På tur
Svalbard i mørketida
Svalbard i mørketida er ei heilt spesiell oppleving. Med snøscooter fekk me sett litt av den spesielle naturen og forholda under mørketida. Me fekk også ei varmt møte me folka i Longyearbyen
Av Ragnar Fjeld 01.02.2002

Braathensflyet er nesten fullt i det me lettar frå Tromsø og set kursen mot Longyearbyen. I det vi passerer Bjørnøya, helsar kapteinen "godt nyttår" til folka på den vesle øya. Landinga på Svalbard lufthavn, Longyear går utan vanskar. I det eg går ut av flyet, merkar eg at det er ganske surt ute. Vind og snø fyk i lufta. Inne i terminalbygget har dei aller fleste samla seg for å venta på bagasjeutleveringa. Dette tok ganske så lang tid, sidan dei fastbuande hadde med seg mykje bagasje frå fastlandet etter jule- og nyttårsfeiringa. 


Etter ein liten time er flybussen klar for å ta oss dei 4-5 kilometrane inn til Longyearbyen. Me blir sett av ved Funken hotell på Haugen. Inne i det romslege, raude, hotellbygget, blir alle bedt om å ta av seg skoa før ein går inn i resepsjonen. Dette er blitt ein tradisjon på svalbard og har sitt utspring i den artiske naturen. Inne på Funken hotell er betjeninga klar til å ta i mot dei mange gjestane og det går raskt å sjekke inn. Samtidig tilbyr Spitsbergen Safari både snøscootertur og hundesledetur dagen etter. Prisen er derimot ganske stiv. Hotellet viste seg å vera utruleg fint og ha sin egen sjarm. 
 


Longyearbyen


Ut over kvelden klårna det opp og me vakna opp til fint og stjerneklart vèr. At det var spesielt lysare om morgonen enn om kvelden, er vel heller ganske usikkert, det var jo midt i mørketida og sola var langt under horisonten heile dagen. Månen titta så vidt fram og den lyste ganske godt opp. Etter ein god frukost, spasserte me nedover til Longyearbyen og ned til havneområdet for å  leige oss snøscootere. På førehand hadde me plukka ut Henningsen guideing og transport som det billigaste  utleigefirmaet. Prisen blei litt høgare enn det som var oppgitt på internett, men så fekk me då også heilt splitter nye og spreke touringsscootere.

Ragnar Fjeld og Jan Herigstad på snøscooter
Så var det bare å gje gass og koma seg avgårde. Første tur gjekk innover Adventsdalen og opp til gruve 7 og radarstasjonen Eiscat. Vidare kjørte me lenger inn adventsdalen og tilbake til Longyearbyen. Her tok me oss litt mat før me satte kursen opp Longyeardalen og opp Longyearbreen. Her var det fine og lange flater å kjøra på. På toppen var det god utsikt utover Longyearbyen og eg tok eit par lysbilde. Seinare på kvelden kjørte me eit godt stykke innover og tok oss ein god pause der me bare nøyt stillheita og konturane av fjell og dalar. 
På Longyearbreen lekte me oss litt me skuterane. 0-80 km/t på eit blunk, rask akselerasjon var ganaske gøy. Då me hadde kjørt omtrent 11 mil til saman, var det blitt kveld og me leverte tilbake snøscooterane. Fyren som lånte oss scooterane, var svært hyggeleg og fortalte oss mange historiar om livet på Svalbard. Han hadde jobba lenge i kullgruvene, men satsa no på turisme. Han fortalte også om korleis det var for ein del år tilbake, då Longyearbyen var "company town", dvs at Store Norske Spistsbergen Kullkompani bestemte og eigde alt.  

