Breogfjell skal på isklatring i Vågå
Forviklingar på tur
Dette er ikkje historia om Isklatringa i Lom, men om breogfjellklassen sine forviklingar på tur. Stengte vegar, bagasje på avveier, biler i grøfta og hjelpsomme folk.
Av Ragnar Fjeld 10.03.2002
Dette er historien om Breogfjellklassen som skulle på isklatring i Lom med den knallgule minibussen og kassebilen med Briomerke på. Det første hinderet var været, som gjorde at alle fjelloverganger i Sørnorge blei steng. Dette førte til at turen måtte utsettast ein dag og det lagte mange forviklingar. Lillan og Ingunn skulle på årsmøte i DNT-U som starta på den siste dagen av turen. For å løysa dette blei "Briobilen" med oss, slik at dei kunne reisa litt før. Lorentz, som i lengre tid hadde planlagt å reisa heim til Bergen, måtte bare innse at han måtte utsetta sin møysommeleg planlagte heimtur med ein dag. 

Birobilen har kjørt i grøfta på vegen mellom Innvik og Olden

  
Glad og fornøgd, i strålande solskinn, satte den knallgule minibussen og Briobilen, kursen for Lom. Ikkje lenge etterpå etterpå, kom den litt distre læraren Rune på at me hadde gløymt å ta med oss alle klatretaua. Derfor måtte me snu og ta med desse. I mellomtida fortsatte Briobilen over Utviksfjellet. Eit lite stykke etter Innvik, kjørte briobilen i grøfta pga ein møtande bil som ikkje holdt sida og som kjørte styggfort. Etter 20 minutt kom også den guleminibussen forbi og alle mann blei med på å pressa bilen opp på vegen igjen. Då dette var gjordt, begynte motoren å koke. Kunne det vera skade på kjølesystemet? Etter litt om og men, fant nokon av dei meir mekanisk erfarne personane i BreogFjell klassen, ut at det låg hardpakka snø i heile motoren. Etter at dette var tatt vekk, var alt i orden og birobilen og den knallgule minibussen kunne kjøra vidare over Strynefjellet. Været var strålande. Kvifor var vi ikkje på ski i dag? Ut på dagen ankom vi Lom, og seinare overnatta vi ved Ridderspranget. Både den knallgule minibussen og Briobilen kom trygt fram. 



Etter ein knalltøff dag med isklatring i strålande solskinn og glittrande is, skulle vi prøve oss i ein 40 meter høg isfoss. Vi måtte derfor kjøre den knallgule minibussen og briobilen nedvover til Vågå. Det var bare eit problem, som vanlig ville ikkje den knallgule minibussen starta pga at batteriet var flatt. Ingen problem for ein råsterk breogfjellklasse, som først dytta den knallgule minibussen opp ein nokså bratt bakke og glatt oppoverbakke, for å så å dytta bussen igang. Briobilen hadde ingen problemer, utenom at alle piggane i dekka på ein måte hadde forsvunnet inn i dekket. Ingunn og Lillan, som skulle på landsmøtet til DNT-U, i Hemsedal, dro avgårde midt på dagen på fredagen. Med seg i briobilen hadde dei alt av bagasje, slik at vi slapp å stappe det inni i den knallgule minibussen. Som ein av dei siste bilane, kom dei over Strynefjellet og møtte Gunvor, som hadde vore på 3 dagers laussnøkjøyring på StrandaFjellet, og som også skulle til Hemsedal. Briobilen blei forlatt i Sandane med all bagasjen og i Gunvor sin Opel satte dei kursen mot Hemsedal. Etter at dei hadde kome forbi Byrkjelo, fekk dei vita at veien frå Skei til Sogndal var stengt pga dårlig sikt og ras, og at det var kolonnekjøring på Hemsedalsfjellet. Turen gjekk derfor tilbake til skulen igjen. 

  
Imens var Breogfjellklassen ferdig med isklatringa og skulle kjøre over Strynefjellet og tilbake til skulen. Dette tar vanligvis ca 5 timer. Uheldigvis var eit stormsenter på veg over sørnorge og Strynefjellet vart stengt. Alternativet var å kjøre den lange vegen rundt om Åndalsnes, noko som iallefall ville ta 10 timar. Problemet var det at kjøre/kviletida måtte overholdast og at fergene i Møre og Romsdal ikkje har avgangar midt på natta. Breogfjellklassen, som nå telte 13 elevar + ein stipp og ein lærar, hadde absolutt kun det dei stod og gjekk i, og det var ulltøy og stort sett Gore Tex liknande yttertøy som på ingen måte lukta godt etter 3 dager på tur. Soveposane, teltet, maten, ekstra klær og alt anna som var med på turen, var som du kanskje har fått med deg, i Sandane i Briobilen. Me måtte finna ein plass å overnatte. Statens Vegvesen kunne melda at vegen over Strynefjellet ikkje kom til å opna dagen etter, så det var lite vits i å sjekka inn på hotell i Lom.  
  
Super rektor Hallgeir på Nordfjord Folkehøgskule blei spurt til råds og han sa at han kunne snakka med nokon han kjente i området. Hallgeir har mange kontakter fikser som kjent det meste og han er ein meister i å overtale folk.  


