Påvegheim2002 Etappe4:Tyin-Mørkrisdalen (Hemsedal)
Over Filefjell
Etter 11 dager på tur, kom vi fram til Sletterust ved Tyin. Her hadde vi fått låne hytta til familien Hoff. Vidare skulle ferden gå over Filefjell og vidare mot Hemsedalstraktene. Det minka betraktelig på snøen, og vannstanden i elvene auka faretruande. Vi gjekk på med nytt mot og klarte oss bra. Men det blei både slitsomt, spanande og farlig…
Av Ragnar Fjeld 01.06.2002
Vi hadde ein fin kveld på hytta til Familien Hoff på Sletterust (like ved innsjøen Tyin). Her var det faktisk TV og vi fekk sett ein bra dokumentar om Norsk etteretning på NRK. Etter ei god natts søvn, rydda vi raskt ut av hytta og gjekk på vegen mot brua som går over elva Tyin. I området var det lite snø, så vi gjekk eit stykke før vi tok på skia med feller. Opp til Slettningsbu var det bare oppover, men passe slakt. På hytta tok vi oss ein god lunsj.          

 
Alexander har akkurat vada over elva. Kaldt...

Vidare følgte vi sommarruta mot vegen over Filefjell. Dei aller fleste vatna var opne, og det var til tider svært vanskeleg å gå rundt. Været var ikkje veldig oppmuntrande; mørke skyer. Etter mange heldige elevepassasjar  på skjøre snubruar, tok flaksen slutt. Ei elv som vanlegvis er liten, hadde mykje vannføring og vi måtte vasse over. Heldigvis fant vi ein brei plass det strømmen ikkje var for sterk.          

     

Mot aust er det nesten ikkje snø i det heile
Nedover mot vegen over Filefjell, var all snøen smelta. Vi tok derfor skia på sekken og rusla nedover. Ingen av oss var i veldig bra form. Etter 10 harde dager på ski, så merkes det. Thomas hadde siden dagen før, vore litt "fraverande". Det virka som om han kanskje var litt småsjuk. Alexander var vell litt slapp han og, mens eg sjølv følte meg brukar bra. Litt før kl 6, kom vi ned til vegen og skulle herfra gå bort til Nystuen på vegen. Dette er ein strekning på omtrent 3km. På Nystuen var planen å kjøpe noko god mat. Dessverre var hotellet stengt pga personalmøte. Vi tok derfor litt sjokolade og starta på oppturen til Sulebu. Over ein stri bekk var det heldigvis ei nedsnødd bru. Oppover var det tett skau og lite snø. Lenger oppe var det fine store snøfonner som var fine å gå på. Alle var svært glade då me kom fram til hytta. Det hadde vore ein lang dag med vanskeleg føre og i tillegg var vi ikkje i toppform. Thomas mekka ein utruleg god middag av provianten på hytta. Alle blei godt mette. Radioen stod på om kvelden. I løpet av turen hadde vi hørt endel på Nattønsket. Kvelden/Natta denne dagen var ingen unntak. Mange bra sangønsker strømma ut i den fine hytta langt oppe på fjellet. Her var det nok ingen i mils omkrets.           

Vi sov litt lenger enn normalt neste morgon, for å prøva å bli litt betre i form. I det eg såg Thomas om morgonen, såg eg at han absolutt ikkje burde legga ut på tur. Han hadde feber og følte seg dårlig, men var fast bestemt på å legga i veg. Det var ikkje ein lett å bestemma at me skulle gå vidare. Problemet var at snøen smelta utruleg fort, og vatnet i bekkar og elvar steig faretruande. Det kunne bli vanskeleg å koma seg ned om vi venta lenger.           