  
Ingvar Tjøstheim og Jan Herigstad i Gruve3

Hotellet booka bilettar til Svalbard Wildlifeservice sin omvinsing i Gruve 3 dagen etter. Prisen var astronomisk høg: 580,- pr. pers, likevel var dette ei spesiell oppleving. I gruva var alt slik som det var den dagen då ho stenge i 1996. På veggane hang arbeidslister og informasjon til gruvearbeidarane. Med hovudlykt, arbeidsdress og ei pustemaske til nødsfall, gjekk me innover i gruva og fekk studera kullaga. På det minste var dette laget omrent 14cm. På det største litt over ein meter. Arbeidet i gruvene må ha vore ganske så hardt. Med 3 skift på 8 timar kvar, blei det arbeida døgnet rundt. På kvar av arbeidslag var det 3 mann, og dei rullerte på arbeidet. Det var ikkje stor takhøgde der kullet vart henta ut, så gruvearbeidarane (gruvebusen) måtte krypa for å forflytta seg. Det er kanskje litt vanskeleg å forklara korleis arbeidet gjekk til, så ta deg ein tur innom neste gong du er i Longyearbyen. Guiden hadde sjølv jobba lenge i gruva og kunne derfor fortella oss korleis det var fram til 1996.  
  
Den nest siste dagen var planen å gå i ei isgrotte ved Longyearbreen, men det var då blitt vèromslag: pluss fire grader og sørpeføre. Ut på dagen begynte det å blåsa liten storm og det vart ein del minusgrader. Det var dirfor ikkje aktuelt å prøva å ta seg bort til isgrottene ein gong. Me tok heller ein roleg dag i Longyearbyen. Bare det å gå i den kraftige vinden, tok lang tid. Om kvelden tok me turen bort til "Huset". På huset er det bl.a. kino, cafe og resturant. Distansen bort dit var omtrent 1,5 km. Eg trur me brukte nesten 3 kvarter å gå.Men det var tøft å oppleva naturkreftene! Flyet var blitt kanselert denne dagen og det var ikkje kome aviser, frisk frukt eller grønsaker. Dirfor var menyen ein del innskrenka. Den meget frittalande kokken på Huset, anbefala oss 225 grams biff med råsteikte poteter til 125kr. Dette smakte utruleg godt og var ganske så billeg. 

 




 

Så var det klart for avreise. Lenge var det usikkert om flyet kom denne dagen. Været på Svalbard var blitt betre, men liten storm i Tromsø gjorde at det var usikkert om det var mogleg å lande der. Heldigvis for oss, var vindrettningen langs rullebanen i Tromsø og dermed var det mogleg å lande i såpass kraftig vind. Flyet var dirfor nesten i rute då me tok av i frå Svalbard og piloten hadde ei perfekt landing i Tromsø, til tross for vinden. 
  
I Tromsø måtte alle av flyet, henta bagasjen, gå gjennom tollen og så gå ombord i flyet igjen. Deretter var Oslo neste mål.  I rute landa me på Gardermoen og eg rakk Widerøe flyet til Sandane, som  gjekk ein time etter landing. Ingvar og Jan rakk også sitt fly til Stavanger. Kl 21.30 landa flyet på Sandane. Ei lang, men effektiv reis: 14.30 frå longyearbyen og nå 7 timar etterpå, Sandane i Sogn og Fjordane 
  
Ein uforgløymeleg tur til polarøyriket i nord!

Relatert til artikkelen
Album
Svalbard i Mørketida
24 bilder
[04.01.2002 - 08.01.2002]
Vis album
Album
Lysbilder: Mørketid Svalbard
17 bilder
[03.01.2002 - 08.01.2002]
Vis album

Artiklar
På veg til Svalbard [31.01.2002]
Blinkskudd: Eiscat [27.12.2004]
Blinkskudd: Mørketidsstemning [20.12.2004]
Flytur til Svalbard i mørketida [08.01.2002]












Bildeforklaringar:
Øvst:Utsikt og tøft lys ved Gruve7-fjellet
Fjerde nedst: Longyearbyen sett frå øvre del av Longyeardalen
Tredje nedst: Longyearbyen sett frå Longyearbreen
Nest nedst: Eiscat forskningsradar på Gruve7-fjellet.
Heilt nedst: Stjernehimmel over svarte fjell
Alle foto: Ragnar Fjeld

Foto lite snøscooterbilde: Ingvar Tjøstheim

©2001-2004 Breogfjellsport.no