Test av telt
Ein grundig evaluering av Helsport Svalbard 3 teltet som vart nytta på Norge-på-langs-turen 2006
Av Ragnar Fjeld 12.06.2006

På denne sida:

  • Helsport Svalbard 3, grønn  (og tilbehør)

-----------------------------------------------------------------


Helsport Svalbard 3, grønn

Testperiode: Omlag 60 overnattinger under Norge på langsturen 2006 + ein god del bruk tidlegare
 
 
 
 
Helsport Svalbard-serien er eit telt i den øvre kategorien til Helsport. Teltet består av ein kuppel med ein ektra boge i kvar ende. Det er ein opning med eit relativt stort fortelt.
Stengene har ulik tjukkelse, størst diameter i buen. Teltet finnes i fire utgåver berekna på frå 3 til 6 personar. Imiddlertid har eg tidlegare erfart at 4 personar er maks i utgåva som skal ha plass til 5. I 3-personsutgåven går det greit med 3 personar, men vinstertid bør det bare vera 2. Den største versjonen av teltet har eg ikkje prøvd. Ein ny og litt høgare versjon av Svalbard 3, Svalbard 3 High, er også tilgjengeleg ifølge Helsport sine nettsider.





Helsport Svalbard 3. Mål oppgitt i centimeter (helsport.no)

På turen var eg åleine, og då var det veldig stort og godt med Svalbard 3. Vekta er ca 4,0 kg og i tillegg kjem snøpluggar og det medfølgande reperasjonssettet. Teltet levers i grønt og rødt/gult. Eg foretrekk absolutt den grønne utgåva, då eg synes den andre ser litt merkeleg ut. Det røde og gule teltet er synleg på lang avstand, noko som kan vera ønskeleg. Vinterstid er det greit nok ut, men sommarstid? Kanskje ei utgåve i bare rødt hadde vore betre? Vel, fargen er i grunnen mindre viktig.
 
Grunnen til at eg ville ha dette teltet på min "Norge på langs"-tur, var hovudsakleg robustheita og den gode vinstabiliteten. Dette har eg opplevd frå tidlegare turar og eg meinte at dette var det aller viktigaste på ein såpass variert tur eg skulle ut på. Dette viste seg også å bli ganske viktig og eg er svært nøgd med korleis teltet oppførte seg under all slags forhold, alt frå sol til sterk vind og kraftig snøfokk. Ytterteltet er stort og romsleg, både for baggasje, kuldegrop og kokeplass. Innerteltet har god høgde i kuppelen og ein fornuftig fassong.
 
 
Teltet vart raskt ein "bolig" på turen og eg følte meg veldig tilfreds inne. Mange smarte detaljer har blitt lagt til dei siste åra på denne modellen. Blandt anna er det eit tørkenett i innerteltet og ved bruk av primus i innerteltet (forsiktig...) så er det praktisk for å tørke votter, luer mm på dette. Ellers er det fint å lagre småting på. Fann ut at det var best å montere det lengst inn, dvs ikkje i kuppelen, men mot fotenden. Myggnettingen kan no pakkast ned i ein liten lomme ved opninga, praktisk om vintaren
 
I kalde periodar fyra eg mykje primus i innerteltet. På grunn av konstruksjonen samlar varmen seg fort i kuppelen og det blir ellers også god effekt av brennaren i heile innerteltet. Dette har nok også samanheng med den noko låge plasseringa av ventilane. Riming var eg lite plaga med, kanskje fordi eg bare var ein person i teltet? Det vart iallefall lite rim i innerteltet, meir i ytterteltet. Litt rim kan havna inn når glidelåsen til innerteltet lukkes opp, dette fordi innerteltet skrår innover, noko som igjen skyldes kuppelforma. Noko stort problem var det ikkje.
 
