steder og det tok litt tid å ta seg fram der. Er nokre km frå Berglia og satte vel opp teltet i halv åtte tida.

Meir om Gjevsjøen når eg kjem til Nordli. Idag: 30km, 7,5km

Bilder i album

13.03.2006 15:26

Har lagt ut masse nye bilder i bildegaleriet. Disse er en samling av bilder fra de 4 siste etappene. Altså fra Tyinkrysset til Tevletunet.

For å se bilder

Thomas

Gjevsjoen

12.03.2006 23:22

Kom i skumringa fram til Gjevsjoen etter ein roleg og flott dag pa ski. Veldig trivlege folk her! Idag 30km, 9 timar

Flotte dager i fjellet

12.03.2006 16:25

Etter eit fabelaktig opphold på Gaundalen fjellgård, er eg no på veg til Gjevsjøen. Har hatt ein times lunsj ved Holderen i det svært så fine været. Sol, blå himmel, vindstille, -2 grader i skyggen og temmeleg varmt i solsteiken. Legger ved litt bilde - mykje meir kjem seinare

Fantastisk flott

11.03.2006 19:53

Vakna til varmande solskinn og ikkje eit vindpust.Labba bort til Gaundalen utan jakke.Flott natur og greie folk her pa garden.15km,5,5t

Flott dag

10.03.2006 21:22

Kjempegod frokost pa Sveet, takk for oppholdet!I solskinn og i spor til Lakavatnet midtvegs til Gaundalen fjellgard.Idag: 18km,litt over 6t

Ny film

10.03.2006 13:07

Her er en ny film fra Ragnar Det kommer også flere bilder fra etappene som har vært. Disse kommer i løpet av helgen, så følg med!

http://breogfjellsport.no/Etappe7og8.3gp

Du treng Quicktime/Itunes frå apple for å spela av. Link til nedlastning Eit tips er å laste ned filmen (høgreklikk, lagre som) før du speler av. Då kan du forstørre bildet litt (200%)

Thomas

Sveet gjestgiveri

09.03.2006 22:09

Var ganske sliten då eg kom til Sveet gjestgiveri i Vera. Dette må vel seiast å vera ein klassisk NPL-stad og mange har tatt seg ein kvil her. Dei som driv stedet - og gården - er svært så hyggelege. Har ei hytte for meg sjølv og no etter ein varm dusj, så har det blitt laga middag til meg. Elgkarbonader og fromasj til dessert smaka kjempegodt! Eg er forøvrig den einaste gjesten idag.

Dagen starta med flott morgonsol som skein på teltduken. Det blafra litt i teltduken og varierande vind har det vore i heile dag. Litt kjøleg då eg stort sett gjekk på ski eit lite stykke frå vegen, opptil frisk bris. Sandvika låg i le for vinden og i solskinnet var det varmt. Gjennom spredt skogsterreng over til Vera. Gode spor i starten, litt meir gjennføyka i høgden. Fint terreng å gå i, men litt kronglete der skogen er tett. I morgon går eg mot Gaundalen fjellgård, men det er nok for langt å ta det på ein dag. Idag: ca 31km, 9 timar

Skallsvattnet

08.03.2006 23:04

Dagen starta i tåke, men det letta og vart sol seinare. Tok ruta over fjellet eit stykke nordover, istaden for å gå i scootersporet. Fine forhold! Imorgon går turen tilbake til gamlelandet og vidare mot Vera. Idag: ca 28 km, 8 timar

Leirbaal

08.03.2006 20:09

“Bålets flammer stiger høyt mot sky, her i skogens ly vi glemmer slit og bry, mens nattehimmlens stjerner titter frem, våre tanker går på vandring hjem!”

Over svenskegrensa

07.03.2006 21:28

Venta i formiddag på at postbudet skulle koma med pakke til meg, så eg kunne ta det ganske med ro. I den flotte og store hytta eg hadde fått låne på Teveltunet, kunne eg verkeleg slappe av. Gjorde også litt fornuftige ting, f.eks ved å fikse litt på Bergansbuksa mi. Brukte nesten ein heil nylonlapp for å lappe og forsterke svake område. Fiksa også den eine bukseselen som var laus. Dei nye fellane mine kutta eg til, så nå skal det bli godt feste i oppoverbakkane!

