NPL06 etappe2: Ljosland - Haukeliseter
Med ski og pulk gjennom Setesdals- og Ryfylkeheiane
Av Ragnar Fjeld 06.01.2006, oppdatert 07.07.2006

Kommentarar og erfaringar lagt til i ettertid med raud skrift.
Mine kommentarar til rutene er skrevet med hensyn på fjellvante folk. Eg kan heller ikkje garantera at det ikkje er noko som kan bli oppfatta feilaktig, sjølv om eg etter beste evne har prøvd å unngå dette. Husk at forholda kan vera særs forskjellige!


Ruta går i KOT og STF sitt nett av turisthytter. Ingen ruter er kvista i perioden, men ruta går stort sett langs kvistetrasèane. Det er ein del regulerte vatn som ein må vera obs på. Ellers går ruta til dels høgt og veldig værutsatt. Det kan fort bli vèrfaste dagar, eller dagar med lite framdrift. Store deler av ruta er vindutsatt, for eksempel Storevatn-Kringlevatn og spesielt Krossvatn Bleskestadmoen, som går svært høgt i terrenget. Også Gaukhei-Øyuvsbu-Håheller-Taumevatn trur eg kan vera delvis vindutsatt.
Vil anbefala å ta kontakt med Stavanger turistforening og KOT for å få teikna inn kvisterutetrasèane. Det vil hjelpa betrakteleg når ein er ute i dårleg vèr

Ryfylkeheiane er temmeleg vèrutsatt!
 
Lengde: ca 157,5km (uten tillegg)
Husk at desse heiane er kupperte og til dels ganske kronglete. Ikkje vurder dagsetappar etter antal kilometer
Antal dager: 10-12 Eg brukte 13 dagar
Litt for snaut anslag. Ein del av ruta kan ikkje gås i dårleg vèr. Uvèr kan vare i fleire dagar og nesten alle årets NPL'ere som starta i januar, låg fleire dagar vèrfast eller hadde dagar med svært liten framdrift.
 
Depò:
Depo på Ljosland fjellstove, settes av på veg til Lindesnes
tlf 38 28 57 00, www.fjellstova.com

Innehavaren av Ljosland fjellstove ordnar det meste. Fin overnatting til ein god pris for NPL'ere. Ta gjerne ein telefon før du kjem. Eg fekk ein skikkeleg god middag då eg. Det er wlan (802.11b på fjellstova)

-Utstyr
Pulk, ski og resten av vinterutstyret
Oppbevaring av utstyr var ingen problem
 
-Mat:Mat for 10 dager
Supplerete litt med mat på hyttene. Hadde alt for lite sjokolade og litt for lite lunsj
 
 
Hytter/overnatting:
Alle hyttene til KOT og STF er ulåste
Ljosland fjellstove, privat, tlf 38285700, www.fjellstova.com
Gaukhei th, KOT
Øyuvsbu th, KOT
Håhelleren th, KOT
Taumevatn th, STF
Heibergtunet Storevatn th, STF
Kringlevatn th, STF
Storesteinen th, STF
Hovatn th, STF
Vassdalstjern th, STF
Krossvatn th, STF
Bleskestadmoen th, STF
Holmevatn th, STF
Haukeliseter Fjellstue, STF, tlf 35062777, www.haukeliseter.no, haukelis@online.no
 
Kart:   Turkart Sirdal-Setesdalsheiene, 1:80.000
            Turkart Sirdalsheiane, 1:50.000
             Kart Dyraheio, 1:50.000, lånt av Hoff
            1413III Rosskreppfjorden, 1:50.000
            1413IV Botsvatn, 1:50.000
            1313I Blåsjø, 1:50.000
            1314II Suldalsvatnet, 1:50.000
            1414III Breive, 1:50.000
            1414IV Haukelisæter, 1:50.000

Rutene er kvistetrasèer, med unntak av delvis Kringelevatn-(Hovatn)-Vassdalstjern.
Delvis innteikna etter ”På ski i fjellet”, ellers turkartets kvistetrasèer
 
