Test av sovepose og liggeunderlag
Erfaringer frå Norge på langs turen 2006
Av Ragnar Fjeld 20.07.2006

På denne sida:
  • Ajungilak Tyin Arctic
  • Thermarest Orginal
  • Cascade ridgerest
  • Helsport silkelakenpose

--------------------------------------------------------------

Sovepose:
Ajungilak Tyin Arctic


Ajungilak Tyin Arctic-soveposer i teltet under ein tur på Svalbard
 
Testperiode: Hausten 2001 til og med våren 2006, inkludert turer på Svalbard og samtlege utandørsovernattingar under Norge på langs turen 2006.
 
Soveposen har ein oppgitt komfort temperatur ned til -35 grader, samt ekstremtemperaturgrense på -45 grader. Imiddlertid er dette den gamle måten å oppgi temperaturgrensene og langt frå det denne posen egnar seg til. Tilsvarande modell er idag ikkje heilt identisk, men har visse utbedringar og nye detljar. Ajungilak Arctic Tyin5-season har temperaturgrensene henholdsvis -20/-41 for menn og -12/-41 for kvinner etter den nye standarden EN13537.

Min erfaring er at posen er veldig god ned til -30 grader, men då krev det at ein har litt ekstra tøy på seg. Det er merkbart at posen no er 5 år gammal og isolasjonseigenskapane har gått litt ned. Det er viktig å tenke på at liggeunderlaget har mykje å seie for kor varm ein sovepose oppleves og for meg har det fungert veldig godt med eit dobbelt liggeunderlag; eit tynt skumplastliggeunderlag (f.eks. ridgerest) og så eit oppblåsbart thermarest orginal oppå.

Posen har halv glidelås og det synes eg ofte er fordelatig. Når det er på det kaldaste, merker ein likevel at noko varme blir tapt gjennom denne. Eit problem med denne glidelåsen er at den manglar lås øvst (kan skli opp), samt at det er vanskeleg å få den isaman igjen viss den har gått heilt opp (og du ligg i soveposen).
 
Det er dobbel snøring i toppen, ein indre ring som går ovanfor aksla og ein ytters. Dette er viktig for å unngå varmetap. Kvaliteten på den indre strikken har vist seg å vera dårleg. På grunn av glidelåsen er den indre ringen kopla saman med borrelås. Denne har ein tendens til å henge seg opp i soveposestoffet og har etter kvart blitt dårleg.
-
Nokre detaljar på posen har for dårleg kvalitet
Oppgitte temperaturgrenser er tvilsamme (det er endra på nye modeller)
mangler anti-skli belegg
Tåler lite nedbør direkte på posen
Glidelåsen kan gli opp og er vanskeleg å få saman igjen når ein ligg i posen.
Borrelås slit på innerstoffet
+
God passform, iallefall for meg
God isolasjonsevne
Relativt behageleg
 
 
Konklusjon:
No er dette på ingen måte ein dårleg sovepose, eg har mange gode erfaringar med denne. Likevel er det nokre detaljar å utsett. Det er også eit faktum at isoleringsevnen blir dårlegare over tid, sjølv ved rett oppbevaring.
 
Nytteverdi NPL: Fungerte stort sett greit, men ville nok ha hatt ein heilt ny utgåve. Det er vikig med ein skikkeleg varm sovepose og eg ville gjerne ha hatt den eit hakk varmare. Ville også ha vurdert ein dunpose, eventuelt ein kombinasjon med ein tjukk dunpose og ein tynn kunstfiberpose. Ville ha sjekka ut Isbjørn eller Nanok soveposar (kunstfiber)
 
Totalt: 3.5/5

--------------------------------------------------------------
Liggeunderlag:
Thermarest orginal


Thermarst-liggeunderlaget i bruk under Norge på langs turen 2006
 
Testperiode: Vintaren 2002 til og med våren 2006, inkludert turer på Svalbard og under Norge på langs turen 2006.
 
Eit liggeunerlag frå Thermarest som er "sjøloppblåsbart". Dette er ein utgåve som dessverre ikkje lenger er tilgjengeleg for sal, men er erstatta av eit utal andre modellar. Vekta er rundt 800gram, relativt tungt. Det er truleg difor dette får svært gode isolerande eigenskapar og lite kuldegjennomgong. Eg vil ikkje utan vidare anbefala lette thermarest-modellar, då desse ofte baserer seg på små "hull" i isolasjonen for å spare vekt. At liggeunderlaget er heilt rektangulært synes eg er viktig, mange nye modellar har oval form - upraktisk om ein er fleire i teltet.
 
