Påsketur over Hardangervidda
Fin avsluttning på praktfull påsketur
Thomas, Leif Einar og Svein Håkon er nå tilbake i Drammen. Thomas og Svein Håkon hadde ein praktfull tur i går frå Mårbu, til Kalhovd og vidare dei 2,2 mila til Helberghytta. Leif Einar rant ned til Steinbu og tok ein minibuss ned til Ausbygda.
Av Ragnar Fjeld 28.03.2002 19:58

28.03 2002 18:05
Turfølget har nå tatt bussen ned til Drammen, etter drømmeturen over Hardangervidda. Heile veka har det vore fint vær og silkeføre.
 
I går gjekk Thomas og Svein Håkon vidare frå Kalhovd og heilt ned til Helberghytta. Leif Einar blei igjen på Kalhovd til i dag, og han rant ned til steinbu for å så ta ein minibuss, som hytta hadde satt opp, ned til Austbygda og vidare med buss.
 
Gruppa starta som kjent frå Mårbu og gjekk først 2 mil til Kalhovd, så gjekk Thomas og Svein Håkon 2,2 mil ned til Helberghytta. På vegen ned var det kjempefin solnedgang og det glinsa i snøkrystallane. På Helberghytta blei dei møtt av ein kjempegrei hyttevakt og det var visst god service på sjølvbetjeningshytta.
 
I dag var det ganske kraftig vind på turen ned til Rjukan. I Rjukan sentrum låg Thomas og Svein Håkon 4 timer i solsteiken å venta på bussen.
Thomas melder at det var 14 grader i skyggen i Drammen. Ganske stor forskjell frå Hardangervidda!
 

27.03 2002 14:46 (Lagt inn på internett 19.11) 
Thomas, Leif Einar og Svein Håkon er akkurat nå på Kalhovd Turisthytte. Her spiser dei kjempegod lapskaus! Været i dag har vore bra, med litt sol, men vinden var ganske sterk. 
Leif Einar har fått senebetendelse i den eine fot-rista. Han fekk dette kort tid etter avgang frå Krækkja turisthytte, mandag 25.03. Han vil derfor gå ned/bli kjørt på skuter ned til Austbygda for å få det meir undersøkt 
Thomas og Svein Håkon går vidare til Helberghytta eller ned til Rjukan i morgon. 
  
Litt om dei 3 siste dagane: 
Sist breogfjellsport.no hørte frå turgruppa, var 25.03 2002 kl 09.28. Dei var då på veg frå Krækkja til Rauhelleren. 
Thomas forteller at turen frå Krekkja og sørover, via Heinseter, Rauhelleren og Mårbu, har gått bra. Inkludert pauser, har gruppa holdt ein fart på omtrent 5km i timen. Føret har vore bra heile tida, og det har bare blitt smørt med blått. Været hadde vore strålande, utanom i dag, då det var litt meir skyer og litt vind. Utanom problema med senebetendelsen til Leif Einar, så hadde alt gått knirkefritt. Leif Einar er som kjent ein fyr som aldri gjer opp, og han har nok klart turen uten særlige problem, sjølv med senebetendelsen. Det står det stor respekt av. 
  
Det var litt før kl 15 i dag at telefonen ringte med nytt frå Påsketurgruppa. På Kalhovd turisthytte var det bra mobildekning (telenor) og Thomas gav derfor ein god rapport frå dei siste dagane 
  
BreogFjellsport.no ønsker Leif Einar god bedring og ein fortsatt god tur til Thomas og Svein Håkon 
  

27.03 2002 
Gruppa er på veg frå Mårbu TH og sørover mot Kalhovd TH. I området rundt Kalhov, ser det ut som om det er mobildekning og breogfjellsport venter derfor ein rapport i løpet av dagen. Ettappen ser heilt grei ut på kartet; for det meste over eit stor vatn. I løpet av kvelden kan det hende at turen går heilt ned til Helberghytta. Været i området er i dag litt overskya, med eit par minusgrader nå i morgontimane. Rolige vindforhold (Sjå artikkel om været 
  
Følg med i ettermiddag for fyldig rapport for dei to siste dagane 
  
  
26.03 2002:  
I øyeblikket er det ingen mobildekning i områda gruppa ferdes i. Etter planen og været, er gruppa på veg frå Rauhelleren til Mårbu. Neste oppdatering frå gruppa, kjem i det dei frå igjen mobildekninga. Sansynlegvis i morgon kveld.  

  
For meir informasjon om mobildekninga på Hardangervidda, se artikkelen om mobildekning: 
http://www.breogfjellsport.no/artikkelvis.asp?seksjonsnr=40&nyheitsnr=164   

Informasjon om været der turfølget er akkurat nå 
http://www.breogfjellsport.no/artikkelvis.asp?seksjonsnr=40&nyheitsnr=163 

  
25.03 2002 09.28 (lagt inn på internett kl 11.19) 
Avreisen frå Krækkja omtrent klokka 09.00. Lett snø, overskya og litt drag i lufta. Minus 3 grader. Er på veg, med god fart, mot Heinseter og vidare mot Rauhelleren Turisthytte. 
  
24.03 2002 17.33 (Lagt inn på internett 22.00) 
Thomas melder at det gjekk radig frå Finse til turisthytta Krækkja. Turen tok ca 5 timar + 1 time pause. Farten var omtrent 5km i timen. Været var fint og det var sol, varmt og vindstille. 
  
24.03.2002 09:23 
Thomas: Ankom Finse kl 04.20. Akkurat i øyeblikket er det -8 grader og fint føre. Sov på DNT hytta. Nå er det sol og lite vind, men det kan se ut til at vinden skal auke litt. Ser ut til å bli ein kjempedag på veg til Krækkja 
  
Finse 24.03 2002 kl 08.54. Fint og vinstille.
 
24.03.2002 08:35 
Etter planen er nå turfølget på Finse og starter å gå omtrent nå. Venter på bekreftelse. Været på finse er bra! Dagens mål er turisthytta Krækkja 
Sjekk ut været på finse ved å besøke dette webkameraet: 
http://www.bt.no/grafikk/kamera/finse13.jpg
 
23.03.2002 18:14  
Alt er klar til turen. Thomas har pakka sin sekk og den var bare 14kg. Dei tar nattoget til Finse om nokon få timar

22.03.2002 21.27: 
Thomas og Leif Einar er på veg til Drammen og blir her til Lørdag kveld
Relatert til artikkelen
Album
Påsketur over Hardangervidda 2002
5 bilder
[24.03.2002 - 29.03.2002]
Vis album

Artiklar
Ruta over Hardangervidda [24.03.2002 08:53]
Fin avsluttning på praktfull påsketur [28.03.2002 19:58]
Betre vær enn venta [27.03.2002 19:44]
Sol bare sol [30.03.2002]


©2001-2004 Breogfjellsport.no