2.1 Ljosland 530moh - Gaukhei th 828 moh, rutenr 1, ca 16km
Kvistet nordover Langevatnet V for innløpsoset i Sandvatn. Langs bekken til Oppsettjørn, videre over Storvatn-Bustøltjørn-Vevasstjørn-Stegilsvatnet-Øyavatnet, Ø om Skarveknuten til Gaukhe.
Regulerte vatn, sjekk is. Ikkje kvista
Temmeleg tung start. 50-100cm nysnø. Uansett så har eg inntrykk av at dette strekket er veldig drygt. Opp frå Ljosland følges ein veg til dammen. Langevatnet var nedtappa og det var litt kronglete å ta seg ned på isen, som forøvrig var litt suspekt enkelte stadar. Eg hadde informasjon om at folk hadde gått her ei veke tidlegare. For å unngå partier med oppsprukken is pga nedtapping, måtte eg krysse over til vest sida.  I enden av Sandvatnet var bekken frå Upsetjørn open og denne strakte seg langt ut på grunn av nedtappinga. Haldt meg på nordsida oppover mot Upsetjørn gjennom svært kronglete bjørkeskog. Isen på Upsettjørn var ikke trygg, gjekk heilt i kanten. Greit over Storevatnet og Butjørn. Tok opp rett fram (nord) i skogen, ikkje langt frå bekken. Litt kronglete. Ned på vatn 712 og til Steigilsvatnet. Stort ope område ved utløpet av elva. Var i tvil om kva side som var best, tok vestsida oppover. Greit over Øyarvatnet. Oppover på vestsida, men over bru til austsida ca på 800 meters kvota. (det kom overraskande på meg...brua var grei å ta seg over og tydelegvis tilgjengeleg og heilt nødvendig om vintaren også). Kronglete bjørkeskog vidare opp til Gaukheivatnet og lett vidare til Hytta. Vèr obs på utløpet, det var opent!
 
2.2 Gaukhei th 828moh - Øyuvsbu th-Håhelleren th 890moh, rutenr 6 og 7A, ca 18,5km
Vestover Gaukheivatnet og nordover store og nordre Mansvatnet, videre til Sandvatnet og Øyuvsvatnet. Kvistinga går vestover Øyuvsvatnet og følger sommerruten til Håhellervatnet og nordover til Håhelleren
Ruta følger ei rekke med vatn og det var greit å ta seg fram. Vèr obs på at isen i elvene mellom desse vatna, kan vera svært variabel. Gå utanom innløp og utløp. Frå vestenden av Øyarvatnet litt opp, før det bærer nedover mot Håhelleren. Vèr obs på eit lite, men bratt parti ved nedkjøring til Busteinsvatnet. Her var det ein skavl som ikkje var så lett å sjå. Ellers uproblematisk bort til hytta. Litt trekkfult, då døra slår rett inn i stova. Mobildekning ved høgde vest av Øyarvatnet, samt veldig svakt signal utanfor Håhelleren (ok for meldinger/gprs)

2.3 Håhelleren th (890 moh) – Taumevatn th (784moh), rutenr 7B, ca 15km
Over Håhellervatnet til den vestligste vika. Derfra opp gjennom Ramsdalen, Ø om Bekkjedalsknuten, og videre langs sommerruten gjennom Anlaugdalen og til hytta som ligger i sørenden av Taumevatnet
Mobildekning deler av strekket
Kvisteruta er innteikna på turkart Sirdalsheiane, 1-50.000 og eg fulgte denne. Noko bratte sider med tanke på potensiell skredfare mellom Håhellervatnet og Ramsdalen og her var eg også i tvil om kor eg skulle legge sporet. Gjekk ruta i til tider svært nedsatt sikt og dette var kun mogleg pga gps-kart. Litt kuppert terreng, men også lange strekk på vatn. Taumevatn er ei stor hytte, men det er eit rom med eigen ovn.
Tvilsomt om det er mobildekning nokon stad på dette stykket
For direkteruta Håelleren Storevatn, så må ein gå over Rosskreppfjorden. NVE legg ut informasjon om isen på sine nettsider. I år var isen OK i slutten av januar. Uaktuelt for meg å ta den ruta pga vind og lite sikt.

