Test av kokeutstyr og tilbehør
Test av kokeutstyr og tilbehør
Av Ragnar Fjeld 20.07.2006

På denne sida:
  • MSR Dragonfly m/rep sett
  • Diverse tilbehør til brenner
  • Gryter, tallerken, kopp mm.
  • Thermos, 2x Hammerplast Sarek a 1L
  • Vannflaske, Lexane

--------------------------------------------------------------------

Primus/Multifuel brennar:
MSR Dragonfly

Bilde av den nye versjonen av MSR Dragonfly (ny type pumpe)

Testperiode:
 Hausten 2004 til og med sommaren 2006, inkludert turer på Svalbard og heile Norge på langs turen

Fakta:
-Vekt: ca300g
-Effekt: Opptil 3000w
-Innebygd rensenål

Dette er ein påliteleg brennar frå MSR. Den er vel basert på XGK modellen orginalt, men er kraftig vidareutvikla. Spesielt liker eg den gode effektreguleringa. Føtene grytene står på er også stabile og greie. Flaska er kopla til med ein delvis fleksibel slange. Denne er ikkje så lang, men det er også litt av poenget. Flaska og brennaren held seg samla, men samtidig er det litt fleksibilitet. Eg likte denne løysninga godt.

Har til no ikkje hatt noko som helst problem med denne brennaren. Det einaste er at eg no etter over 2 års bruk måtte smørje pakningen i pumpa. På full effekt vart det god varme i teltet mitt etter kort tid.

Likevel er det nokre ulempe. Pumpa er laga i plast og kan vera utsatt for slag og dermed bli øydelagt. Det har ikkje skjedd med meg, men det er ein ting å vera obs på. MSR har utgitt ei ny type pumpe til denne primusen og som er standard på dei som blir forhandla idag. Eg har imiddlertid den gamle versjonen. Brennaren støyer ganske heftig på full effekt. Nokon synes det bare er fint, mens andre nok irriterar seg over dette. På min Norge på langs tur syntes eg ikkje det var problematisk.

Reserveopplegg

På lange turar der ein er heilt avhenging av primusen for å smelte snø til drikkevatn, vil eg anbefala å ha eit backupopplegg i tillfelle seriøse problem med brennaren, dette uavhengig av merke. På NPL turen hadde eg difor ein komplett Primus Himalaya Multifuel i bakhånd, men det vart aldri nødvendig å nytte denne. Ein gassprimus hadde kanskje også gjort jobben som reserve.
På lengre turar kan det vera greit å ha med fullt rep.sett til primusen.
 
Drivstoff
Denne brennaren skal gå på det meste, men rensa bensin er absolutt å anbefale. Parafin av GOD kvalitet skal også gå greit, sjølv om eg ikkje har testa dette. Rensa bensin gjer god effekt, lite soting og lite vedlikehald. Brukes som regel 4-takts miljøbensing frå Statoil, men no har også andre bensinstasjonar tatt inn slik produkt. Spør gjerne etter "gressklipperbensin" og forviss deg om at det er for 4-takt, 2-takt er tilsatt olje og må ikkje nyttast. Felleskjøpet har også miljøbensin. Sportsbutikkar har gjerne 1liters flasker, men literprisen er skyhøg! Generelt er det i utkantstrøk vanskeleg å få tak i anna enn lampeolje eller fritidsparafin.

Alternativ
Primus omnifuel er nytta av mange. Fordelen med denne er spesielt mindre lyd og at den er noko rimelegare. Etter mykje problem med forrige Primusmodell, Himalaya Multifuel, var mitt tolmod oppbrukt. Dei aller fleste som har den nye Omnifuelen er fornøgde, men eg har også høyrt om tilfelle med litt problem. Dette kan dog ha samanheng med "dårleg" drivstoff

+
Svært robust og stabil
God effekt med justering
Få problemer
-
Litt lyd ved høg effekt
Plastpumpe
 
Konklusjon:
Ein av dei beste brennaren som er på markedet etter mi meining. Bråker litt.

