Test av navigeringsutstyr og kart
Erfaringer frå Norge på langs turen
Av Ragnar Fjeld 21.07.2006

På denne sida:
  • Suunto speilkompass
  • GPS - Garmin 60CS
  • GPS-kart (m711 serien)
  • M711 kart (1:50.000)
  • Turkart
  • Kartmappe Ortlieb
  • Ortlieb dokumentmappe

--------------------------------------------------------------------

Kompass:
Suunto MC-2 GDL speglkompass

 

Testperiode:
 2002 til og med sommaren 2006, inkludert turer på Svalbard og heile Norge på langs turen

Eit godt kompass frå Suunto. Modellen eg har er globalt kalibrert, derav benevninga GDL, noko som tyder at ein kan nytta det overalt på kloden. Vanlege kompass er kalibrert for visse område. Dette gjer kanskje kompasset noko meir følsamt.

Kompasset har eit aklinometer, ein hellningsmålar. Dette er praktisk ved vurdering av skredutsatte fjellsider.
 
Konklusjon:
Godt kompass

Nytteverdi NPL:
Eit speglkompass er alltid fint å ha med på tur. Kompass er sjølvsagt obligatorisk sjølv i desse gps tider
Totalt: 5.0/5

--------------------------------------------------------------------

GPS mottaker:
Garmin GPSmap 60CS


Testperiode: Vintaren 2006 til sommaren 2006

Dette er nok den mest egna modellen frå Garmin til fjellbruk. Den har nett kome i ny versjon og blir no kalla GPSMAP 60CSX. Forskjellen ligg hovudsakleg i meir følsam antenne og at den kan lagre data på minnekort. Ut over dette er modellane omtrent identiske.

GPSMAP 60CS fungerte godt på heile turen. Det er få ting å utsette på gps'en eller utforminga. Kartdelen virker noko treig, sjå meir om det under "GPS-kart" på denne sida. Knappane er plassert slik at dei kan oppereast med ei hand. Med tjukke vottar kan det vera noko problematisk å trykke på dei ønske knappane, men det gjekk overraskande bra. Batterilevetida er god så lenge ein har av lyset og har deaktivert kompasset. Då held gode batteri ca 2 dagar (2x8timar) sjølv vintarstid. Ved låge temperaturar noko mindre driftstid pga redusert kapasitet på batteria. Det blir nytta to vanlege AA batteri, Alkaline eller oppladbare Nikel metallhybrid.
 
Det er eit innebygd minne på 56MB, noko som tilsvarer at ein kan lagra 50-60 kartblad i 1:50.000 serien. Det skulle halde for mange, men likevel vil eg anbefala den nye modellen med minnekort. Då kan ein få plass til alle dei norske kartblada samt vegkart samtidig.

Det digitale kompasset er ikkje så veldig nyttig, så ein kan like godt slå det av. I forhold til fleire andre gps'er eg har prøvd, er denne relativt radiofølsam og får inn gode gpssignal.

Av negtive ting kan eg ta med at posisjonen "hopper" litt når den slås på. Programvaren korrigerer ikkje nok for dette. Opplevde ein gong at posisjonen heile tida flytta på seg, sjølv om dekninga var stabil. Ein restart var det som skulle til for å fikse problemet. Enheten kan bare lagrast nokre timar utan batteri før den mister almanakkdata. Etter eg hadde hatt batteria ute ei natt (for å lade) tok det heile 50 minutt før den klarte å låse seg på gps-signala igjen. Ved antennen er det eit gummibånd med eit hòl. Eg trudde dette var for hand-stroppen og festa denne der. I Nord-Trøndelag ga denne gummien etter og eg mista gps'en medan eg var ute å gjekk. Heldigvis merka eg at "noko ikkje var som det skulle" og gjekk littegran tilbake for å hente den igjen. Festet for stroppen er imiddlertid bakpå, men det var ikkje så opplagt
 
