Flott føre
På ski i Brekko
Brekko er eit populært skiområde og ligg bare 45km frå Stavanger. Her er det både lysløyper som egnar seg godt for trening og moglegheit for skiturar i fjellterreng. Staden kan også by på varmestove, kapell og skileiksbakke.
Av Ragnar Fjeld 23.01.2005




Nydeleg føre


Med eit greit lag nysnø og ei minusgrad var føret upåklageleg. Løypene var preparerte og det var også nok snø til å gå i terrenget. Vi var ikkje åleine om å reise til Brekko denne laurdagen, det var nok ein del andre som også lengta litt etter snøen.

Etter å først ha tusla litt rundt i lysløypa, tok vi turen opp Langedalen til Kartavatnet. Dette er ein fin avstikkar frå dei preparerte løypene. Det var flott å koma litt opp i høgda og gå i den fine nysnøen. Litt lite snø var det dog enkelte parti, men dette var uproblematisk. Sommartrasèen blir stort sett fulgt.

Etter avslappingspause med nistepakka, vart det litt skigåing i dei preparerte løypene. Med litt diverse skismurningsrestar under skia, så vart det ikkje den heilt store glien, men artig var det likevel.

Nokre bilde frå skigåinga under. Fleire i albumet opp til høgre.


Brekko

Det trengs ikkje så mykje snø i Brekko før det blir fine langrennsforhold, 10-15cm er somregel nok og difor er det ofte greie forhold her. Jæren friluftsråd er flinke med å preparere og kjøre opp spor så fort det er snø nok. Nærleiken til Jæren og Stavanger gjer at Brekko til ein populær stad for skitrening. Dei 6 kilometrane med lysløyper har lys fram til 22.00 kvar dag og ein kveldstur kan anbefalast. Det er også 2 store parkeringsplassar som tar unna sjølv på utfartsdagar (20kr for parkering, går til drift av området). Frå den øvre parkeringsplassen er det bare å spenne på seg skia og gå rett ut i løypene. God tur!










Turdato: 22.01.2005



Relatert til artikkelen
Album
Vinter i Brekko
16 bilder
[22.01.2005 - 22.01.2005]
Vis album
Album
Vinterbilde frå Brekko
12 bilder
[27.12.2000 - 07.03.2001]
Vis album

Fakta: Brekko

"Jær-regionens eneste langrenn, skiskytteranlegg og skileikbakke er plassert i området. Med forholdsvis små snømengder kan en benytte 13 km med turveier hvorav 6 km er belyst i vinterhalvåret. Er det snø nok, blir løypene preparert. Bading og fisking i Store og Litle Foretjørn. Muligheter for sopp og bærplukking. Naturinformasjon i egen skog- og natursti. Stavanger O-klubb har laget kart over området samt eget turorienteringsopplegg med faste poster. Dette er lagt ut for salg i varmestua.

Brekko er godt tilrettelagt for både vinter- og sommerbruk. I de sentrale deler finner en gode grusveier og grovplanerte turveier som fører opp til ca 400 m høyde. Her kan en fortsette i merket stisystem i varierende lengde. Området egner seg godt for turgåing for alle aldersgrupper. Det er spesielt god tilrettelagt for barnefamilier."

(Jæren friluftsråd)

-Føreforhold

Adkomst
Brekko ligg ca 45 km frå Stavanger. Følg E39 til Vaula bru sør for Ålgård. Avkjøring og vegen vidare er skilta.


Friluftstunet Brekko
"Friluftstunet består av varmestue og kapell bundet sammen av et overdekket mellombygg. 
Tunet ble påbegynt våren 1996 og ble åpnet og kapellet vigslet 2. pinsedag 1997. 
Arkitekt er Knut Hoem. Varmestuen holdes betjent om søndager vår, høst og vinter samt noen kvelder når det er snø og aktivitet i skiløypene. I varmestua kan du spise din egen niste eller du kan kjøpe av det vertskapet byr på av hjemmebakt, is, kaffe og brus. Det er verken spise- eller kjøpeplikt her."

(Jæren friluftsråd)
Meir informasjon om friluftstunet


Gå til Jæren friluftsråd

©2001-2004 Breogfjellsport.no