NPL06 - Etappe13: Abisko/Riksgränsen - Kilpisjavri
Frå Abisko til indre Troms, treriksgrensa og bort til Kilpisjavri, like over grens til Finland
Av Ragnar Fjeld 13.01.2006, oppdatert 19.07.2006

Lengde: 179km
Antal dager: 6 (brukte 7 dagar)
 
Vèr obs på dette med rabies og Finland. Det kreves vetrinærkontroll og papirer for å ta med hunder til Finland og det er høge bøter (og relativt stor sjanse for å bli tatt) viss ein omgår desse påbuda. Sjekk dette opp på førehand.
 
Må ein gå rundt finland, vèr obs på at ein då går gjennom eit vèrutsatt område og at kryssing av Reisadalen kan vera vanskeleg
 
Depò:
Depo kan sendes til Post i butikk (eller postkontor??)
Abisko Lapporten
98107 Abisko
Tlf: +46 020232221
Post i butikk
Opningstider: Man-fre 10-19, lør 10-18, søn 11-17
Det er butikk/bensinstasjon i Abisko
Dett gjekk greit å henta pakke i Abisko (på daglegvarebutikken i Abisko aust, nokre kilomter frå turiststasjonen). Vart sendt som "Carry on" pakke

Satser på å ikkje motta post i Kilpisjavri
 
Webkamera:
Abisko/Lapporten: http://www.kommun.kiruna.se/web2/kameror/wcam/cams.asp?cami=60
Avisko vest: http://www.abisko.nu/webbkamera/abisko.jpg
 
 
Hytter/overnatting:
Stordalsstua th
Pålnostugan (svensk)
Lappjordhytta th
Gaskashytta th
Vuomahytta th
Dividalshytta th
Dærtahytta th
Rostahytta th
Gappohytta th
Gåldahytta th
Paltsastugan (svensk)
Det er ikkje dopapir på turisthytter i Nord-Norge. Søppel må ein ta med.
 
Narvik og omegn turistforening: http://www.narvikfjell.no/
Troms Turlag:turistforeningen.no/tromsturlag/
 
Kart:  
           
BD6 Abisko-Kebnekaise-Narvik, 1-100.000 (svensk kart)
BD3 Rensjoen-Pilsjarvi
BD1 Treriksrøset-Råstojaure
1431I Bjørnfjell, 1-50.000
1432II Bones
1532III Salvasskardet
1532II Altevatnet
1632III Julosvarri
1633II Signadalen
1632IV Rostadalen
1633II Helligskogen
 
 
 
 
Riksgränsen til Dividalshytta ca 110km
Abisko – Dividalshytta via Altevatnet: ca 98km
Abisko – Dividalshytta via Vakkerrøysa(rr275):ca 73km
Dividalshytta – Kilpisjarvri: ca 81 km (kortaste, evt 92,5km)
 
 
13.0 Riksgränsen(ca 480 moh) – Stordalsstua th (ca 460 moh) – Lappjordhytta th (600 moh), delvis rutenr 885 og 966/965 eller 967, ca 32km fram til Lappjordhytta kortaste veg
Denne ruta er kun aktuell viss eg går om Riksgränsen.
885: Bjørnfjell st – Stordalsstua
Sommerruten følges over grensen og på vestsiden av Vassijaure og Njuorajaure, over Vann 484 og over grensen ved vannskillet, 550m, 1km ned til Stordalsstua, Troms turlag. ca 14,5km fram til Stordalshytta.
967: ”Krevede tur…”  Sjå i ”På ski i fjellet viss aktuelt
966: Pålnostugan – Stordalsstua (motsatt veg):
Mot SV til Njuoraeatnu og langs elva til Vuolip Njuuorajävri, videre over Bajip Njuorävri og Japmanjarvri, 484m. Derfr sommerruten nedover til Stordalsstua, 1km N for grensen.
965: Lappjordhytta-Pålnosstugan (motsatt veg):
Sommerruten følges om grenserøys 272 til Pålnosstugan, STF.
Mest aktuelt å gå til Bajip Njuorävri og ta austover direkte mot Lappjordhytta/Pålnostugan, rutenr 966.
 
