Ruta
Norge på langs ruta vintaren 2006
Av Ragnar Fjeld 27.10.2005, oppdatert 12.07.2006

Oppdatert: Erfaringar og kommentarar er lagt til for alle etappane. sjå lenger nede på denne sida


Litt om korleis ruta er planlagd

For å planlegga Norge på langs turen har eg studert mange kart. Først grove oversiktskart, deretter detaljkart. Ruta eg har satt opp er bare eit forslag, eg kjem nok til å gå heilt andre trasèar viss det skulle vera hensiktsmessig. Vèr, føre og lyst bestemmer nok det.


Ruteskildringane er for ein stor del sitert frå skiruter omtala i boka "På ski i fjellet", utgitt av Den norske turistforening i 1991. Alle rutenr og tekst i kursiv er - viss ikkje anna er oppgitt - henta frå den boka.


Eg har også nytta meg av informasjon frå tidlegare "Norge på langs"-turar.

Spesielt har eg sett på følgande turar:

2005 Fem-i-nord
2005 Runar Emberland Lien og Reidar Steinsland
2003 Øyvind Tofte
2003 Rune Fahlvik, Sigrid Trætteberg Fahlvik og Kai Mørk 
1991 Håkon Magne Gjelsvik og Thomas Ytterli

Odd Vinje, som sjølv gjekk Norge på langs i 1997, vedlikeheld ei liste over personar som går - og har gått - "Norge på langs".
Denne lista finn du her:
http://home.online.no/~odvinje/turer/npl/andre.html





Rutekart


Rutekart med forventa framdrift. Det blir forandringar undervegs!


Grov ruteoppsumering

Ruta startar ute ved Lindesnes fyr i Vest-Agder. Første del går langs vegen til Ljosland i Åseral. Vidare nordover Setesdalsheiane, så litt vestover over i Ryfylkeheiane og vidare nord til Haukeliseter. Deretter ventar Hardangervidda oppover til Finse.

Gjennom Skarvheimen til Tyinkrysset, gjennom Jotunheimen og Gausdal-Vestfjell ned til Kvam i Gubrandsdalen. Vidare nord-austover gjennom Rondane til Foldal. Herfrå gjennom Forolhogda nasjonalpark eller via Tynset til henholdvis Glåmos eller Røros. Her ventar Sylane og fjella i Nord-Trøndelag. Kanskje ein liten stopp i Storlien og vidare på norsk eller svensk side av grensa, alt etter snøforhold. Frå Nordli er planen å gå til Røyrvik og deretter over Store Namsvann og gjennom Børgefjell til Hattfjelldal. Over Røssvatnet og vidare til Saltfjellet og polarsirkelsenteret. Nord til Lønsdal, så litt aust og vidare nord til Sulitjelma.

Så på svensk side gjennom Padjelanta nasjonalpark og vidare langs Kungsleden. Så til Abisko i Sverige eller gjennom Narviksfjella til Bjørnefjell/Riksgrensen . Vidare på Svenske eller norsk side til Dividalen i indre Troms. Treriksrøysa passeres og så vidare heilt nord i Findland til Finnmarksvidda og Maze. Vidare over vidda til Stabbursdalen og Skaidi. Så er det ikkje så langt ut til Magerøya og forhåpentlegvis ein flott tur ut til Knivskjellodden, før Nordkapplatået blir turens siste stopp 


Trykk på linkane under for meir detaljert informasjon
Raud skrift er kommentarar og erfaringar oppdatert etter turen. All informasjon er mynta på godt fjellvante personar. Det kan vera ting som er missvisande eller feil, sjølv om eg etter beste evne har prøvd å unngå dette. Informasjon om lengde er oppgitt på grunnlagt av planlagt rute, ikkje den ruta eg tok. Eg tek ikkje noko ansvar for bruk av informasjonen på desse sidene.

Finn du feil eller openbare manglar, eventuelt ønsker meir informasjon, ta gjerne kontakt. Epostadressen min er: ragnar@fjeld.net. Du kan også poste eit innlegg i denne tråden på fjellforum.net

Etappe1: Lindesnes - Ljosland  - 123,2 km, ca 4 dagar - 17.01 oppdatert

Etappe2: Ljosland - Haukeliseter - 157,5km, ca 10 dagar - 28.01 oppdatert

Etappe3: Haukeliseter - Finse - 119km, ca 7 dagar - 04.02 oppdatert

Etappe4: Finse - Tyinkrysset - 91km, ca 5 dagar - 09.02 oppdatert

Etappe5: Tyinkrysset - Kvam - 113km, ca 6 dagar - 15.02 oppdatert

Etappe6: Kvam - Folldal - 63,5km, ca 4 dagar - 19.02 oppdatert

Etappe7: Folldal - Røros - 115km, ca 5 dagar - 24.02 oppdatert

Etappe8: Røros - Teveltunet - ca 125km, ca 5 dagar - 01.03 oppdatert

Etappe9: Teveltunet - Sandvika/Nordli - 211km, ca 8 dagar - 09.03 oppdatert

Etappe10: Nordli - Røyrvik - Hattfjelldal - 172km, ca 6 dagar - 16.03 oppdatert

Etappe11: Hattffjelldal - Sulitjelma - 270km, ca 10 dagar - 27.03 oppdatert

Etappe12: Sulitjelma - Abisko/Riksgrensen - 214km, ca 9 dagar - 05.04 oppdatert

Etappe13: Abisko/Riksgrensen - Kippisjarvi - 179km, ca 6 dagar - 11.04 oppdatert

Etappe14: Kippisjarvi - Maze - Skaidi  - 281km, ca 11 dagar - 22.04 oppdatert

Etappe15: Skaidi Nordkapp  - 103 km, ca 4 dagar - 26.04 oppdatert

(Dei blå lenkjene fører til sider med meir informasjon)

Total distanse
Målt på kartet, ca 2337,2km
For å korrigere for rèel distanse kan iallefall 10% bli lagt til:
Det skulle bli omlag 2570,92km inkl dette tillegget på 10%