 
2.4 Taumevatn th (784 moh) – Storevatn th (960moh) – Kringlevatn th (940moh), 44A og 44B, ca 18km
Nordover Taumevatnet, V og N om Taumevassknuten. Til Storevatn th i NV enden av Storevatnet. Oppover V for høgde 1051 og ca 1km til sommarruta. Innteikna kvisterute på kart fram til Hudadalen. Kvistet over Vardebrotet til Hudadalen. Området er værutsatt. Vær oppmerksom på store skavlekanter i usiktbart vær. Nordover Hudadalen. NV for sågampen svinger kvistingen inn til vestenden av Såvatn, så nordover til delet for sommarruten Bossbu -Storavatn-Kringlevatn. Opp langs vassdraget til Kringlevatn
Siste del av er omtrentleg teikna inn på kartet
Mobildekning på høgde N for Taumevassknuten
Nordover Taumevatnet, hald godt utanom utløpet. Kvisteruta er innteikna på Turkart Sirdalsheiane 1-50.000. Det siste stykket mot Storevatn går i eit kuppert terreng og det kan vera forvirrande. Eg gjekk faktisk forbi hytta utan at eg visste det, hadde gps avslått. Liten kuling i mot i høgden gjorde sitt, men det gjekk greit vidare mot Kringlevatn. Ved dårleg sikt kan det vera svært vanskeleg å sjå skavlane i Hudadalen. Også i god sikt bør ein passa seg for bratte skavlar...Litt skog det siste stykket opp til hytta. Kringlevatn har sikringsbu som er raskare å varme opp om vinteren. Mobildekning frå enden av Taumevatnet og eit stykke forbi Storevatn (ikkje dekning på sjølve hytta). Kvisteruta er delvis innteikna på turkart Sirdalsheiane, 1-50.000
Svartevassmagasinet (og dermed også Hyttevatn) frys ofte ikkje til før i slutten av januar. I år var det ingen NPL'ere som tok "snartvegen" pga isen. Ver også obs på rask nedtapping. NVE legg ut informasjon om Svartevassmagsinet og istjukkelsen på sine nettsider.


2.5 Kringlevatn th (940moh) – (Storesteinen th 937moh) – Hovatn th (1111 moh), rutenr 45A og 69 kortere variant. Ca 18km til Hovatn (2 x 3,5km ekstra om Storesteinen)
Nordover Kringlevatnet og langs Breidååna opp til Sandsvatn, så langs sørbredden av vannet, N om vann 1058, over vann 1084 og videre I samme retning til Gyvatnet og forbi Heibergs gamle jakthytte. Derfra mot SV til Djupatjørn og over vann 943 til Storesteinen. Mest sansynleg direkte mot Hovatn fra Gyvatnet
Over Heimre Gyvatn og opp gjennom Steinbuskaret til Grasdalstjørn og gjennom Grasdalen til kvistingen over Reinsgrovtjørnane til Hovatn
Innteikna på kartet etter beskrivelsen. Siste del er ikkje ei kvisterute. Noko uklart siste 2 km før Hovatn. Kan gå kortare variant direkte mot Vassdalstjern
Eg gjekk direkteruta Kringlevatn-Hovatn - definitift ei godvèrsrute. Greit nordover Kringlevatnet og vidare til sandvatnet. Nokre små kollar i breidalen. Nedkjøringa mot Vestre Gyvatnet er lett øvst. Lengre nede er det småkuppert og ikkje så lett å velge eit bra spor. Eg rann ganske rett ned like ved bekken, men det var temmeleg bratt heilt nedst og vanskeleg med pulk. Denne delen må unngås ved skredfare eller dårleg sikt. Sansynlegvis enklare å halde meir mot vest, men også her småkupperte og "humpete" terreng. Nedkjøring kjem like ved kartskiljet mellom "Blåsjø" og "Botsvatn"

