Førebuingar til tur
Tur-utrustning til Norge på langs
Eg er i full gang med å velje ut og kjøpe inn utstyr som skal med på Norge på langs turen. Det blir ei ganske allsidig utrustning som skal med, sidan temperatur, vind og føre kan vera særs vekslande.
Av Ragnar Fjeld 04.12.2005


Lang liste


Utstyrslista har no blitt seks sider lang. Her står det meste oppført, alt frå småting som ei primusdyse til telt, ski og pulk. Ein del av utstyrslista finn du ved å trykke på linken "utstyrstning øvst på sida, eller ved å følge denne linken. Det gjenstår fortsatt å få i hus ein del ting, men eg har kontroll over det meste.

Pakking i pulk

På turen skal alt utstyret ligge i pulken. Denne er omlag 150cm lang, 53cm brei og pakkhøgda er omlag 50cm. Dette gjer eit volum på heile 350 liter! Det gjer at eg kan pakka ganske praktisk, slik at det er lett å halde oversikten og at leirslaging går fort unna. Pulken i seg sjølv veg omlag 6kg, mens resten av utstyret kjem til å variera mellom 25-40kg. Totalt blir det difor typisk rundt 40 kg i pulken, noko som går ganske greit. Å ha tilsvarande mengde på ryggen over lang tid hadde nok blitt litt for tungt og eg måtte då evt ha kutta ned på ein del ting. No kan eg ha gode marginar når det gjeld mat, drivstoff og sikkerhetsutstyr. I tillegg kan eg unne meg bittelitt luksus.



Ein del elektroniske dubeditter som skal med. Her ser du både satelitt- og mobiltelefon, videokamera, lykter, gps, batteri, tastatur, radio, ladere, skredsøker mm. Noko blir pakka i boksane på bildet, resten blir pakka i pakkposer.


Vasstett pakka

Sjølv om pulken i seg sjølv beskytter ein del mot vèr og vind, så har eg valt å pakka alt vasstett. Vèret er ofte skiftande og det er vikig at både klede, sovepose og det meste anna held seg tørt. Det meste blir pakka i ulike typar pakkposar, nokre tynne, nokre middels tjukke og nokre ganske robuste, alt etter kva som skal vera oppi. Ein del fintfølande elektronikk, til dømes satelitt-telefonen, blir oppbevara i støt- og vasstette boksar





Ein del av dei mange karta som skal brukast på turen. På kvar ettappe blir det 5-15 kart


Primus, gryter, varmevekslar, drikkflaske, thermokopper mm.


Ein pakkpose med mat, omtrent den mengda som blir med på ein typisk etappe. Her er det både frukost, lunsj og middag.



Kaos? Neida, men det er ein del ting å halde styr på. Her ser du oversikt over ein del av det som skal med på turen

Relatert til artikkelen
Artiklar
Tørking av mat! [04.12.2005]