Ved svært låge temperaturar er det fordelaktig å ha eit ekstra, gjerne tynt, skumplastliggeunderlag under. Då forsvinn det betrakteleg mindre varme (det gjeld generelt for nesten alle liggeunerlagtyper). Under Norge på langs turen nytta eg eit gamalt liggeunderlag, Cascade Rigderest til dette. Det er også greit å ha eit liggeunderlag som dette i reserve viss ein skulle punktere thermaresten (sjå eit avsnitt lenger ned)

Det er litt individuelt om ein liker denne typen liggeunderlag. Komforten er upåklageleg god både sommars- og vinterstid. Humper og ujamnheiter i terrenget kjennes mindre på grunn av lufta inne i liggeunderlaget. Vèr obs på at ein må blåse opp liggeunderlaget, suge-effekten som skal gjera det "sjølvoppblåsbart" er ein vits. Det må vera såpass med luft at ein ikkje går ned i bakken når ein ligg på det. Å blåse opp liggeunderlaget tar ikkje mange sekund, kanskje eit halvt til eit minutt. Å tappe ut lufta tar heller ikkje særleg lang tid viss ein er effektiv. Det beste synes å vera å brette liggeunderlaget tredelt, klemme ut mesteparten av lufta, før ein ruller det saman og samtidig får ut den siste resten.

Eg har ikkje hatt problem med punkteringar, men det kan skje. Isoleringevna på eit punktert liggeunderlag er svært dårleg, så ein bør alltid ha med eit rep-set til thermarest. Ein bør unngå å nytte thermaresten nær bål på grunn av at glør kan brenne seg gjennom liggeunderlaget. Ver også forsiktig med skarpe greiner og steinar.

-
Det tar litt tid å blåse opp liggeunderlaget, samt å tappe ut lufta i forhold til ei ordinært liggeunerlag
Kan punktere, ver varsam med bål og skarpe steinar
Litt tungt, men det er også med på å gje gode isolasjonseigenskapar
+
Trekker nesten ikkje fuktigheit
Enorm isolasjonsevne!
Liten kuldegjennomgong
Utruleg behageleg å ligge på
Lite pappvolum
Anti-skli
 
 
Konklusjon:
Eit svært bra liggeunderlag som ein gler seg til å legge seg ned på. Meget god isolasjonsevne og god kvalitet. Det er litt individuelt om ein liker denne typen liggeunderlag, men eg bruker omtrent ikkje noko anna lenger!
 
Nytteverdi NPL: Fungerte ypperleg, ingen problem. Godt og varmt! Delvis i kombinasjon med Cascare ridgerest, men strengt tatt ikkje nødvendig med mindre det var svært låg temperatur. Husk rep-sett. Anbefales på ein slik vintertur.
 
Totalt: 4.5/5

--------------------------------------------------------------
Liggeunderlag:
Cascade designs ridgerest

Ridgerest liggeunderlag
 
Testperiode: Vintaren 2001 til og med våren 2006
 
Liggeunderlag i skumplast. Poenget med dette liggeunderlaget er tverrgåande riller. Dette gjer det både mjukt og kanskje også litt varmare i forhold til tilsvarande liggeunderlag. Ulempe at desse rillene blir "slitt", dvs litt for mjuke, etter ei tids bruk slik at isolasjonseffekten går litt ned
 
Konklusjon:
Eit godt liggeunderlag i skumplast. Heile liggeunderlaget består av riller, som gjer det spesielt mjukt. Låg vekt.
 
Nytteverdi NPL: Brukte dette delvis i tillegg til Thermarest. Lett og god isolasjonsevne. Ville ikkje ha brukt det åleine.
 
Totalt: 4.0/5
---------------------------------------------------------
 
Lakenpose:
Helsport silkelakenpose

 
Testperiode: Vintaren 2006
 
Helsport sin lakenpose i silke. Eg hadde "mummie/fassong" versjonen, dvs at den er som ein sovepose, kontra "rektangulær" som er berekna brukt med dyne (f.eks på hytter). Mørk blå farge. Gjer litt ekstra isolasjon, men på veldig kalde dager kan det nok vera betre med fleece innerpose. God å bruke innandørs, f.eks. på hytter.
 
Konklusjon:
Låg vekt. Sparer soveposen, blir mindre skitten. Behageleg å ligge i. Greit å ha innandørs viss det er varmt. Litt ekstra isolasjon
 
Nytteverdi NPL: Grei å ha, spesielt ved hytteovernattinger. Brukte det ein del i soveposen også, behageleg.
 
Totalt: 4.5/5