Det yrer av vår
Luftige vårsprett
Det yrer av vår her i Nordfjord, dagen før påskeferie. Sola står høgt på himelen og varmar godt. Det er herlig å kunne nyta vårsola. Nokon sprettne elevar på Nordfjord Folkehøgskule hoppa luftige vårsvev, mens snøen og fjorden glinsa i bakgrunnen.
Av Ragnar Fjeld 24.04.2002
På Vereide, i Gloppen kommune, ligg Nordfjord Folkehøgskule. Idyllisk plassert med praktfull utsikt over fjorden til mektige og majestetiske fjellformasjonar. Sola står høgt på himmlen, det er nesten ikkje ei sky å sjå, det er varmt, utsikten er fantastisk og det er blitt vår. Du kan nok tenka deg at slike dager som dette, så er det som å vera i eit slags paradis på jord.  

Salto


  
Det er siste dag før påskeferie. Mange har allerede dratt sør, øst og nordover. Dei som er igjen kosar seg. Tormod og Lars finn ut at dei vil prøva å få til nokon luftige vårsvev over skuleplassen. Med trampoline og "tjukkass" og med stort pågangsmot blir det både saltoer framlengs, baklengs, med skru, 360 og alle mulige andre luftige svev. 
 


 

Tormod svever opp ned


  
Til slutt blir det oppvisning med baklengs salto frå skulens minibuss, samt frå hovedingens tak som var 3 meter høg. 
 
  
  
   
  


  

  
  

Tormod tar baklengs salto frå taket. Det er minst 3 meter ned...

  
Det må nok nemnast at Tormod og Lars er svært proffe på saltoar og veit kva dei gjer. Prøv ikkje på noko liknande utan å ha nok erfaring.
Relatert til artikkelen
Album
Luftige vårsprett
11 bilder
[22.03.2002 - 22.03.2002]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no