  
I mens spiste breogfjellklassen burgere på MIX i Lom (Skikkeleg gode burgere!).Er du i Lom, så må du bare inn her å prøva burgerane altså. Hallgeir ringte så tilbake til Rune, som var godt i gang med sin Supersize Hawaiburger (333g) med ost han ikkje hadde bestilt, Coca-cola, Pommes frites og salat, og gliste bredt i det Hallgeir kunne opplysa om at han hadde overtalt foreldrene til ein tidlegare elev til å ta imot oss. Det er ikkje ofte du ser Rune med snakke i mobiltelefon ,samtidig som han spiser ein gedigen burger og drikker coca-cola, og derfor blei dette fotoobejkt nr1. hos den fotosugne breogfjellklassen. Rune, kunne etter ein lang fotosession, stolt informera om at super rektor Hallgeir, hadde overtalt nokon stakkars foreldre til ein tidlegare elev til å ta imot oss. Rune var ikkje heilt sikker på at dei virkelig hadde forstått at ingen hadde soveposer, for kan du tenka deg nokon som skaffer tilveie madrasser og dyner/soverposer til 15 stk på kort varsel? Rune, som etter kvart hadde blitt litt av ein mobilrånar denne kvelden, slo sjølvsagt på tråden til desse mystiske og hjelpsomme folka i Isfjorden, og fekk bekrefta at det faktisk var sant. Etter ca 4 timer kom vi fram til den forholdsvis øde plassen Isfjord. Det blei ein kjempevellkomst av dei hyggelege og vennlege foreldra til ein tidlegare elev på Nordfjord Folkehøgskule. Hallgeir hadde vist sagt i frå om at det kom 13 elevar frå Breogfjell. Uheldigsvis hadde han gløymt Rune og Christian, henholdsvis lærar og stipendiat for Breogfjellklassen. Ingen problem for folka i Isfjorden, som på magisk vis trylla fram 2 ekstra madrassar og dyner. 
  
Samtidig blei det hengt opp ein plakat på Nordfjord Folkehøgskule der det stod: 
Savner du ein Bre og fjeller: Dei er værfast på Åndalsnes og kjem utpå dagen i morgon 
  
Breogfjell overnatta her i Isfjorden

Det som nok kan poengterast, er at vi på ingen måte var værfast, men at vi låg på mjuke madrassar hos foreldrene til ein tidlegare elev, i Isfjorden ved Åndalsnes (som du nok allerede har fått med deg). Dei som nok var værfast, var nok ekspedisjonsklassen som dagen før hadde lagt i vei frå Strynefjellet og befant seg høgt oppe på fjellet i snøstormen. Dei har enda ikkje returnert i det denne historien blir skriven, men vi håper at dei klarer seg. Dei er venta tilbake om ca 7 dager. 
  
Tilbake til Isfjorden igjen: Lorentz satt i halv 2 tida å fikla med mobilen sin. Han måtte gje beskjed om at han hadde problem med å koma seg til Bergen. Problemet var bare det at det var umulig å få sendt ein melding. Ingen dekning i Isfjorden. Han måtte bare venta til dagen etterpå, mens alle venta på at han kom tidlig dagen etterpå. 
  
I halv åtte tida, var det frokost hos dei koselege og hjelsomme folka i Isfjorden. Ein nydeleg frokost med varme horn, fersk brød og masse godt pålegg, i tilegg til melk, juice, Kakao, Kaffe og Te. Ein alle tiders morgon i den fine bygda. Skydekket letta og kjempemektige fjell kom til syne. 
 

Reperasjon av gasspedal. Sportstape fikser problemet


Kursen blei nå satt mot Ålesund for å så ta kystvegen nedover til Sandane. Lorentz fekk snakka med folka heime, og kom plutseleg på at det kunne jo gå å ta fly i frå Ålesund til Bergen. Eit fly som gjekk klokka 13 kunne han nok nå, viss ikkje noko uforutsett skulle skje. Ikkje lenge etterpå merker Rune at gasspedalen var litt rar. Etter ei stund er det umulig å gje gass. Heile pedalen er knekt. Heldigvis viser det seg at litt sportstape fikser saken, og den knallgule minibussen kjører vidare. I Moa skulle Lorentz ta ut penger for å så ta flybussen ut til flyplassen. Uheldigvis så var det noko galt med kortet (Eller rettare sagt: kontoen var i minus) og derfor måtte Lorentz låna penger til flybiletten, som selfølgelig var ein sjansebilett. Rune måtte også låne penger til fergene, siden han hadde glømt å ta med kortet sitt. Godt at Thomas har ein nesten uttømmelig konto... 

Bølgene slår godt over ferga mellom Solvåg-festøy i Møre og romsdal


På fergene sørover var det ganske gode bølger, og alle måtte derfor ut av bilane pga klemfare. Sjøsprøyten sto over heile båten. Å stå oppe på dekk var ein kul opplevelse. I det ferga la til kai, satt omtrent halve breogfjellgjengen i bussen. Resten, inkludert lærer og supersjåfør Rune, satt nede i salongen og merka ingen ting til at ferga la til. Etter ei god stund kom ei frå mannskapet og spurde om me ikkje skulle kjøra i land. Ingen hadde sertifikat eller nøkkler. Til slutt kom Rune og gjengen springane... 
Nå hadde vi dårlig tid til å nå neste ferge... 
I Volda kom ein tidlegare lærar på NF, og han kjørte deretter den knallgule minibussen fram til Nordfjord Folkehøgskule. Ein lang og eventyrleg tur med masse forviklingar og opplevingar.

Relatert til artikkelen
Album
Isklatring
46 bilder
[06.03.2002 - 06.09.2002]
Vis album

Artiklar
Isklatring i Vågå [11.03.2002]


©2001-2004 Breogfjellsport.no