GPS brukt mot kart (generelt)
Ein kan få gps'en til å oppgi posisjonen i ulike posisjonsformat, alt etter kva slags rutenett det er på papirkartet. Det er mest vanleg å nytte UTM/UPS i Norge sidan serien 1:50.000 har innteikna rutenett for dette (blått rutenett).
Ein UTM posisjon kan sjå slik ut:
UTM 34W 602787 7704032 (sjølv om den ikkje er heilt komplett)
For å ha god nytta av gps'en må kunne oversette dette til posisjonen på kartet og tilbake igjen. Mange turkart har ein god forklaring bakpå. Det er også mange fine sider på internett som forklarer dette, f.eks. denne: http://home.no.net/tbaugen/Kart.htm
Generelt forklaring av UTM her: http://en.wikipedia.org/wiki/Universal_Transverse_Mercator_coordinate_system

Det som står foran sjølve posisjonen, i dette tilfellet 34W, viser kva slags UTM sone ein er i. Når ein beveg seg mellom dei ulike sonane må ein følge litt med. No er det slik at desse sonane eigentleg ikkje overlappar kvarandre, men i praksis er dette av og til tilfelle på nokre kart. Vanlegvis skal sonegrensa vera markert og rutenettet vera korrekt i forhold til gjeldane soner. Nokre gonger er det imiddlertid slik at ein har strukket soneruta litt. På turkart Sylan 1:100.000 kom eg over dette problemet, då det bare var 32 angitt på kartet, medan gps'en hoppa over på sone 33 då eg kryssa over sonegrensa. Det førte til at eg ikkje nøyaktig kunne fastslå posisjonen på papirkartet ved hjelp av gps-koordinatane. I det tilfellet vart det omlag 1km feil, men dette varierer. På dei norske 1:50.000 karta var somregel sonegrensene teikna inn og eit nytt rutenett starta rett ut frå dette, slik at ein unngjekk dette problemet.

Ved bruk av norske kart er vanlegvis kartdatumet WGS84/Euref89. Dette står også oppgitt på alle kart.

På svenske kart nyttar ein eit heilt anna posisjonsystem. Sjå bakpå kartet for informasjon om kva slags kart datum og posisjonsystem ein må nytte. Ein kan likevel velje UTM/UPS, men då kan ein ikkje bestemme posisjonen på papirkartet. Når ein nyttar gps-kart (svenske i dette tilfellet) er det igrunnen mindre viktig, då man lett "ser" posisjonen ut frå gps-kartet.

For å endre posisjonssystem/kartdatum på 60CS, gå til hovudmenyen, velg oppsett, og vel 
enheter
 
Konklusjon:
Ein god gps. Det mest nyttige er dei topografiske karta ein kan legge innpå. Godt grep og grei plassering av knappane. Ein bør sette seg inn i korleis ein skal nytte gps'en mot papirkart, det er viktig!

Nytteverdi NPL:
GPS med GPS-kart er eit svært nyttig hjelpemiddel på ein slik tur. Når det no først er tilgjengeleg, ser eg ingen grunn til å la vera å nytte det. Spesielt i dårleg vèr er det - ved rett og fornuftig bruk - med på å letta navigeringa. Likevel må ein ha papirkart og kompass utanom og ikkje stole alt på elektronikken.
Totalt: 4.0/5

--------------------------------------------------------------------
GPS-kart
Topo-kart for Norge

Testperiode: Vintaren 2006 til sommaren 2006

Nokre skjermbilde henta frå belanor.no:

120 meters zoom

120 meters zoom

200 meters zoom

300 meters zoom

Dei topografiske karta er tilpassa Garmin sine gps'er og fungerer kun på desse. Dei 727 kartblada i Norge 1:50.000 serien er delt opp i 20 område, omtrent 35 kartblad på kvar CD. Programvaren som følger med heiter Mapsource, eit enkelt og greit program.

