Kjempefint i Sirdal
På snøbrett for første gang
Ein gong må vera den første og denne dagen skulle eg prøva meg på snøbrett. Det blei ein dag med mange "knall og fall", men etter kvart blei det skikkeleg kjekt. Overgangen frå ski til brett var ganske utfordrande
Av Ragnar Fjeld 09.04.2003

Sirdal


Sol, Vindstille og flotte forhold i Sirdalen. Denne fjellbygda har mykje fin natur og by på i tillegg til fleire skitrekk.
 
Det var sol allerede tidleg denne søndags morgonen. Etter ein biltur på 1,5 time oppover rv45, kom vi fram til Sinnes  i Sirdalen. Vindstille og flotte forhold i møtte oss. Eit snøfall tidlegare i veka gjorde at det var brukbart med snø 
Dette var altså dagen eg skulle prøva  snøbrett. I lag med ein kamerat som hadde prøvd snøbrett ein gong før, bar det noko ustødig oppover skiheisen. Det første som følets merkeleg med snøbrett, er at føtene er fastspendt og dermed blir det vrient å bevega seg på flate parti. Etter litt om og men, sklei eg forsiktig nedover det første stykket. Det var ganske lett å "bremse" seg nedover med brettet horisontalt og med tyngepunktet godt bakpå.    

  
 


På snøbrett

Det tok litt tid nedover første gongen, bl.a. fordi eg ikkje hadde nok fart på eit flatt parti. Å svinga den eine vegen var forholdsvis enkelt, men dett blei mange ukontrollerte fall med ein gong eg skulle prøva å svinga andre vegen. Har full forståelse for at det er mange som skadar seg på snøbrett. Det er ganske lett! Nesten like heil tok vi heisen opp igjen, og rant ned igjen. Slik fortsatte vi heile dagen  
 


Snøbrettet fekk juling

Belastninga på brettet må ha vore for stor frå ein nybegynnar (eller var det dårlig frå før?). Iallefall knakk venstre binding beint av. Dette var heldigvis eit brett eg lånte av skiutleigen, så eg fekk derfor eit "nytt".  
   
  
  
  

Snøbrett er både utfordrande og kjekt!
Etter kvart blei det bare meir og meir kjekt på brettet og då dagen var omme, kunne eg iallefall svinge begge veger og heilt rundt. I dei brattaste bakkane var det litt vanskeleg, men på flatene var det bare å "surfa" på snøen. Heilt utruleg!  

Relatert til artikkelen
Album
På snøbrett
12 bilder
[06.04.2003 - 06.04.2003]
Vis album

Artiklar
Ålsheia i Sirdal [01.03.2002]

Video: Ragnar på Snøbrett
Ragnar på snøbrett
Vis video
Video: Ingvar på snøbrett
Ingvar Tjøstheim prøver snøbrett for andre gong i Ålsheia, Sirdalen
Vis video

Ålsheia, Sirdal
Tlf: 38371265

Fakta:
Heisar: 5

Nedfartar: 8
Høgdeforskjell: 245m


"Ålsheia skisenter er et topp moderne skisenter som skal tilfredsstille den mest kresne skiløper enten du er nybegynner eller har lang erfaring. Vi har løyper i alle kategorier både for alpint og snowboard. Vi har 5 skitrekk og et gratis minibelt for de minste. Samlet kapasitet er 3800 pers/time.
Varmestuen tilbyr enkle varmretter og kald/varm drikke. Utleie av alpin- og telemarkski, snowboard, turski og barnepulk."
(aalsheia.no)


Adkomst: E39 til Ålgård, deretter Rv 45 gjennom Hunnedalen til Sinnes. Alternativt E39 til Helleland, Rv 42 til Tonstad og Rv 468 vidare til Sinnes. 

Parkering:
Ved skisenteret

Opningstider:
Sjå nettside

Prisar (2005): 
Dagskort 10-16: 200,-/160,-
(Voksen/barn)

-
Føreforhold Ålsheia
-Webkamera
-Bakkeoversikt

-
Føreforhold Sirdal (skiinfo)
-Vèrrapport Sirdal (sirdalsferie)

Gå til Skinfo: Sirdal
Gå til Sirdalsferie
Gå til Ålsheia Skisenter


©2001-2004 Breogfjellsport.no