Topptur til Kjølen, Troms
Pudderføre
Etter 3 veker med regn, mildvèr, hestehov og tulipaner kom endeleg den etterlengta vinteren tilbake. 30 cm nysnø over natta gav perfekt skiføre på sålen som var frå før. Dette måtte bare utnyttes så det blei ein kaotisk morgon for å koma oss ut. Turen gjekk til Kvaløya og Kjølen lørdag 1.mars
Av Leif Einar Størvern og Ragnar Fjeld 03.03.2003

Seint torsdag kveld blei ski bytta ut med fjellsko etter anmodning frå fastbuande langt der oppe i nord. Så var det bare å sette seg på flyet nordover for å tilbringa vinterferie i meir alpint terreng. Strålande vær og plenty med snø møtte meg i Tromsø. Mystisk eller? Det hadde seg slik at det snødde kraftig heile natta og kong vinter overtok igjen.       

 

Leif Einar, Sigrid, Karoline og Mikael
     

Skitur måtte det likevel bli. Slik føre må jo utnyttast. Så med lånte ski og ikkje minst lånte stavar, tok vi "universalbuss 42" til Kvaløya. Herfrå  gjekk turen opp mot Kjølen.  Føret var bare fantastisk, så flatene mot toppen blei bytta ut med ein ekstra tur nedover bakkane.       

       

Fortoppen blei nådd og utsikta var upåklageleg med kjente toppar, tromsøya og ishavet i siktet. Ikkje mange andre stadar i landet har ein storby slike naturopplevingar rett utanfor bykjerna.      

     

Vår kjentmann og innfødte troromsøværing, alias puddersnuseren, guida oss gjennom utsikten. Namn som Lille Blåmannen, Lyngsalpane, Tromsdalstind og  Soria Moria ble nemnt.       

       

Medbrakt lunsj og solbærtoddy blei intatt mens forventningane steig til taket. Vi måtte bare setta utfor. Karolines nye pudderski i lag med diverse andre ski av varierande kvalitet (Nansen?), likte seg godt på slikt eit føre. Beste føre siden "vinterturen" i fjor. Turen blei ein einaste lang opptur og sjølvtilita kom tilbake. Det blei arrangert fotoseanse midt i bakken, og Mikael varta opp med telemarkskjøring i norgesklasse.       

Sigrid suser nedover bakkane
     

Vi andre følte også at vi for ein gongs skyld fekk til ein del tøffe ting. Dei berømte kortsvingane satt lausare ein vanleg.      

       

       

Ein lang og fin dag i snøen blei avslutta med god middag og skibilder til langt på natt.

Relatert til artikkelen
Album
Toppar i Troms
14 bilder
[02.03.2003 - 06.03.2003]
Vis album
Album
Telemark på superføre
11 bilder
[03.01.2003 - 03.01.2003]
Vis album

Artiklar
Topptur til Røtinden [18.01.2005]


©2001-2004 Breogfjellsport.no