Som ein ser av skjermbilda over, får ein detaljar opp svært godt. Nærmar ein seg eit bratt område er det fint å kunne zoome inn. I motsatt fall, viss ein ønsker oversikt, så egnar desse karta seg mindre. Detaljnivået blir mindre når ein zoomer ut og det tar ofte litt tid å få teikna opp kartet på ny. Dette skyldes at kartdataene er vektoriserte og må teiknast opp lag for lag. Ein vil oppleva at kartdataene er noko forenkla. Dette kan vera at høgdekurvane er noko meir "hakkete", at ikkje alle tema er tatt med (skog er ikkje alltid vist) og at vatn og elver er noko meir unøyktig teikna opp. Likevel er alle den viktige informasjonen der og høgdekurvane er godt nok gjengitt for å sjå skrentar og stup. Magellan sine gps kart har anna kvar høgdekurve kutta ut, det er ikkje tilfelle på Garmin sin utgåve og av den grunn vil eg ikkje anbefala eit slikt kartverk.
 
Under Norge på langs turen brukte eg gps-kartet aktivt i lag med papirkart, men gpsen var vanlegvis likevel slått av. Papirkarta gjer god oversikt og har samme detaljnivå og er meir enn nok i dei fleste samanhengar. I nedsatt sikt og dårleg vèr var det både tidsbesparande og veldig enkelt å bruka dei topografiske gps-karta. Det er speseilt det at ein få ei nøyktig markering av posisjonen på kartet som er nyttig. Då ser ein med ein gong også kor denne posisjonen er på papirkartet. Somregel var det ikkje nødvendig å legge i inn vegpunkter då eg gjekk over store vatn med lite eller ingen sikt. Det haldt å halda eit auge med gps-kartet slik at eg var på veg i rett retning. Eg syntes gps-kartet ga ein liten ekstra tryggleik, ved at ein heile tida veit heilt nøyaktig kor ein er, for eksempel i eit bratt lende. Det var også enklare å velje ut kva slags spor ein skulle ta i slike område, då ein ser detaljane noko meir klart.

Det tar litt tid å bli vandt med denne typen kart, så ein bør bruke det litt før ein verkeleg har bruk for det. Eg hadde stort sett kartet zooma inn til 300m eller 200meter, men gjekk også lengre ned når det var nødvendig. 200meter tilsvarer 1:20.000, men kartet er ikkje meir nøyaktig av den grunn, det er bare enklare å lesa av informasjonen.

Svenske gps-kart
Det finnes svenske gpskart etter samme prinsippet som dei norske. Dei overlappar delvis over på norsk side, mens dei norske karta ikkje overlapper til svensk side. Dette skapar nokre problem, så ein må kanskje slå av dei svenske karta når ein er like over grensa til Norge. Dette fordi høgdekurvane ikkje passer heilt overens. Ein annan ting med dei svenske karta, er at det verkar som om høgdekurvane er noko "glatta" ut. Dette kan føre til at ein overser skrentar og stup, då dette ofte vises ved at høgdekurva er taggete.

Konklusjon:
GPS-kart er veldig nyttig, men må nyttast i lag med papirkart.

Nytteverdi NPL:
GPS-kart vil eg verkeleg anbefala på ein slik tur.
Totalt: 4.5/5

--------------------------------------------------------------------
Papirkart
Norge 1:50.000 hovudkartserie

 
Dei 727 kartblada dekker absolutt alle delar av fastlandsnorge. Alle karta er oppdatert etter ca 1980, men det varierer veldig om det er kome nye versjonar etter dette. Karta har all vanleg kartinformasjon. Det er lite ekstra turistinformasjon, då må ein over på turkart. Karta er heller ikkje overlappande, så ein risikerer å måtte brette til 4 kart når ein skal gjennom eit område, det er ofte eit problem!
Prisen er relativt drøy for eit slikt kart, 90-100 kr.

