NPL06 - Etappe10: Sandvika/Nordli – Røyrvik - Hattfjelldal
Frå Nordli over den store innsjøen Limingen til Røyrvik. Vidare gjennom Børgefjell til Hattfjelldal
Av Ragnar Fjeld 13.01.2006

Lengde: ca 172km
Antal dager: 6 (Brukte 7 dagar)
 
I Børgefjell er det omtrent ikkje radiodekning (FM). Mellombølge (AM) veldig varierande. No som Kvistsøy 1314Khz er langt ned, er mellombølge endå dårlegare/ikkje eksisterande (nedlagt 01.07.2006)
 
 
Depò:
Sandvik/Nordli
Sandvika er kommunesenter for Lierne kommune
Depo sendes til Post i butikk Nordli (Sandvik)
Nte Expert Nordli,
Post i butikk,  
Sandvika
7882 Nordli
Tlf: 74343052 Post i butikk Man-fre 8-15, lør 10-13
 
ICA Nær Lierne, 7882 Nordli, tlf 74337125
Statoil Nordli, 7882 Nordli, Tlf. 74337360
Bensin kjøpes for strekningen Sandvika-Hattfjelldal
 
Røyrvik:
Post i butikk Røyrvik, adresse:
Nord Trøndelag Everk Røyrvik
Post i butikk
Sentrum
7898 Limingen
Man-fredag: 10-15
Lør: 10-12
NB! Røyrvik har poststed ”Limingen” pga forveksling med Rørvik, som ligg litt lenger ute på kysten. Det skal vera bensinstasjon i Røyrvik, butikk o.l.
 
 
Hytter/overnatting:
Uvisst om det er overnattingsplasser i Sandvika/Nordli
Det er noko hytteovernatting
Også uvisst om det er overnattingsplasser undervegs til Røyrvik

Viermahytta (privat), sjå Røyrvik fjellstyre for kontaktinfo
Vanlegvis open for overnatting også utanom sessongen
Røyrvik fjellstyre: http://www.royrvik-fjellstyre.no/
For leie av hytter ved Orvatnet og Vierma: kontakt Røyrvik Auto AS. Tlf. 743 35740
Røyrvik Auto (shellstasjonen) har god peiling på området.
For leie av hytte ved Namsvatnet (Børgefjellbua) kontakt Eli Håpnes. Tlf. 74 33 59 29 / 97 56 96 43
Ope venterom ved Namsvatnet (m/dusj)
 
 
Kart:  
            1923IV Nordli
            1924III Tunnsjøen
            1924IV Røyrvik
            1923I Murusjøen (ekstra kart aust for nordli)
            Turkart Børgefjell sør, 1:50.000
            Turkart Børgefjell nord, 1:50.000
            Z1 Stekenjokk-Gäddede
           
 
 
 
10.1 Sandvika/Nordli (ca 400 moh) – Kveila Tunnsjø senterLimingen – Røyrvik
34km + 25km over Limingen, evt ca 30km langs vegen
Frå Sandvika til Kveila, delvis i traseen til ”Flyktningerennet”: Store Prestgardstjønna, Storrolandmorsatjørna og ned til Kveila langs vegen?
Vidare mot Tunnsjø senter (butikk) langs veg eller i nærheten av denne. Eit stykke av dette er over grensa til Sverige. Så på veg opp til innsjøen Limingen. Denne innsjøen er meget stor og er regulert. Det kan vera mykje overvatn og isen må sjekkast. Evt så går det veg på austsida.

Ruta er stort sett basert på NPL91 og NPL2003(Toftes). Det kan vera aktuelt å gå i Sverige.
Frå Nordli tok eg skiløypa som er ein del av Flyktningerenne oppover. Så tok eg vegen ned til Kvelia, men her var det omtrent ikkje snø på vegen eller i grøfta. Det hadde nok vore mogleg å fulgt skiløypa ned til Kvesjøen.
I Kvelia er det ein liten butikk som ein bør stikke innom. Eigen gjestebok for NPL farande og eg fekk med meg eit par håndlaga ullsålar (som kom godt med seinare på turen).
Vidare på vegen til Svenskegrensa og Lindahla fjellgård. Der tok eg scooterløypa ned på Bjørkvatnet og over til Løvvik. Vidare på veg, seinare ut på Kvarnbergsvattnet rett mot Tunnsjø senter. Det er eit kraftverk og ope vatn ved Viken, men det var god is såg det ut til bort til Tunnsjø senter.