Eit godt døme på styrken til Svalbard-teltet fekk eg i februar i år, då eg låg vel eit døgn vèrfast sør av Finse. Vindretningen dreia i løpet av natta og eg fekk vind av grad sterk kuling - eller meir - omtrent 70 grader inn mot langsida. Kombinert med enormt kraftig snøfokk med tung snø (null grader), vart presset på duken veldig stort. Alle bardunar var oppe og teltet stod stødig og bra heile tida, sjølv om vinden altså snudde i løpet av natta. Føykevegg og levegg vart satt opp - heile teltet hadde vorte begravd med eit tjukt snølag viss ikkje. Dagen etter var teltet like heilt, men alle fire stenger hadde fått ein liten - ganske ubetydeleg - bøyg. Eit par små "hakk" i teltduken hadde eg også fått, etter snøspada, då eg fjerna store megnder snø. Dette var ganske ubetydleg, så det var ikkje nødvendig å lappe med det medfølgande rep. Settet før no i ettertid av turen.  Teltet bestod absolutt "testen" og det var stort sett ganske behageleg inne i teltet.
 
Må ta med ein relatert historie til dette: Primusen slukka på ettermiddagen denne dagen. Det viste seg at alle ventilane var gjenføyka, samt at det var eit lite snølag ellers på teltet (3 timar sidan sist snørydding). Dette første nok til at det vart litt lite oksygen for primusen etter kvart - og kombinert med litt fuktighet - så slukka den. Ved forsøk på å tenne den igjen, ville ikkje fyrstikka brenne. Dette må ein vera svært varsam med under slike forhold, samma kva telt ein har. Eg kunne ikkje merka noko "pustebesvær" eller noko som helst anna, så eg går ut frå at det var nok oksygen igjen for ein person likevel. Gjenføyka ventilar kan altså vera eit problem.
 
 
Oppsetting
Fann ut at det er visse ting ein bør vera obs på når ein sett opp teltet. Det må vera skikkeleg utstrekt, dvs at pluggane og bardunane i kvar ende er veldig essensielle. Enden med døropninga bør normalt ligge mot vinderetninga. Ved vindretning mot langsidene er det viktig å ha stramme sidebardunar, men sjølve kuppelformen står godt uansett. Teltet blafter lite i vinden. I dårleg vèr er det ikkje det enklaste teltet å sette opp akkurat, men det går greit så lege ein kjenner godt til teltet. Det er spesielt stengene i kuppelen som kan vera vrient, samt at stengene ikkje alltid går ned i den innebygde ”stangkoppen”. Stanga ved døropninga må settes i først, viss ikkje blir det kluss i kryssningspunktet. Ved mindre vind, nytta eg somregel bare 3 pluggar i kvar ende og frå 0-3 bardunar, sidan teltet står så godt av seg sjølv. Brukte Helsport sine snøplugger i 30cm og 50cm lengder pluss ski og stavar, alt etter snøforhold. Dei lengste snøpluggane haldt veldig godt i laus snø, nesten det einaste som satt. I forhold til heimespikka treplugger, er slike aluminiunsplugger absolutt verdt innversteringen. Men så veldig mange plugger er sjeldan bruk for. Viss ein er fleire personar, så er det fleire ski og stavar tilgjengeleg, og færre pluggar er nødvendig å ta med seg. Teltet har store stormmatter og desse fungere utmerka. Teltet står endå betre - og blir meir tett - når ein legg snø eller blokker av snø oppå . Tok vanlegvis snø frå kuldegropa og heiv på mattene. I laussnøen stod teltet eine å åleina på grunn av stormmattene, då plugger og ski fekk lite tak.



Dei ulike pluggane Helsport tilbyr. Eg brukte både 30 og 50 cm snøplugger, dei to næraste på bildet
 
Strikken i stengene
Det mest irriterande på teltet må vera strikken i stengene. Det er ikkje særleg kjekt å måtte tilpasse denne i minus femogtjue. Det som skjer er at strikken mister elastitet og blir for lang når temperaturen synk ned under 15 kuldegrader, dermed må den kuttast for å få satt stengene saman. Eg var klar over dette problemet og hadde alltid ein kniv lett tilgjengeleg for å lett kunne vippe opp endefestet på stanga og kutte strikken. Imiddlertid er dette ein møysomeleg jobb med vottar. På dette punktet må det vera eit stort forbedringspotensiale for Helsport. Etter 5-6 forskjellige kuttingar, trur eg no strikken min er sånn passe lang, så eg håper å sleppe dette problemet meir i framtida. NB! Kutt ikkje for mykje, då får du ikkje stengene saman igjen! Kanskje også lurt å ha med litt ekstra strikk i reserve.
 
