Skitur inn til Goliathytta i Finnemarka
Silkeføre i Drammensmarka
Det ligg ein halv meter med silkemjuk snø og venter på oss i Finnemarka. Her går skiløypeene heilt frå Drammen sentrum og mange mil innover.Etter ein fin dag med telemarkskjøring i Aronsløypa, bar det innover i det flotte vinterlandskapet til Goliathytta.
Av Ragnar Fjeld 05.01.2003



Goliathytta

Vi hadde Goliathytta i Finnemarka som mål for turen. Hytta disponeres av Drammens sportsfiskeres ivrige ungdomsgruppe. Med dei utrulege snømengdene vart det ein fin tur innover i nydeleg skiterreng. Vi tok stolheisen opp til toppunktet i Aronsløypa og la på veg innover. 
 
 
Goliathytta er bygd på gammal vis, med skikkeleg lafta tømmer! Hytta likna kanskje litt meir på eit stort stabbur. Innvendig kunne hytta skilte med ekte rosemåla skåp! 

På "Goliaten" mangla det ikkje på husvarme. 20 kuldegrader innandørs vart etter kvart om til plussgrader etter aktiv bruk av hyttas 3 ovner. Peisen var fyllt opp med snø og det blei konstantert at pipa var tett. Opp på taket måtte vi og stigen låg under ein meter med snø. Det var ein heller strevsom jobb, men svært nødvendig for at det ikkje skulle bli for kaldt i våre lette soveposar.  
 


  
 
Kveld på hytta 

Etter eit par timar var temperaturen brukbar og Thomas hadde blitt ferdig med restemiddagen etter nyttår; Kalkun med mandelpoteter. Kvelden gjekk med til småprat og diskusjon, før kraup vi ned i soveposane. Temperaturen sank betrakteleg i løpet av natta, men det blei ikkje så kaldt som venta. Kanskje snøen isolerte hytta ekstra godt? 
  
 
  
Tidleg morgon

Det blei ein tidleg morgon. Alle 3 skulle reisa midt på dagen; Alexander til Haugesund, eg skulle til Stavanger og Thomas skulle ein tur nedover i vestfold... 
Det var skikkeleg oppmuntrande å gå i den djupe, silkeaktige snøen med morgensola som gnistra mellom grantrea. Det er få dager som er så fine som dette! 
Alexander måtte streva litt med rennski utan festesmurning, men det gjekk betre då vi kom ut i løypenettet. Thomas leda oss gjennom x antall løypekryss og etter ein lang og fin utforkjøring, var vi omtrent i sentrum av Drammen by. 
Vi rakk alle det vi skulle. Alexander tok Haukeliekspressen kl 15, eg tok flyet til Sola kl 15.30 og Thomas reiste sørover utpå ettermiddagen.



Finnemarka

Områda rundt Drammen innbyr til mange flotte turar. Området blir kalla Finnmarka  og har fleire turisthytter som Drammen og Omegns turistforening står for. Det er også bra med oppkjørte løyper. Eit kart er nok å anbefala sjølvom dei fleste trasèane er merka med skilt. 
 
Meir info: 
Sjå Drammens og opplands turistforening
www.dotf.no 
  
Området kan absolutt anbefalast! 




Turdato: 02-03.01 2003
Relatert til artikkelen
Album
Silkeføre i Drammensmarka
9 bilder
[02.01.2003 - 03.01.2003]
Vis album
Album
Aronsløypa
10 bilder
[01.01.2003 - 02.01.2003]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no