 
13.1 Abisko(ca 350moh) - Lappjordhytta th(600moh), ca 20km
Over Torneträsk til Pålnosstugan. Vidare rute 965 til Lappjordhytta th.
965: Lappjordhytta-Pålnosstugan (motsatt veg):
Sommerruten følges om grenserøys 272 til Pålnosstugan, STF.
Dette er den mest aktuelle ruta, må nesten nedom i Abisko, då det er ein lang etappe dit og ein lang etappe vidare.
Frå turiststasjonen i Abisko, ned i scooterløype ned på Tornetrask  (til "badstuhytte", littegrann i feil retning). Utpå den store innsjøen Tornetrask i retning Pålsnosstugan og Lappjordhytta. Frå Pålnosstugan (under oppussing, open, men enkel standard, Svenska turistforening), er det skog og delvis temmeleg bratt opp til Lappjordhytta. Først opp bak hytta og bort til grenserøys (obs: delvis tett skog). Så bort til Grensevatnan på norsk side. Derfrå tok eg bort eit par hundre meter mot liten ryggformasjon, for å så krysse nord-austover omtrent til bekkedal og så opp og bort til hytta. NB! Det er bratt her, så pass på ved motsatt ruteretning. Sommarstien siste stykket bør ikkje følgast etter det eg kunne sjå! 
Svensk mobildekning på Lappjordhytta (god dekning)
13.2 Lappjordhytta th (600moh) – Gaskashytta th (530moh), rutenr 964, ca 37km
964 Gaskashytta – Lappfjordhytta (motsatt veg):
Altevatnet krysses. Vær oppmerksom på mulig usikker is! Helst bør man gå østover mot Steinelva før vannet krysses. Opp langs Krokelva og vestover til Salvasskardet. Sørover langs Cappesbak’ti – hold godt øst for fjellet, minst 200m på grunn av mulig skredfare. Videre langs sommerruten til Lappjordhytta. Ruta går opp til omtrent 1000moh. Altevatnet 472-489 moh.
 
Eg gjekk Lappjordhytta - Altevasshytta - Gaskashytta
Oppover frå hytta stort sett i sommartrasèen. Grei nedkjøring vest for Ganesbakti. Vidare oppover Lairevaggi til sameleir. Så nedover Salvasskaret, tidvis på elva, men også litt opp i dalsida. Ned til vegen og denne følges ned til Altevassdeminga. Turisthytta ligg øvst i hyttefeltet på andre sida (sjå turistforeningen.no for koordinater), men kan vera vanskeleg å skilja frå fleire hundre andre hytter i området. Altevatnet er regulert og har alltid opne råker visse stader. Frå Altevasshytta austover hyttefeltet og ut på isen nord for råk. På vatnet i retning Livassodden (her går ein ofte på land pga nedtapping). Lite søkk der elv kjem inn. Frå Livassodden langs myrer til Gaskashytta.
 
Ved direkterute Lappjord - Gaskashytta, ver obs på dårleg is.
 
Mobildekning ved Altevasshytta og fram til Gaskashytta (Basestasjon ved Altevassdammen)
 
13.3 Gaskashytta th (530moh) – Vuomahytta th (712moh), rutenr 961, ca 17km
961 Vouomahytta – Gaskashytta (motsatt veg):
Vuomajåkka følges vestover og inn i dalføret mellom Doaresbak’ti og Gai’bavarri og videre vestover langs Gakasjåkka. Langs sommerruten ned gjennom bjørkelia til Gaskashytta. Gå ikke for nær elva, bratt og farlig terreng

Frå Gaskashytta, opp lita kneik i starten og vidare på austsida av elv i nordlig retning, stort sett langs sommarruta. Vidare lang og jamn stiging, hald godt klar av bekkedalen. Ver noko obs her ved stor skredfare (bratt parti ovanfor), men ikkje så veldig utsatt etter det eg kunne sjå. Slak nedkjøring frå Jierdni. Høgden haldes tidvis nedover like på oversida av fleire vatn. Greit langs elva og ned til Voumahytta.
13.4 Vuomahytta th (712moh) – Dividalshytta th (620 moh), rutenr 960, ca 24km
960 Dividalshytta – Vuomahytta (motsatt veg):
Sørover bjørkelia 6km til en hytte ved Hav’gajåkka. Derfra mot V, over Divielva og over Storskogmoen, så mot NV, over Galgajav’ri til Vuomajåkka som følges til Vuomahytta ved nordbredden av Vuomajav’ri.
Her er det fleire alternativ, alt etter som!

Det vart til at eg gjekk kortaste veg, men den vil eg ikkje anbefala, iallefall ikkje med pulk:
Frå Voumahytta, over Vuomajavri og sør av Blåfjellet. Langs Vuomajohka og over denne. Vidare ned omtrent mot pkt 650 og på skrå nedover i austleg retning mot sommarsti. Det var eit par bekkedalar som var noko bratte og til tider tett bjørkeskog. Då det nærmar seg elva, ned og over liten bekkedal, så sikk-sakk i skog nedover mot Divielva. Skog, bratt og ulent det siste stykket. No hadde eg spor å gå etter, så det hjalp litt. Altså ikkje anbefalt med pulk. Er nok litt enklare motsatt veg, då ein har betre oversikt over det bratte området. Greit å gå på Divielva og opp omtrent der sommarstien tar opp til Dividalshytta. Skog og nokre små skrentar som må omgås oppover, eg haldt bittelitt nord av stien eit stykke.
 
