::BreogFjellsport.no - - NPL06 - Etappe12: Sulitjelma – Abisko/Riksgrensen
NPL06 - Etappe12: Sulitjelma – Abisko/Riksgrensen
Frå Sulitjelma, inn i Sverige og nordover til Abisko eller Riksgrensen (Bjørnefjell)
Av Ragnar Fjeld 13.01.2006

Lengde: ca 214km til Abisko, ca 205km til Riksgrensen/Katterjåkk
Antal dager: ca 9 dagar, både til Abisko og Riksgrensen. Noko enklare rute mot Abisko
(Brukte 8 dagar)
 
Oppdatert nettavis om Sulitjelma: http://home.no.net/sulis/
 
Depò:
Sulitjelma scooter og hytteservice
Lomianlegget Sandnes
8230 Sulitjelma
Telefon (+47) 75 64 95 00 Mobil (+47) 90 72 99 29
Epost: info@sulitjelma.no , nettside: www.sulitjelma.no
Mandag - torsdag; Kl 12.00 - 16.00, Fredag; Kl 12.00 - 17.00, Lørdag; Kl 12.00 - 14.00
Tilbyr blant anna utlevering av pakker, selger frimerker o.l. Sulitjelma betjenes ellers av landpostbudet. Festivalkontoret med post i butikk er blitt lagt ned.
Pakken sendes Poste-Restante til Sulitjelma Scooter og hytteservice og merkes godt!
Det selges ikkje parfin/bensin i Sulitjelma.
Har avtalt at eg ringer 3-10 dager før ankomst slik at innehaveren kan kjøpe ein dunk med bensin til meg nede på Fauske. Dette var noko han ofte gjorde for NPL’ere!! Takk takk!
 
Coop Prix Sulitjelma (Coop marked Sulitjelma frå 30.03.2006)
8230 Sulitjelma
Tlf: 75 64 01 00
 
 
 
Hytter/overnatting:
Sulitjelma Hotell , Postboks 55 • N-8230 SULITJELMA Telefon: 75 64 04 01
Hotellet er einaste overnattingsstad i nærleiken av sentrum
Sulitjelma Camping & Fritidssenter, Daja N-8230 SULITJELMA Tlf: 75 64 04 33
Campinga ligg nokre km utanfor sentrum, ved Daja
Ny Sulitjelma th, ubetjent, Sulitj. Tf, dnt-lås
Sorjushytta th, ubetjent, Sulitj. Tf, dnt-lås
Den nye Sorjushytta er blåst ned, men den gamle står fortsatt. Ny hytte er venta sommaren 2007 (?)
 
Svenske hytter:
Ståddajåkkastugorna
Laddåjåkkastugan
Akkastugorna
Ritsem
Sitasjaurestugorna
Hukejaurestugorna
Sälkastugorna
Tjäktjastugan
Allesjaurestugorna
Abiskojaurestugorna
Svenska turistforeningen sine hytter er stort sett opne frå midten av februar til 1.mai. Utanom dette er det eit nødrom
 
Hyttene som ligg i padlejanta nasjonalpark og som ikkje er drifta av svenska turistforeningen, er relativt dyre. ca 250,- for overnatting.
 
Abisko
Turiststasjonen i Abisko er ei betjent turisthytte like ved eurpavegen. Her er det både vaskemaskin og tilgang til internett. Anna overnatting i Abisko Aust
 
Til Riksgrensen/Bjørnfjell
Gauteslihytta, ubetjent, Narvik og omegn turistforening, dnt-lås
Caihnavaggehytta, ubetjent, Narvik og omegn turistforening, dnt-lås
Cunojavrrehytta, ubetjent, Narvik og omegn turistforening, dnt-lås
Unna Allakasstugorna (svensk hytte)
 
 
For fleire hytter, sjå oversiktskarta bakpå dei svenske karta.
Sulitjelma og omegn turistforening: http://www.sotsiden.net/index.htm
Narvik og omegn turistforening: http://www.narvikfjell.no/
Hytter på svensk side er stort sett Svensk turistforening eller nasjonalparkmyndighetene sine hytter
 