Bardunane floker seg
Sidan teltet har mange bardunar kan det fort bli ein del surr med desse. Lite kjekt å løyse opp ei stor floke når teltet skal opp, så det beste er nok å forebygge problemet. Eg rulla stort sett opp bardunane og festa desse med ein gummi-strikk rundt då eg slo ned teltet, men med vottar var det til tider ein kald affære. Fordelen var at det aldri var surr i bardunane når teltet skulle opp igjen. Alternativ kan ein rulle bardunen opp og feste den med ein knute som er lett å få opp. Viss det bare var 1-4 bardunar som ikkje var opprulla, så blei det få floker med desse. Hadde eg ikkje foretatt meg noko på førehand, kunne det tatt svært lang tid å få opp teltet i sterk vind, så det er eit problem som Ikkje må undervurderast! Det hadde vore fordelaktig om Helsport sjølv hadde laga til ei ordning for å motvirke problemet. Eg kan godt koma med eit forslag; Lag ein liten ”pose” med lukkeopning som bardunen enkelt kan stappast oppi.
 
 
Eg må ta med at eg skreiv til Helsport ang dette teltet til turen, og fekk kjøpt det til redusert pris. For dette skulle eg ha logoen på teltet, skrive ein liten omtale og ta eit par bilde. Imiddlertid påverkar ikkje dette denne testrapporten, verken i lengde,  innhald eller konklusjon. Påpeikar også at eg bestemte meg for å ta med dette teltet lenge før eg kontakta Helsport. Den store logoen til Helsport på teltet, blir ikkje levert med på vanlege telt.
 
 
 
+
  • Veldig vindstabilt, sjølv ved bare bruk av få plugger og barduner, men teltet MÅ vera "korrekt" satt opp (sjå over)
  • Tåler meget sterk sidevind (f.eks. viss vinden dreier i løpet av natta)
  • Gode aerodynamiske eigenskaper ved sterk snøfokk, særleg viss enden ved teltopning er retta mot vinden
  • Stengene og teltkonstruksjonen tåler stor vind- og snøtyngde, særleg viss sidebardunane er i bruk
  • Stort fortelt med plass for baggasje, stor kuldegrop og matlaging
  • Innerteltet, plasseringa av luftelukene og kuppelkonstruksjonen gjer at det fort blir varmt i innerteltet ved bruk av primus (sjå over)
  • Genialt tørkenett og andre smådetaljer
-
  • Problem med strikken i stengene ved låge temperaturar. OBS! (sjå over)
  • Kan vera vrient å få stengene gjennom stangkanalen med vottar. Det burde ha vore mykje enklare
  • Det burde generlet vore enklare å få slått det opp
  • Før teltet nyttes i uvær, bør ein kjenne teltet godt
  • Sjølv om ytterduken er veldig sterk, burde den ha vore endå sterkare
  • Det burde ha vore med ein "bruksanvisning" med litt råd og tips
 
Konklusjon
Eit godt telt for dei fleste forhold, men det har forbedringspotensiale på visse punkt. Vil ikkje nøla med å anbefala det. Hovudfordelen er vinstabiliteten, som er opp mot eit reint kuppeltelt, og nytta av eit stort fortelt, som på eit tunnel-telt.
 
Nyttegrad NPL
Meget stor, kan trygt anbefales på slike turer. Kunne fått problem viss eg ikkje hadde ”kjent godt til” teltet på førehand.
 

Totalt: 4.5 / 5
 


Fleire bilde


Påskesol


Litt vind
 

Meir vind...






Sterk vind med store mengder snø!


Legg merke til snømuren eit stykke frå teltet (skal ta av for snøføyken)





Dagen etter...



I teltet. Myggnettingen over døra kan pakkes vekk, men det er ikkje blitt gjort her

Stort fortelt med god plass for kuldegrop og koking


Tørkenett i innerteltet