Opp Steinbuskaret var det overraskande lett. Grei nedkjøring til Gradsdalstjønni, men også dette vatnet er regulert og isen hadde senka seg iallefall 5m, dermed litt bratt heilt nedst. Opp Grasdalen og ned på andre sida. Her var det skavlar som eg unngjekk på austsida, Mellom Reingrovtjønnan og vatn 1133/1134 var det greit, men små skrentar. Hytta ligg i enden av bekkeleie, som var greit å følge. Hovatn er lite besøkt seinhøstes og tidleg vinter. Det er sikringsbu på Hovatn, men eg fekk ikkje opp døra.
 
For ruta via Storesteinen og Blåsjø til Vassdalstjern: Mindre vèrutsatt nede ved Storesteinen. Blåsjø har genrelt bedre is enn Svartevassmagasinet, men nokre år kan det vera isfritt til slutten av januar. Det kan vera store sprekker langs land. Kvisteløypa går opp Storsteinsdalen før den svinger ut på Blåsjø. For informasjon om isen, kontakt Statkraft i Suldal eller i Sauda. Denne ruta er nok like rask som via Hovatn.
 
2.6 Hovatn th (1111 moh) – Vassdalstjern th (1110 moh) – Krossvatn th (1090 moh), rutenr 66 og 67, ca 17 km
Over vatnet til den nordvestre vika og følger sommerruten til Vassdalstjørn
Sommerruten Ø om Skreinuten forbi Skreppekvelven til Krossvatnet
Innteikna etter beskrivelsen/sommarrutene
Ved sommarbrua, i enden av Hovatnet, var elva open. Omtrent i sommarrutetrasèen vidare mot Vassdalstjern. Enkelt og greit terreng. God mobildekning frå høgda like ved sommarbrua til kolle sør om Vassdalstjønn  (Frå Reinsnuten, Telenor Mobil)
Mellom Vassdalstjern og Krossvatn er det meir kuppert. Kvisteruta går ikkje så langt frå sommarruta, men sjølvsagt over vatn i staden for bratte berg (f.eks. ved vatn 1095). Mellom 1095 og 1083 er det mange små koller og forvirrande. Frå 1086 som sommarruta eller meir direkte opp Skreppekvelven. Siste stykket mot Krossvatn har også mange små kollar og litt rotete terreng. I dårleg vèr kan det muligens lønna seg å renna ned på Krossvatnet, sjølv om det er omveg (ein snøscooter tok denne ruta då eg var der).
 
2.7 Krossvatn th (1090 moh) – Bleskestadmoen th (711 moh), rutenr 72 og 58, minst 20 km
Kvistingen følges mot NV til Gravetjørn, hvor løypedele. Kvistingen mot Bleskestadmoen går opp langs vestsiden av Kringleåna, over Kringlevatnet, Midtvatnet til Kaldevassleitet. Derfra mot N, over S Brudled til Krokavatnet, hvor kvistdele for ruten Mostøl-Bleskestadmoen, nr 58
58:….til Krokevasstølen og langs sommerrutn til Moltenuten, hvor kvistingen går på nordsiden og ned til Bleskestadmoen.
Ruta går opp i høgden og er lang. Sjekk gjerne opp eksakt rute med STF
Mobildekning ved Kaldvassleitet
Innteikna etter beskrivelsen/sommarrutene. Eget kart, Dyraheio 1:50.000
Dette er ei lang rute som går høgt og utsatt! Vekselsvis på 3 ulike m711 kart.
Frå Krossvatn langs Krossvatnet sør om høgde 1152. Vèr obs på ope vatn ved brua. Opp like ved Kringleåna, men ikkje på sjølve åna. Vèr obs på dårleg is ved utløpet av Kringlevatnet. Hald høgda eit stykke på vestsida. Over Midtvatnet og Kaldavatnet. I enden av Kaldavatnet er det god mobildekning. Noko bratt ved Søre Brudled på grunn av bekkedal. Gjekk opp omtrent ved 1200 kvota. Over vatn 1187 og opp i lite skar innmed bratt fjellvegg. Derfrå startar nedkjøringa. Terrenget er rotete, ser ut som morenelandskap! Masse skåsider, så med pulk og på dårleg føre var det svært vanskeleg nedover Ljosheia. Heilt nede ved Krokvatnet kan det også vera noko bratt.
Eg tipper på at kvisteruta går på vestsida (husker ikkje heilt, har gått den motsatt veg og det er enklare)
Litt oppover mot Moltenuten, men så ned på lite vatn. Øvre del av nedkjøring vest om Moltenuten er ok. Nede i bjøkeskogen er det enkelte bratte partia. Dette er også midt i kartskiljet mellom "Suldalsvatnet" og "Breive". Etter kvar må ein halda mot aust, nedanfor bratt fjellside. Her var det noko bratt og under andre forhold kunne det ha vore vanskeleg. Ein del bjørkekratt og små dumper ned mot Bleskestadmoen