Kart:  
            2129II Sulitjelma, 1-50.000
            2229II Låmivatnet, 1-50.000
            BD9 Padjelanta-Sulitjelma, 1-100.000 (svensk kart)
            BD7 Sitasjaure-Ritsem, 1-100.000 (svensk kart)
BD6 Abisko-Kebnekaise-Narvik, 1-100.000 (svensk kart)
1431III Skjomdalen, 1-50.000
1431II Cunojarvri, 1-50.000
1431I Bjørnfjell, 1-50.000
 
 
 
 
 
           
12.1 Sulitjelma (ca 140moh) – Ny Sulitjelma th (580moh) – Sorjushytta th (830moh), rute 854, ca 16km
Veitrasèen (ikke brøytet) følges fra Charlotta til Giken. Defra opp langs Hakenflåget til Ny-Sulitjelma. Ny-Sulitjelma ”Fjellstue” ST, åpen. Videre langs sommerruten fra Ny Sulitjelma over Småsorjusvannene og fram til Sorjus. Sorjushytta ST, åpen
Vegen tar opp ved kyrkja. Først langs vegen, men så mot masta. Vidare på vegen til turisthytta Ny-Sulitjelma (stor og fin hytte). Lang og relativt drøy bakke! Vidare opp omtrent langs vegen, men så omtrent rett aust like ved bekk (sør for trigeepkt 838). Det bærer heile tida oppover, kan vera tungt. Vegen følges ikkje vidare. Vi gjekk mot 900 kurva, litt før pkt 916. Så nordover og ned på Storelvvatnan.
Over vatnet og vidare i nordleg retning mot skar og eit lita tjønn. God stiging også opp dit. Derfrå mot nordaust og ned på vatn 952. Vidare til vatn 918 og ei rekke mindre vatn ned til bajit Sorjusjavri (sorjustvatnet) og til hytta.
Denne ruta er vèrutsatt og delvis også skredutsatt, noko "seriøst" terreng er det mogleg å havne opp i. Ville ikkje gått der i veldig nedsatt sikt, då det kan bli vanskeleg å navigere, sjølv med gps (viss ein ikkje er godt kjent). Ta kotakt med Sulitjelma turistforeing for informasjon. Ikkje ei rute som ofte blir gått tidleg på året, meir vanleg når påske nærmer seg.

Det er også ei meir direkte rute (den som står i "på ski i fjellet" ovanfor, rute 854). Den går i ganske bratt lende og er meir krevande.
Mobildekning til like ovanfor Ny-Sulitjelmahytta.

12.2 Sorjushytta th(830moh), – Sårjåsjaurestugan(ca 830moh) – Ståddajåkkastugorna (ca 720moh), ca 16 km
Frå Sorkoshytta over Bajit Sorjosavri og Sårjåssjavrre. Vidare i sommarruta forbi turisthytta og ned til Staddajåkkastugorna

Sorjusthytta - Sårjåsjaurestugan - Staloluoktastugorna (ved Virihaure):
Over bajit sorjusjarvi (vatn) ned til Sårjåsjavrre (vatn) og bort til Sårjåsjaurestugan. Dette er ei ubetjent og open turisthytte som Svenska turistforeningen har (enkel fjellstandard). Ikkje ned bekkedalen, men over liten høgde og før det bærer ned dalføret. Her var det lite snø og steinar "overalt". Tok elva til Gahpesluopal (vatn) og ikkje innom Såddåjåkkåstugorna. Salojåka (elva) fulgte vi vidare heilt ned til Staloluokta og Virihaure (stort vatn). Her er det ei hytte tilhøyrane nasjonalparkvesenet som er open, men det koster litt å overnatte (kun 1 rom ope).
Ingen mobildekning