Utpå dagen kom postbudet og eg kunne pakke ned tinga i pulken. Då eg skulle gå, forslo den svært så hyggelege innehavaren av Teveltunet at han kunne ta med seg pulken eit stykke. Han skulle uansett fylle bensin på snøscooteren i Storlien. Snakk om service! Takkar og bukkar for slike hjelpsomme folk. Eg kunne difor sprinte avgårde med bare dagstursekken og det gjekk unna. Var over til Storlien på “no time” og stakk innom Konsum, daglegvarebutikken. Handla brød og diverse, men hadde det meste som trengtes for turen frå før av. Gjekk så opp ein slak stigning opp til Åhlenstugan, ei lita hytte som står open og som brukes som vindskydd for fjellvandrarar. Etter ei stund kom innehavaren av Teveltunet på snøscooter med pulken på slep. Det viste seg imiddlertid at spada hadde losna, så han måtte ut å leite etter den og med det samme skulle han ned til Storlien for å fylle bensin. Litt seinare kom han tilbake med - ja ganske riktig - snøspada mi og i tillegg ein sekk med ved! Så nå har eg fått fyrt opp i denne vesle og koselege hytta, varmt og godt her inne. Imorgon fortsett eg mot Nordre Rensjøen.

Viss ein er på desse kantar, så er kan ein altså stikke innom Teveltunet, eit flott hotell/fjellstue med fleire store hytter i tillegg. På nettet: www.teveltunet.no

Idag: ca 9km, 3 timar inkludert stopp i Storlien

Reisebrev fra Teveltunet

07.03.2006 12:50

Ja, no er eg på Teveltunet, like ved grensa til Sverige. Kom igår kveld ned frå fjellet gjennom skog og kuppert terreng

Turen frå Røros har vore kjempefin. Alexander vart med den første dagen og vi gjekk i 13-tida frå Bergstaden. Heile dagen traska vi i preparerte spor og enda opp like ovanfor Aursunden før vi slo opp teltet. Med full fres på primusen varte det ikkje lenge før det vart godt og varm i teltet. Ein fin kveld og ein roleg formiddag, før Alexander satte kursen tilbake mot Trondheim og studier der. Det vart altfor langt å gå heilt til Stugudal, så det vart til at eg slo opp teltet i vegkanten 14-15 km derfrå. Mykje av dette strekket gjekk på vegen, men inn mot Stugudal var det skiløype. På Stugudal landhandel fekk eg kjøpt brød og godteri og satte på ettermiddagen kursen for Nedalshytta. Dette vart no litt omveg fordi både Nesjøen og Esansjøen hadde sikker is, men det var greit å ligge innandørs.

Nedalshytta

På hytta var det allereie 3 stykker som hadde kome frå Sylstasjonen, ei svensk turisthytte. Hadde ein triveleg kveld på hytta, før eg la ruta over innsjøane til Storerikvollen. Kjempefint, men kald trekk. Får nesten ta ein runde i Sylan, eller Sylarna som svenskane kaller det, ein gong. På Storerikvollen var det ein flott solnedgang og sjølvbetjeningskvarteret var kjempefint. Dei same karane frå Nedalshytta kom også utpå kvelden, dei hadde gått anna rute.

Eg visste det var temmeleg langt til Teveltunet, så eg prøvde å starta tidleg. I halv-ni tida var eg klar og traska avgårde. Kartet var ikkje heilt einig i med terrenget om eit par skiløyper, men eg kom meg no vidare ved å gå nokre kilometer på veg. Den siste mila over til Teveltunet tok eg på i halv-fire tida. Skog og ganske kronglete, men fine spor. På toppen forsvann meir eller mindre spora og merkinga. Prøvde å følge den innteikna vinterruta på kartet og kom så inn i skispor. Men det var temmeleg ulent og det vart ei ganske artig nedkjøring med pulk. Heldigvis var det brukbart føre, 10-20cm nysnø oppå eit hardt lag. Etter litt roting i skogen kom eg ned på ei oppkjørt skiløype og fulgte denne ned til Teveltunet

Kald hytte

Nord trøndelag turistforening leiger to små hytter på Teveltunet. Tenkte eg skulle overnatte der, sidan hotellet ikkje var ope. Etter å ha rota rundt for å finne desse hyttene, så viste det seg at dei mangla straum. Utan anna oppvarming hadde det blitt temmeleg kjøleg. Ringte til innehavaren av Teveltunet og han kom straks kjørande. Fekk ei stor utleigehytte som var god og varm! No sit eg her og ventar på at posten skal kome med ei pakke.