Alternativ:
1.Som rutenr 960 ovanfor.
2.Nord frå Vuomahytta og ned Anjavassdalen ned til Anjavasshytta. Vidare oppover elva og opp til hytta som beskrevet over.
(Eg har ikkje gått nokon av desse)
 
13.5 Dividalshytta th (620 moh) – Dærtahytta th(720moh) – Rostahytta th(465moh), rutnr 957 og 956, ca39,5/51 km alt etter vegvalg mellom Dærtahytta og Rostahytta
957 Dærtahytta - Dividalshytta (motsatt veg):
Sommerruten følges på sørsiden av vassdraget, opp mellom Jalguhas og Bumannsberg og ned til vann 728. Stuora Nam’na rundes på øst og sørsiden, så vestover Skaktardalen til vadested. Herfra mot S opp gjennom skaret mellom Lille (unna) Jer’ta og Jer’ta. Et stykke sørover langs bekken, så rett vestover på sørsiden av l. Jer’ta til Dividalshytta øverst i skogkanten. Kartref 525 191, 620moh.
 
956 Rostahytta – Dærtahytta (motsatt veg):
I godvær kan man følge sommerruten V om Aslakvarri og mot SØ opp til Gassavaggejavrit, over Buossir, over vann 929, ned gjennom et skar V for dette. I skaret liggen en bratt, delvis avblåst ur. Skiene bør tas av et par hundre meter. Ned til Dærtahytta, kartref 641 341. I usiktbart vær kan man følge Rostaelva til Råstajav’ri, hvorfra vestover til Dærtavag’gi.
 
Først Dividalshytta - Dærtahytta:
Tok ikkje rute 957 ("på ski i fjellet"), då det er litt bratt opp av Dividalshytta.
Haldt høgda sør-austover i skogen eit par kilometer og tok så opp Julosvaggi eit stykke ovanfor elva. Fulgte ddalføre til Beassetjarvi (vatn), runda rundt ryggen frå Jerta og vidare rett nordover . Ein del små knausar, så eg haldt littegrann mot vest ved Jierraluoppa. Vidare aust for Unna Nannas på vatn 729 og haldt dalføret nordvestover (stor sameleir like ved). Runda rundt Jalhhohas mellom 700 og 720 kvota og ned på Cievccasjavri, før dalføret fulgtes opp til hyttene.
 
Dærtahytta-Rostahytta:
Fulgte stort sett rute 956. Ved Buossir er det relativt bratt, men hadde gode forhold, så det var uproblematisk å få pulken med seg opp (om ein noko tungt!). Haldt meg littegrann sør for somamrstien, litt sikk-sakk først og så opp på sjølve "ryggen". Ved usiktbart vèr eller skredfare kan det vera ein god idè å unngå dette strekket.(Fekk informasjon om at det ofte blir kvista eit alternativ. Kun liten del kvista i så fall, ruta i seg sjølv kvistes ikkje)

Vidare oppover til ca 1040moh og ned til Gassacakkjavrrit. Nedkjøring til ca 740 moh, så litt opp igjen før lang nedkjøring til Rostahytta. Siste del er stor og brei fjellside, men det var litt hardt føre og dermed også litt vanskeleg med pulk..


13.6 Rostahytta th(465moh) – Gappohytta th(700moh) – Gåldahytta th(527moh), rutnr 954 og 952, ca 29km
954: Gappohytta-Rostahytta (motsatt veg):
Sommerruten følges til grenserøys 292A. 5-6km over svensk område hvor vassdraget følges sørvestover i retning Isdalsfjella. Over grensen ved røys 291. Sørover Isdalen, gjennom Isskaret. Øverst i nedkjøringen mot Rostadalen ligger vanligvis noen små skavler, vær forsiktig her. Rostahytta ligger helt øverst i bjørkeligrensen, kartref 61 482, 485moh.
 