Nytteverdi NPL:
Anbefales! Ein topp primus til ein slik tur
Totalt: 5.0/5

--------------------------------------------------------------------
Diverse primustilbehør nytta i lag med MSR Dragonfly
 
  • Primus brenselsflaske, trykktesta
  • MSR brenselsflaske, trykktesta
  • Bensinkanne hardplast, 5L
  • Trykkflaskene brukes som trykktank direkte på brennaren. Desse er på omlag ein liter. For å unngå å måtte ta med 5-6 slike, tenkte eg like godt at eg kunne ta med ei bensinkanne. Dette fungerte stort sett godt, men korken fekk ein real trøkk i Indre Troms, noko som førte til ein liten bensinlekkasje. Sidan alt var pakka i pakkposer, var det ingen problem slik sett. Måtte kassere kanna etter dette. Viktig også ta med helletut og trakt! Fordelen med ei slik kanne, er at ein kan ta med seg så mykje bensin som nødvendig. Miljøbensin frå bensinstasjoar/felleskjøpet er ofte på 4- eller 5 litersdunker. Sportsbutikker sel somregel kun 1liters flasker (dyrt)

  • Primus Himalaya multifuel med rep. sett
  • Plate til primus (Kryssfinèr)
  • Primus Himalaya Multifuel var bare med som reserveprimus. Ein heilt grei primus, men denne modellen kan slå seg heilt vrang til tider og eg vil ikkje anbefale denne.

    Ei plate i kryssfinèr er veldig fin å primusen på, særleg i snøen.


    Gryter, kopper og kar

  • Termokopp
  • Tallrikslåda (2deler)
  • 3 kjeler 1 vann og to mat
  • MSR Varmevekslar til gryter
  • Trangia lokk
  • Fyrstikker i vanntett boks
  • 3 sleiver, Ikea-type
  • Eg hadde ei eiga gryte til snøsmelting og nytta også ein MSR varmevekslar rundt denne. Eg hadde bare eit lokk, men etter kvart også ei panne som kunne nyttast som dette. Sidan maten ofte bestod av ein pakke basismat slik som ris/pasta/potemos i tillegg til sjølve hovudretten, var det praktisk med to gryter. Det fungerte veldig greit.

    Eg hadde med to termokoppar, den eine brukt til drikke og den andre med tanke på mat ved låge temperaturar. No gjekk det som regel greit å bruke plasttallerken (tallrikslåda)

    Sleivene var billigsaker frå Ikea, lette og fine.

    Hadde med ein pakke fyrstikker. Det holdt for heile turen. Pakka dei på fleire ulike plassar, slik at eg ikkje skulle risikere å miste eller gjere alle våte.




    --------------------------------------------------------------------


    Thermos:
    Hammerplast sarek 1l

    Testperiode: Vintaren 2004 til og med sommaren 2006, inkludert turer på Svalbard og heile Norge på langs turen

    Ein god thermos med svært gode varmeeigenskapar. Held drikka varm i lang tid samanlikna med mange andre thermoser på markedet. Relativt rimeleg og ingen "avanserte" deler som kan gå i stykker. Einaste problemet eg har hatt, er at metalldelen på koppen kan skilje lag med plasten.
     
    Konklusjon:
    Kjempegode thermoser

    Nytteverdi NPL:
    Anbefales! Rimeleg og god thermos. Hadde med 2stk
    Totalt: 4.5/5

    --------------------------------------------------------------------

    Vassflaske:
    NRS vassflaske i Lexane

    Testperiode: Vintaren 2006 til sommaren 2006

    Ei god vassflaske med stor opning. Litemål på den eine side. Egnar seg godt på tur og er enkel å fylle på grunn av stor opning. Tåler både låg og høg temperatur. Brukte den eit par gonger som "varmeflaske" og hadde då kokande vatn på. Lexane er eit utruleg bestandig plaststoff som tåler det meste.
     
    Konklusjon:
    God vassflaske for turbruk. På grunn av stor opning er den litt "vanskelegare" å drikke av, men opninga gjer det enklare å fylle på den.

    Nytteverdi NPL:
    Grei å ha med seg. På dei kaldaste dagane frys den, men innimellom er det jo ofte mildare temperaturar.

    Totalt: 4.5/5

    --------------------------------------------------------------------