 
12.3 Ståddajåkkastugorna (ca 720moh) - Laddåjåkkastugan - Akkastugorna (ca 460moh), ca 50-55 km
Litt i tvil om kva som er beste rute på dette strekket, fleire alternativ.
NPL91: Sorjushytta(th) - Sårjåsjaurestugan(th) - Kapasluoppal – Viejeluoppal - Kieddaure - Mattaivijauratj – Sierkavagge - Stuotakjaure - Napalluokta - Vuoksajaure/Akkajaure. Dette er ei rute som går lenger sør og som kjem inn på Kungsleden etter å ha passert Akkajuare i sørenden.
NPL2005(sauda): Sorjusvatnet-Mielladno-Akkajaure- Lihtjohka-Alisvaggi-Abeskojävri-Abisko
NPL2003(Toftes): Staddajåkkastugan - Laddåjåkkastugan - Akka – Ritsem- Sitasjaurestugan Hukejaure - Sälkastugorna – Tjäktapasset- Alesjaure - Abiskojaure – Abisko
Relativt lett å ta seg fram fleire alternative ruter, så vèr, føre, skispor og evt råd avgjer denne ruta. Scooterforbod i nasjonalparken.
Mest aktuelt å gå: Ståddajåkkastugorna - Laddåjåkkastugan – Kutjaure – Akkastugorna. Vinterrute frå Kutjaure- Akkastugorna

Frå Staloluoktastugorna (ved Virihaure) tok eg over Virihaure og Vastenjaure og vidare mot Akkastugorna/Akkajaure. Dette er to digre innsjøar. Eg gjekk over desse fordi eg trudde det var lite snø mot Låddejåkkestugan, sjå under.
Mellom innsjøane (ved Javregasska) er det ei stor elv som er open omtrent samme kor god isen er, vèr obs her. Her gjekk eg på vestsida oppe på land eit stykke (opp litt før hytta). I enden av Vastenjaure var også elva open og her var det også ei råk rett ved sameleiren. Eg gjekk opp på den vesle øya og tok så nordsida av elva vidare nedover. Kjem ein frå Låddejåkkestugan, må ein kanskje halde på sørsida nedover, evt krysse over etter kvart eller ved bruene lenger ende.
Uansett måtte vi over bru for å krysse elva som kjem frå Sallohaure. Vidare på nordsida ned til Katjaure. Frå enden av Kutjaure er det scooterløype, men denne går ganske kronglete gjennom skogen. Dei fleste hadde difor kjørt noko lågare i terrengent og etter kvart på elva eit stykke, så rett mot Akkastugorna. Der gjekk også vi.

Alternativet er å gå frå Staloluoktastugorna og over til Låddejåkkestugan. Paralelt med meg gjekk nokon andre denne ruta og rapportere at det var heilt greit. Det var også nok snø der, i motsetning til lite snø siste del ned til Staloluoktastugorna.
Mobildekning (litt svak) ved Akkastugorna (ikkje noko særleg før, base på Ritsem)
 
 
 
12.4 Akkastugorna (ca 460moh) – Ritsem (ca 460moh) -  Sitasjaurestugorna(ca 620 moh) Hukejaurestugorna(ca 880moh), ca 50km
Over innsjøen Akkajaure. NPL2003-Toftes skriv at han måtte gå 5km omveg på innsjøen pga nedtapping. Ca 11km over til Ritsem. Vidare i vintermerka løype (kors)/scooterløype til Sitasjaurestugorna. Herfrå litt oppover i samme vintermerka løype til Haukesjaurestugorna.
Ca 137km frå Sulitjelma til Haukejaurestugorna
Frå Akkastugorna er det ein "isveg" over til Ritsem. Dette er ei merka led som ein må følga over den enorme innsjøen Akkajaure pga varierande istjukkelse (regulert og det er kraftverk ved Ritsem)
Ritsem er ei betjent turisthytte. Frå Ritsem følges vegen inn til Sitasjaurestugorna (merka med staker). Vidare er det også merka med staker slik det er merka på kartet. Greit terreng inn til Hukejaurestugorna (Svenska turistforeningen, open frå ca 15. februar, med hyttevakt).