           

Bekkar og elver starta å opna seg. Mellom 40 og 50% snødekke
Turen mot Hemsedal blei lang og tung. Været var stort sett overskya. Vi gjekk lange omvegar for å krysse over det som vanlegvis er små bekkar. Thomas sleit skikkeleg, men med endel pausar klarte han seg brukbart. Vi skulle opp på omtrent 1500 meter og så renna nedover til 1300 og så opp på 1400 igjen. Det var lite snø, kanskje bare 40% snødekke. Vi måtte av og på med skia heile tida. Eg fekk sendt og motatt nokon meldingar oppe i høgden. Vi skreiv bla at Thomas ikkje var heilt i form          

           

Ved ein bekk kasta vi skia over. I det Thomas skulle slenge den andre skien over, tok eit vindkast tak i skien og dermed landa den midt i bekken. Skien for eit stykke nedover, men satte seg fast. Heldigvis var det enkelt å få tak i den igjen. Humøret var ikkje så opptimistisk i lunsjen og Thomas hadde det nok ikkje så bra. Vidare var det i følge kartet fleire vanskelege elvekryssingar. Ved å ta eit par frekke veivalg, unngjekk vi å måtte krysse ei stor elv som hadde masse snøsørpe over seg. Det såg uforsvarleg ut.           

Vidare nedover var det heldigvis snøbruer som holdt. Det blei mange pausar underveis, men det gjekk brukbart framover. Vi hadde lenge gleda oss til ein lang bakke frå 1400MOH til 1100MOH. Dei første 50 høgdemeterane var det snø, resten var totalt smelta. Med skia på sekken vandre vi som om det var sommar, nedover den lange bakken ned til vegen. Været var sjølvsagt grått, og temperaturen var mild.

Ved Bjordalsstøylen satte vi opp teltet. Ideelt sett burde vi denne dagen ha gått 15km til, men 20km var meir enn nok pga at vi ikkje var i form. I teltet laga vi oss ein god middag og sov godt.           

           

           

Ein glad gjeng sitter på Sulebu og spiser ein "dualige" middag

Dagen etterpå måtte vi tenke på turen vidare. Thomas gav beskjed om at han enda ikkje var i god form, sjølvom han var betre. Vi ringte også turistforeningen og spurde om forholda i Skarvheimen. Det var lite oppmuntrande; fleire av hyttene som vi trudde var opne, var stengt. Det var lite snø og stor vannføring i elvene. Målet med denne turen var forsåvidt å koma seg heim ved å gå på ski og sykla. Det viktigaste for oss var heile tida å koma seg til Tyin og etter dette se det litt ann. Så ein totalvurdering tilsa at det var lite forsvarleg at vi skulle skilja lag og gå 2 stk vidare, men heller at vi burde sykla frå Hemsedalsfjella. Dette viste seg å vera eit klokt valg. Vi fekk snakka med Leif Einar, som var hos sin onkel i Eggedal. Han skulle eigentleg kjøra syklane til Hardangervidda, men vi fekk snakka med dei ein halv time før dei skulle reisa oppover. Vi fekk derfor frakta syklane opp til oss på Hemsedalsfjellet og dei tok med seg masse utstyr og ski tilbake. Dette var på ingen måte eit nederlag. Faktisk så var det eigenteleg betre å sykla derfrå ein frå Hardangervidda uansett, så vi var i godt humør då vi satte oss på syklane!          

Så var det bare å cruise nedover dei 7 mila ned til Gol...          

 
Relatert til artikkelen
Album
Påvegheim Etappe4 Filefjell
12 bilder
[22.05.2002 - 24.05.2002]
Vis album

Artiklar
Flott i Jotunheimen [01.06.2002]
Påvegheim2002 Etappe5: Vi cruiser heimover [01.06.2002]
Breheimen, 17.mai og nye utfordringar [01.06.2002]
Over Myklebust- og Jostedalsbreen [01.06.2002]

Artikkelen er del av TEMA:
På tur heim frå folkehøgskule
-På ski, til fots og med sykkel

Etter eit år på folkehøgskule, bestemte 4 elever seg for å koma seg heim på eigenhand. Frå Gloppen i Sogn og Fjordane bare det over både fjord, bre og fjell. Då det blei lite snø igjen, blei ski bytta ut med sykkel. Gjennom tekst og bilder kan du følgja turen

18 fine dagar i mai 2002!

Gå til tema-framside: PÅVEGHEIM 2002


Bilde i album "Påvegheim Etappe4 Filefjell"













©2001-2004 Breogfjellsport.no