Etappen gjennom Sylane var veldig fin. Været var strålande og det har vore kjempebra. Det einaste eg ser i ettertid, er nok at eg burde ha lagt kursen direkte til Storlien, det hadde vore raskare og enklare. Ruta vidare er ikkje endeleg fastsatt, men eg går iallefall på svensk side nokre dagar. Skal sikkert innom nokre fjellgårder før eg når Nordli om ei ein del dagar.

Har fått tilsendt nye skifeller som sikkert kjem til å sitte betre enn dei eg har no. Ellers er det blitt litt rifter i buksa som er snart må lappe! Tappen på den eine staven knakk, så eg skal kjøpe ny stav i Nordli. Den fungerer brukbart fortsatt og eg har reservestav også

Det var alt for denne gong. Video kjem snart og bilder blir sendt i posten

Teveltunet

06.03.2006 23:00

Vakna opp til ein ny flott dag i Sylan. Sola var tidleg oppe og det var nesten vindstille då eg gjekk frå Storerikvollen litt over halv-ni. Termometeret viste 15-16 kuldegrader, men i solskinnet var det til tider varmt. Vidstrakt utsikt i alle retningar og glinsande snøkrystallar då eg kom litt opp i høgden, utruleg flott. Måtte til med litt solfaktor idag, sola tar meir og meir kjenner eg. Det skulle visa seg at turkartet “Sylan” ikkje er heilt på topp alltid. Først va ei skiløype teikna inn som definitivt ikkje eksisterte, tok difor ein lokal veg 2-3 km. Den siste mila mot Teveltunet starta bra, det var fine spor og bra føre. Lenger oppe førte både merking og spor i ein annan retning enn det kartet tilsa. Tydelegvis nokon ny og gamal merking som er miksa isaman (permanent vintermerking). Ned til Teveltunet var det skog og kuppert. Heldigvis var det ganske ferske skispor, ellers hadde det vore vanskeleg å finne fram. Ganske heftig nedkjøring var det når eg hadde ein pulk på slep! Det gjekk no brukbart og eit stykke nedover skogen kom eg innpå ei skiløype. Heile denne delen av ruta var svært så missvisande på kartet! Kom til hotellet og hyttene på Teveltunet i halv-åtte tida, men fann først ikkje dei to hyttene som er sjølvbetjente turisthytter. Så var det litt knot med å få opp låsen og inne var det kjøleg. Prøvde å slå på panelovnen og lyset, men straumen var tydelegvis ikkje tilstades. Ringte difor til innehavaren av Teveltunet og han kom sporestraks og innlosjerte meg i ei stor og varm utleigehytte. No har eg hatt middag og slappa av. Håper pakken med nye kart og diverse kjem imorgon. Idag: minst 33km, 10,5 timar

Storerikvollen i Sylan

05.03.2006 21:43

Tok ein litt roleg dag. Starta i ellevetida frå Nedalshytta og gjekk først ned til Nedsjøen. Fulgte denne innsjøen til Esandsjøen og vidare bort til turisthytta Storerikvollen. Flatt og fint og kjempegod utsikt opp mot toppane i Sylan-masivet. For ein gongs skuld var også vinden i ryggen, så den kalde brisen kjentes knapt nok i solskinnet. Omlag 12-14 kuldegarder midt på dagen og 19 kuldegrader no ikveld. Håper å gå heilt til Teveltunet imorgon, ca 32km, så eg planlegg å starte relativt tidleg, kanskje i åtte-tida.

Det er idag den 50.dagen på tur! Då er eg omtrent haldvegs tidsmessig, sjølvom eg ikkje er halvegs i distanse. Dagane bare flyr avgårde og det føles som om eg har vore på tur i bare 2-3 veker. Håper på at dei 50 neste dagane skal bli like innhaldsrike og flotte som dei 50 første!