Nøyaktigheita er god og det egnar seg fint for bruk mot GPS. GPS-karta er basert på denne serien
For å finne fram til rett kart, kan ein nytte denne sida:
http://www.kartbutikken.no/produktlisting.php?kategori=19
Konklusjon:
Hovudkartserien for Norge, ofte ingen andre alternativ. For dyrt

Nytteverdi NPL:
Mange område har no fått turkart, ofte rimelegare og betre. Likevel treng ein mange av desse karta.


-------------------------------------------------------------------


Papirkart
Turkart

Turkartserien består no av ei mengde med kart som dekker alle dei sentrale fjellområda i Norge. Det kjem stadig nye utgåver. Kartdataene er basert på hovudkartserien 1:50.000. Dei fleste karta er i målestokk 1:50.000, medan nokre er 1:100.000. Sistnemnde egnar seg mindre for navigering i fjellet. Turkarta er supplert med turistinformasjon, slik som merka stier, turisthytter, butikker, hoteller mm. Nokre gonger er også kvisteløyper og skiløyper teikna inn, men dette er dessverre ikkje alltid tilfelle

Kvaliteten på kartdataene er generelt god, men turistinformasjonen som er lagt oppå kan i enkelte tilfelle vera noko missvisande. F.eks. er ikonet som angjer turisthytter så store at det er uråd å sjå eksakt kva slags posisjon hytta har. Her burde ein ha hatt små piler frå desse ikona som peika på den eksakte posisjonen. Kvisteløypetrasèar og skiløyper er bare veiledane, dei kan bli lagt om på grunn av snøforhold, ver obs på dette!
 
Bakpå karta er det ofte informasjon om det området ein går, samt gjerne noko iformasjon om korleis ein nyttar gps, kart og kompass.
Papiret som blir nytta er ofte av svært dåleg kvalitet. Turkartet revner i brettane etter for kort tid. Nokre kart er blitt trykt på plastpapir, kjøp dette om det er tilgjengeleg.
 
Prisen er vanlegvis ca 119k (2006), evt 219 for to kart som høyrer i lag (liten kartpakke). Fornuftig prising og billegare enn vanlege 1:50.000 kart i forhold til dekningsområdet.
 
For å finne fram til område med turkart, kan ein nytte denne sida:
http://www.kartbutikken.no/produktlisting.php?kategori=18
Konklusjon:
Hovudkartserien for Norge, ofte ingen andre alternativ. For dyrt

Nytteverdi NPL:
Mange område har no fått turkart, ofte rimelegare og betre. Likevel treng ein mange av desse karta.


-------------------------------------------------------------

Kartmappe
Ortlieb vasstett kartmappe


(bildet av kartmappa henta frå dnt-turutstyr.no)


Testperiode: 2000-2006, inkludert heile Norge på langs turen

God kartmappe som er vasstett. Den toler også kulde bra. Haldbarheita er dessverre noko dårleg, då skarpe kartkantar lett kan lage hòl i kartmappa. Det burde ha vore polstring i sidene for å unngå dette.
Konklusjon:
Alt i alt ei god kartmappe, veit ikkje om nokon som fungerer betre.

Nytteverdi NPL:
Grei å ha på ein slik tur, særleg fordi plasten er bestandig i kulden (Seal line kartmapper tåler kulde dårleg)
Totalt: 4.0/5

--------------------------------------------------------------------
Kart/dokumentmappe
Ortlieb dokumentmappe, vasstett



Testperiode: Vintaren 2006-juni 2006, inkludert heile Norge på langs turen

Desse mappene liknar på ortlieb si kartmappe, men er noko smalare og er berekna på oppbevaring av kart/dokumenter. Det er viktig å oppbevare kart vasstett og eg synes mappa fungerer greit. Blir levert både i svart plast og i gjennomsiktig plast som i kartmappa.
Konklusjon:
God oppbevaring av kart

Nytteverdi NPL:
Det er mange kart ein må drasse med seg, så ein bør ha ein plan på kor ein skal oppbevara desse.
Totalt: 4.5/5

--------------------------------------------------------------------