 
 
2.8 Bleskestadmoen th (711 moh) – Holmevatn th (1130 moh) – Haukeliseter th (1000moh), rutenr 60 og 62 , ca 35 km
Kvistingen følger sommerruten til Sandvatnet. Den går østover vannet og S for anleggsveien langs Holmavassåna til Holmavatnet, nordover vannet til Holmevasshytta
Kvistingen følger sommerruten til Vassdalstjørnet, hvor kvistingen tar mot NØ. Løypeskille for ruten Vågsli. Videre langs foten av Kjelatind ned til Kjelavatnet, derfra til oset av Kvisteelvi og over Ståvann til Haukeliseter
Innteikna etter turkart

Sommarruta kan nok følgast, men pga lite snø (?) og spor, tok eg å haldt meg nord for bekken. Opp gjennom kronglete skog ved høgde 774.  Uansett eit temmeleg kronglete parti i bjørkeskog oppover mot Reinskvelvtjørna. Opp til dammen på Sandvatnet og ut på dette (Følg merking). Sandvatnet er regulert og kan ha svært farleg is visse stadar, difor er det merka her også utanom vanleg skisessong. Sidan Holmavatnet vart tappa ned gjennom Holmavassåna, gjekk ruta vest for denne langs høgspentlinjetrasèen og dermed ikkje som kvisteløypa er innteikna på Turkart Haukelifjell. Inn på Holmavatnet og merker direkte mot Holmavassbu. Ei god kneik opp frå vatnet til hytta.

Ruta Holmavatn - Haukeliseter kan by på utfordringar
Frå Holmvatn stort sett langs sommarruta første del. Fleire små bekkedalar. Opp mot Turistskaret er det god stigning og litt småbratt. Hald klar av veldig bratt bekkedal. Sjølv om kvisteruta var teikna inn slik at den kryssa over mot aust like før 1353, var det ikkje ein god idè under dei forholda eg gjekk i. Gjekk gjennom sjølve turistskaret, dette kan vera skredutsatt. Nedkjøringa var delvis vanskeleg. Ned mot Vassdalstjønn var det bratt og uoversikteleg ved bekkedalen, hald godt litt mot vest og ned ein mindre bekkedal. Greit vidare nedover, men kuppert terreng og nokre bratte bakkar (følge kvisterutetrasèen, ikkje sommarruta!!) Frå Kjelavatn enkelt vidare til Haukeliseter. Mobildekning frå Turistskaret.



Konklusjon:
Ikkje undervurder Setesdals- og Ryfylkeheiane i januar, ha god tid. Vèr obs på is, særleg ved inn og utløp.

Blogg:
Reisebrev:
http://breogfjellsport.no/npl/blog/?p=128
Sjå også arkiv for januar: http://breogfjellsport.no/npl/blog/?m=200601