Det var alt frå ei koseleg og varm turisthytte i Sylan. Og at eg er nær Sverige merkes godt; denne meldingen går via mobilnettet til “søta bror”. Idag: ca 21km, 6 timar

Sylan-bildespesial

05.03.2006 21:22

Sidan det idag er den 50.dagen på tur, så må eg nesten vise nokre ekstra bilde frå ein flott dag i fjellområdet Sylan

Vi starter i dag morges med morgonsol på Nedalshytta

Ute på Nesjøen og Esandsjøen var det flott utsikt til den høgste toppen i Sylan-masivet; Storsylen på 1762 moh. Toppen ligg akkurat på grensa mellom Norge og Sverige.

Eg avsluttar denne bildespesialen med å vise kveldstemninga her på Storerikvollen tidlegare ikveld.

Nedalshytta

04.03.2006 22:27

Litt på veg og litt i skiløype ned til Stugudal. Inatt var det omtrent 17 kuldegrader ifølge lokale folk, omtrent det samme no. Handla litt på Stugudal landhandel og bestemte meg for å gå 15 km opp til Nedalshytta. Litt omveg, men følte for ei natt på hytte. Tok litt tid innover, treigt føre og smørmingen gjekk fort av. Det blåste også frisk bris etter kvart og då vart det kjøleg! Kom til hytta like før 19.30 og då var det nesten mørkt. Hytta var god og varm, 3 hyggelege studentar var her allerede. Idag: 29km, 9 timar

Mot Sylane

03.03.2006 22:49

Tok ein roleg formiddag og gjekk vel frå teltplassen i halv-tolv tida. Etter nokså nøyaktig eit døgn, eller omlag 1% av npl-turen, så returnerte Alexander tilbake til Røros og seinare på dagen med tog til Trondheim. Kjempekjekt med litt besøk på turen!

Eg tok ut på innsjøen Aursunden og gjekk ein del kilometer på denne, før eg tok opp på vegen. Så har eg traska i vegkanten heilt opp hit eg er no, omlag 14km sør om Stugudal. Ikkje like kjøleg ikveld i forhold til dei siste dagane, det har nok med at det skya litt til.

Imorgon går turen først til Stugudalen og Væltarstugu/Tydal hotell. Her skal eg innom ein liten tur for å kjøpe nokre småting. Reknar meg at eg går eit stykke vidare, kanskje opp til ei turisthytte. På mandag eller tirsdag kjem eg forhåpentlegvis til Teveltunet, like ved grensa til Sverige. Her skal eg henta ein pakke med kart og diverse for den neste etappen. Går kanskje innom Storlien og iallefal bærer det inn i Sverige eit stykke. Krysser så tilbake til Norge og går vidare i Nord-Trøndelag til Nordli

Det er bra med snø og skiføret er ganske godt. Reknar med at det også er ein del spor i Sylane fordi det er vinterferietid i trøndelag denne veka.

Idag: ca 28km, 7timar

Reisebrev fra Bergstaden

03.03.2006 22:28

Turen frå Folldal virka på kartet litt kronglete då eg planla denne etappen tidlegare i haust. Og det vart det igrunnen.

Etter eit fint og avslappane opphald på Folldal fjellstue, bar det innover Kakkeldalen. Her var det ganske avblåst og snøen hadde minka kraftig etter mildværet dagane før. Kom meg greit over skaret og ned til elva Einunna. Fann også brua, som ikkje var merka av på kartet. Imiddlertid var det ein låst port på brua slik at det vart vanskeleg å få pulken med seg over. Sidan isen såg sikker ut, så kryssa eg over og det gjekk fint. Oppfordrar dei som eig denne brua til å lage ein port slik at personar kan passere. Det visste seg at Einunna hadde stor vassføring og isen såg særdeles usikker ut lengre nede.

Eit stykke ned i Einunnadalen traff eg på 3 damer frå Folldal som var ute på tur med 3 hundar. Dei hadde ei seter lengre nede og meinte også at det måtte vera betre å gå via Savalen istaden for å gå mot Gløta. Vart innvitert inn og fekk elgsteik til middag og fin overnatting innomhus på Romsdalssetera. Til sommaren skulle dei opne opp ein kafeteria med sal av lokale seterprodukt - spanande prosjekt. Natta var kald og været skiftande. så det var greit å ligge inne.