 
12.5. Hukejaurestugorna(ca 880moh) – Kungsleden – SälkastugornaTjäktjastuganAllesjaurestugorna(ca 780moh) – Abiskojaurestugorna(ca 500moh) – Abisko (ca 350moh), ca 77km
Frå Haukejaurestugorna ned til Kungsleden og inn i scooter-/skiløype mot Abisko. Kungsledens følges heilt til Abisko. Stort sett ein brei dal, litt skog siste 15km.
Merka med staker vidare frå Haukejaurestugornae mot Kungsleden. Først litt oppover, så ned dalføre. Vi tok av den staka løypa ved nedkjøringa til Kungsleden, då det både var kortare og enklare å halde noko meir mot nord (på kanten av liten bekkedal). Vidare i staka løype heile vegen. God stiging opp Tjaktpasset, der det er rastebu på toppen. Fin og slak nedkjøring venter på andre sida.
Ein kan gå over vatnet ved Allesjaurestugorna. Nedkjøring til Abiskojaurestugorna og vidare i scooterløype mot Abisko. Kungsleden er ikkje bare flat!
Abisko består av to stadar: Abisko turiststasjon lengst vest og Abisko aust mot aust. Er vel 2-3 km mellom desse stadane og det er også ei scooterløype som går mellom.
Butikken ligg i Abisko aust (med postutlevering), men det er også liten butikk på Abisko turiststasjon (Svenska turistforeningen). Eg gjekk rett til turiststasjonen, men var borte i Abisko aust for å handle. Det var ikkje noko blivande stad...(masse folk)
 
 
Alternativ frå Hukejaurestugorna til  Riksgrensen/Bjørnefjell
 
12.50 Hukejaurestugorna(ca 880moh) – Gautelishytta(ca 900moh) – Caihnavaggehytta th(ca 1010moh) – Cunojavrrehytta th (710 moh), rutenr 877 og 876, ca 35km
Frå Haukejaurestugorna over innsjøer til Gautelishytta.
877 Caihnavaggehytta – Gautelishytta (motsatt veg):
Sørover vann 1004 og ver cann 1094, opp i skaret i sør og videre som sommerruten V om Trehakfjellvatnet og til Gautelishytta
876 Cunojavrrehytta – Caihnavaggehytta (motsatt veg):
Sørvesetover langs Cunojohka, så sørover langs Caihnajohka og mot SV til Caihnavaggi, hovr hytta ligger i norddenden av vann 1004.
 
12.51 Caihnavaggehytta th(710moh) – Unna Allakasstugorna(ca 700moh) – Kattejåkk/Riksgränsen(ca 480moh), rutenr 875, ca 33km
Staket på svensk side av grensen. Østver og inn til Unna Allakasstugan, STF, åpen i sessongen. Nordover gjennom Valfodalen til vann 946, hvor vinnskydd ved sørbredden. Videre til Tassakenpaddajaure, hvor vindskydd i nordenden. Merkingen går nordover til Katterjåkk h.pl., 4km Ø for Bjørnfjell st.
Alle persontog stopper på Riksgrensen stasjon og Abisko. Katterjåkk betjenes ved morgonavgangen frå Narvik. Sjå www.ofotbanen.no for rutetider.
Gjekk ikkje alternativ rute. Er nok noko meir kuppert

Konklusjon: Bratt opp frå Sulitjelma, mange høgdemeter, og ruta bør gås i brukbart vèr. Området mellom Sulitjelma og Abisko kan ha svært låge temperaturar i kuldeperiodar (januar-mars). Varierande snøforhold.


Blogg/Reisebrev
Reisebrev Sulitjelma - Abisko - Kilpisjarvi: http://breogfjellsport.no/npl/blog/?p=244
Sjå også bloggen for april:
http://breogfjellsport.no/npl/blog/?m=200604



Innhold
NPL06 - Etappe12: Sulitjelma – Abisko/Riksgrensen

Relatert til denne sida

©2001-2004 Breogfjellsport.no