Den kvite og lette snøen har dala ned over fjella med glittrande iskrystallar. Eit par ski skjer seg gjennom snøen og lagar eit fint spor nedover, mens sola glimter over fjella. Det var klart for vinterens første topptur på telemarkski!
|
Av Ragnar Fjeld
23.11.2002
|
Eg sit å ser ut gjennom vindauget og nyter synet av mektige fjell og brear i eit fabelaktig måneskinn. Heilt utruleg fint å sjå ut over litt mystiske og majestetiske toppar og silkeaktige brear. Widerøes flight 543 frå Bergen til Sandane krysser over Jostedalsbreen og hiv seg ned i Nordfjorden for å lande på den korte rullebanen i Sandane. Flyet vingler litt over dei ustabile luftmassane over fjorden, før ein dyktig pilot set flyet trygt ned på bakken. Eg skulle besøke Nordfjord Folkehøgskule, som eg med tungt hjarta hadde forlatt i midten av mai. No var det november og eg rusla på vegen mot Veriede, mens toppane på andre sida av fjorden viste seg fram Topptur utan ski, sko og feller? Eg hadde ikkje tenkt på moglegheita for å ta med ski og eg forventa ikkje noko topptur denne helga, men med all lausnøen som hadde dalt ned over dei fine toppane rundt Gloppefjorden var det svært fristande. Det viste seg at ein heil gjeng med besøkande hadde tenkt å ta seg eit topptur dagen etterpå. Ingen hadde ski, skisko, staver eller passande klede. Alikevel var dette ingen hindring. Med omtrent 100 friluftsentusiaster med topp utstyr var det ingen problem å låne alt som var nøvendig. Dei hadde ikkje bruk for det uansett denne helga fordi dei var opptatt med ein musikal. Etter ei sein natt og ein så altfor tidleg morgon, var det klart for topptur opp til Berdalseggja. Ved Ryggjastøylen tok vi på oss skia og gjekk oppver i fin, snødekt, skog. Eit lag med iskrystallar låg oppå snøen. Lyden av ski som subba gjennom dette laget, var fin å høyre på.
På toppen
Det er over 6mnd siden sist eg hadde på meg skia, tenker eg der eg står på toppen av Berdalseggja og ser ut over ein lang og snørik bakke. Skia brøyter seg gjennom den fine laussnøen og den første telemarkssvingen er eit faktum. Det er litt uvandt og det går ikkje lenge før eg mister balansen og snøen fyk rundt meg. Vidare nedover leker vi oss i snøen og prøver å få tilbake skifølinga. Vi suser over små hopp og ramler så det bare det! Det er herlig å få oppleva snøens gleder igjen. Litt etter litt nærmer vi oss skogen og sikksakkkjøring mellom busker og tre. Litt lite snø gjer det litt vrient å kjøre kontrollert. Vell nede igjen var vi alle einige om at dette hadde vore skikkeleg morro!
|
|
Album
|
Topptur
14 bilder
[23.11.2002 - 23.11.2002]
Vis album
|
|
|
|