952 Goldahytta – Gappohytta (motsatt veg):
Sommerruten følges langs grensen mot Finland, N om Gåldahaugen og N om Rundfjellet til Gappohytta på vestsiden av Gappujokka. Vær varsom ved kryssing av elva, mulighet for skavler. Fra gappohytta kan man gå sørover til Paltstugan (STF), den nordligst beliggende hytte i Sverige. Derfra kan man gå vestover til Rostahytta
 
Rostahytta - Gappohytta:
Opp like ved Rostahytta og slakt vidare oppover Isdalen til vatn 641. På vestsida av elva og opp til 800 meters kvote. Her bør ein ikkje følge sommarstien, men heller rett sør for bekken. Grunnen til dette er skrenter som spesielt er vanskeleg å sjå ved motsatt retning. Det var kvista då eg passerte i påsken 2006 og kvistinga gjekk heilt opp til vatn 920. Noko bratt oppstigning er det uansett.
Vidare stort sett langs sommarstien. Over svenskegrensa og nedover elveleie, før ein tar opp omtrent ved grenserøys 292A. Enkelt ned til hytta.. Ver obs på at kartet M711 Signaldalen 1633III på svensk side har 10 meter ekvidistanse! (10 meter mellom høgdekvotane)
 
Gappohytta - Kilpisjavri:
Først må ein krysse bekken like nedanfor hytta, liten bekkedal der det kan vera skavler. Vidare følges stort sett sommartstien. Litt knotete terreng med mykje ein del stein og det var også litt avblåst. Av stien og ned langs bekk vest for Valljihat/Goldahaugen, etter kvart på skrå i retning elva og Golddalsjavri. Frå vatnet kan ein eventuelt ta opp til Goldalhytta. Over vatnet og bort til treriksrøysa. Derfrå er det to ski/scooterløyper. Begge tar nedover elva, men nordlegaste og stort sett på finsk side såg best ut og eg tok denne. Nede på den store innsjøen Kilpisjavri, går både scooterløypa og skiløypa til Siiastupa og den nordlege delen av Kilpiskavri. Der er det eit vandrerhjem blandt anna og det skal vera ein sportsbutikk, samt eit lite usalg av daglegvarer/kiosk (sjekk dette!).
Eg gjekk direkte til Matkailu/Sørlege Kilpisjavri der det er hotell/campingplasser og ein middelmodig butikk. Ingen løype i den retningen. Kilpisjavri var ingen "hyggeleg" plass syntes eg og utvalget i butikken var heller ingen ting å juble for.
 
På kartet m711 kartet "Helligskogen" er det på finsk side 10 meters ekvidistanse!
Ver obs på at butikken stenger kl 17 finsk tid (Finsk tid er +1 time frå norsk tid)
 
Mobildekning (finsk) frå litt før Golddalsjavri.
 
13.6.1 Rostahytta th(465moh) – Paltsastugan – (evt Goldahytta) - Kilpisjarvi
Noko kortare rute via sverige til Kilpisjarvi. Evt innom treriksrøysa.
 
13.7 Goldahytta th(527moh) – TreriksrøysaKilpisjavri, ca 12,5km
Frå Goldalhytta langs sommerruta til Treriksrøys (ca 3km). Vidare nedover elva og over innsjøen Kilpisjarvi til Kilpisjarvi i Finland.
 
 
 
 
Alternativ
13.61 Abisko(ca 350moh)  – TorneträskRR275Geavdnjajavri AltevantnetDividalshytta th, ca 73km
NPL91: Abisko-Tornetrask - Vakkerrøysa(rr275) – Geavdnjajavri – Altevannet – Politiodden – Irggasjavri – Dividalen – Havgahytta.
Dette er den kortaste ruta frå Abisko og nordover til Dividalen. NPL91 og NPL2005-5inord tok denne. Sikkert ei grei rute det som er noko kortare enn ruta via Lappjordhytta.
 
 
 
13.71 Abisko(ca 350moh)  – Torneträsk – Kattuvuoma – Kamasjaure – Rastasjaure – Peera, ca 152km
NPL2003-Toftes trur eg tok denne ruta. Austover Torneräsk og inn i scooterløype nordover mot Kamasjaure og Rastasjaure og ned til Peera, ca 20km sør for Kilpisjärvi.
Dette er den raskaste ruta og kanskje aktuell viss våren slår til veldig tidleg.
 

Konklusjon: Fjella opp frå Sulitjelma kan vera vèrutsatte, men eg hadde solskinn. Indre områder kan ha veldig kalde peridar, men det var varmt då eg gjekk der. Indre troms er verkeleg eit kjempefint område. Kilpisjavri er ingen "blivande stad".

Reisebrev/Blogg
Reisbrev Sulitjelma-Abisko-Kilpisjavri:
http://breogfjellsport.no/npl/blog/?p=244
Sjå også bloggen frå april: http://breogfjellsport.no/npl/blog/?m=200604