Turløp frå Setesdal til Sirdal
Sesilåmi 2005
Litt om årets Sesilåm, eit turløp over 55km, frå Setesdal til Sirdal. Blandt anna bilde frå starten og litt om turen over fjellet i snøvèret.
Av Ragnar Fjeld 13.03.2005, oppdatert 09.04.2005


Sesilåmi

Sesilåmi er eit turløp som går mellom Setesdal og Sirdal kvar år. Starten er på Furestøyl, ca 500meter over havet, opp av Brokke i Setesdal. Målgang på Sinnes i Sirdalen. Løypa går opp til ca 1025 meter over havet og er litt kupert. Vanlegvis er lengden 53km.

Meir informasjon om Sesilåmi på Sesilami.no




Løypekart frå Sesilåmi.no



Sesilåmi 2005




Start ved Furestøyl


Årets Sesilåmi gjekk av stabelen den  13.03.2005 med over 1600 påmeldte. På grunn av isforholda var løypa litt lagt om, slik at løypa no var 55km.

Tidleg om morgonen var det folksomt oppe ved startområdet. Ski skulle smørast og testast. Dei vel 1500 deltakarane starta i ulike puljer, med eit kvarters mellomrom. For underteiknande var dette første gong, så det var vanskeleg å veta kva som venta. Litt uroleg vart eg då eg ikkje såg nokon andre som ville prøve seg på fjellski, alle andre hadde stort sett smale løypeski. Heldivis var det iallefall lett å smøre, blå ekstra skulle holde i massevis.

Dei aller beste starta i eliteklassen, og la iveg i eit forykande tempo. For mennene vart det litt kluss i starten med nokon "knall og fall", men det såg ut til å gå bra. Bak i pulja starta ulike årsklassar, og desse såg ut til å ha bedre tid.


Start


Eg stillte meg litt bak for midten i pulja mi. Så gjekk startskuddet og turen var igang. Dei første 15 kilometrane gjekk radig oppover og kosta utruleg mykje krefter. Oppe ved Øyvuvsbu var den andre drikkestasjonen og her var det også havresuppe å få. Eg hadde brukt to timar, noko eg var fornøgd med. Men kor langt det var igjen, nei det var eg usikker på...

Etter kvart kom snøvèret settande inn og spora snødde regelrett igjen. Skia mine viste seg å gli dårlegare i snøvèret samanlikna med mange andre, særleg på flaten. Folk eg gjekk forbi i oppoverbakkane, glei lett langt forbi meg på flatene. I oppoverbakkane gjekk det imiddlertid ganske radig, samme med dei bratte nedoverbakkane, der skia var stødige. Etter ei stund dukka skiltet 30km opp, men det viste seg å vera 30km igjen.

Det var nok ikkje så lurt å basere næringsinntaket på xl1 på drikkestasonane, samt nokre pakkar kvikk-lunsj utanom. Snøvèret kosta mykje krefter og det tok verkeleg på å gå. Den siste mila var regelrett tung, sjølv om det bar nedover. Etter nærare 6 timar kom eg meg endeleg over målstreken.

Alt i alt var det ganske artig, men neste gong blir det nok med litt smalare ski.

Meir om årets Sesilåmi i Stavanger aftenblads artikkel "Tøff tørn over fjellet"


Bilde frå starten av Sesilåmi 2005:


Start for mellom annan eliteklassen for menn


Knall og fall i starten




Start for kvinneklassen


Start for kvinneklassen


Oppover og innover. Sinnes i Sirdal: 55km. Trasèen følg vegen oppover til like før Øyuvsbu



Sesilåmi, mellom Setesdal og Sirdal (sesilami.no)

Relatert til artikkelen
Album
Sesilåmi 2005
8 bilder
[13.03.2005 - 13.03.2005]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no