Turen vidare mot Savalen gjekk ganske greit, men måtte følge ein veg eit stykke sidan skogen var svært tett. Det siste stykket gjekk på ein delvis brøyta fjellveg og her var det fine scooterspor å gå i. Det var mørkt og eg satte difor opp teltet første og beste plassen nede ved ein liten innsjø, ikkje langt frå Savalen.

Dagen etter gjekk eg innom Savalen spa og fjellhotell. Det var verkeleg flott og ikkje minst stort. Fekk både lunsj og litt informasjon om ruta vidare, men dei ikkje hadde så altfor god peiling på ruta mot Røros. Tok også ein tur ned i spa-bassenget, herleg! Savalen var utruleg stort, masse hytter, det store hotellet og mykje anna.

Fulgte vegen eit stykke vidare nedover mot Tynset og tok småvegar vidare. Då eg kom til Tynset fann eg ut at eg like godt kunne overnatte der, så eg fekk eit fint og billig rom på Tynset motell og camping. Innehavaren var godt kjent i området og viste nøyaktig ruta vidare nesten heilt til Røros.

Over frå Tynset til Vingelelen måtte eg over eit fjell på 1000 moh, men det gjekk fint i stort sett preparerte løyper. Den siste mila til Vingenlen vart det sporbrøyting, men eg fann iallefall fram. Satte opp teltet omtrent 8km vidare nordover. Det var temmeleg kaldt denne kvelden, men det var uproblematisk. Hadde masse bensin igjen og det var bare å fyre på full guffe.

Over mot Dalsbygda var vegen brøyta. Var innom i butikken å handla lunsj. Siste del inn til Røros var drøy. Gjekk til fots i oppoverbakkar, men tok på skia i nedoverbakkar og deg gjekk ganske radig.

Røros var ein fin plass. Vandra litt i gatene før eg fekk meg eit rom på Erzscheidergården. Hadde ein god del ting å tørke og ting låg strødd ut over heile rommet. Seinare på kvelden gjekk eg ned på ein italiensk resturant. Prøvde først å bestille ein stor pizza, men servitøren meinte det var umogleg for meg å eta opp. Men han skjønte etter kvart at eg var ganske svolten, så eg fekk ein “ekstra stor” liten pizza.

Eg var ganske trøtt og tok heller ein tidleg kveld istaden for å skrive ferdig dette reisebrevet. Difor kjem det no eit par dagar etterpå, men mesteparten vart skrive ned medan eg endå var i Bergstaden

På denne etappen vart det 2 netter i telt, ei natt på seter og ei natt på motelrom.

Aursunden

02.03.2006 21:28

Starta dagen med ein runde i gatene i Røros for å proviantere og få tak i diverse nødvendige ting. Alexander kom med toget litt over tolv og vi gjekk frå sentrum litt over ett. Fine og preparerte spor over fjellet. Kom ned til innsjøen Aursunden i skumringa og har satt opp teltet på eit jorde. Kjølig vær for tida, sikkert 15-20 minusgrader utanfor teltet, varmt her inne. Imorgon går turen mot Stugudal og Tydal, mens Alexander går tilbake til Røros. Idag: 17 km, 5,5 timar

Bergstaden

01.03.2006 20:16

Starta klokka ti idag og gjekk stort sett til fots på ein brøyta skogsveg til Dalsbygda. Handla lunsj på butikken før eg gjekk vidare. Ganske drøy tur inn til Røros. Tok ein liten veg som til slutt enda opp i enden av flyplassen. Omtrent kl 18 kom eg inn til sentrum og tok ein runde der før eg tok inn på Erzsheidergården, ein overnattingsstad i gamal stil. No er eg på ein italiensk resturant og skal få meg litt mat. Imorgon kjem Alexander (ein kamerat) med toget hit og blir med til fredags morgon. Mange ting å ordne før avgang, så det drøyer nok litt utpå dagen før vi går. Idag: minst 30km, 8 timar

Tilfeldig valgt bilde

IMGP0588.JPG

Date: 26.01.2006

Nyeste album

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Date: 15.05.2006