Frå Tunnsjø tok eg igjen vegen oppver mot Limingen, men eg tok av og fulgte scooterspor ned til Fjellvang. Ut på isen og vidare med kurs for Røyrvik. Det er ein inntakstunell i sørenden, gå utanom denne. Isen bør også sjekkast, ring f.eks. Røyrvik Auto i Røyrvik. Det er eit kraftverk i Røyrvik sentrum, så hald heilt i kanten/på land når du runder rundt Røyrviktangen mot sentrum.
Har inntrykk av at isen kan vera dårleg enkelte år
Mobildekning heile strekket
 
Alternativt kan ruta leggast meir aust i skogsterreng. Delvis via Tunnsjøen og Limingen.
 
 
 
10.2 Røyrvik (moh) – Namsvatnet (440-455moh) Viermahytta (ca 460moh), ca 27km
Frå Røyrvik opp til Namsvatnet, delvis i kanten av vatnet Vektaren, delvis på veg eller i nærleiken av denne. Vidare over Namsvatnet til Viermahytta (Røyrvik fjellstyre)
Tok vegen oppover pga nyleg snøfall. Indre veg også mogleg. Det er ein slags ski/scootertrase lit aust av vegen eit stykke, men spør pga isforhold. Vekataren (innsjø) tappes via elva ned til Røyrvik og har nok dårleg is. Fulgte vegen til namsvatnet.

Det er scooterløype over til hyttefelt på Sandviktangen og det er også stikke eit stykke lenger. Isen på Namsvatnet er variabel pga regulering. Ved Tjåelmie vil det alltid vera ope vatn, men ellers plar det etter det eg fekk vite, vera god is. Eg tok Scooterløypa over til Sandviktangen, gjekk så på land eit par kilometer og så mot hyttene på Bustadslåtten. Vidare til Reirtangen og så gjekk eg stort sett på land mot Viermahytta. Like før hytta/båtkaia kjem Storelva ned. Pga nedtapping hadde isen senka seg fleire meter og eg måtte krysse eit stykke utpå. Ver obs på dårleg is her!
Mobildekning omtrent inn til Viermahytta. Base står på høgde ovanfor parkeringsplassen til Namsvatnet
 
 
10.3 Viermahytta – Store Kjukkelvatnet – Susendalen, ca 43km
Frå Viermahytta opp Viermadalen og etter kvart langs Kjukkelelva til Store Kjukkelvatnet. Over dette og vidare ned Storskavlbekken og Simskardelva til Vestre Tiplingen. Vidare i sommarrutetrasèen over Susenfjellenden ned til Oksvollen i Susendalen
Frå Virermahytta fann eg ut at det var best å halde vest for elva oppover. Kort parti med litt tett skog, før det blir meir opne myrer, men litt skog innimellom. Gjekk opp til Gaukarvatnet, så mot Kjukkelelva og opp til Store Kjukkelvatnet. Greit terreng, men nokre bratte sider enkelte stadar. Pass også på for bekkedalen ved Gaukarvatnet. God mogleg at ein bare kan gå rett nord, utaom Gaukarvatnet. Vidare ned til Storskavlbekken og Simskardelva. Hefrå er det nok det beste å gå rertt nodover med Øyum som mål nede i Susendalen.
Eg gjekk vidare ned til Tiplingen, forbi statskoghytta. Her traff eg på eit scooterspor som gjekk heilt ned til garden Sjånes. Først littegran aust for Tiplingelva, seinare utpå elva og til slutt gjennom skog og myrer. Noko kronglete og ein stor omveg i forhold til Øyum.
Frå sjånes på vegen ned i Susendalen. Vidare på veg heile den lange vegen til Hattfjelldal.
 


Noko mobildekning i Viermadalen, ellers ikkje før Kroken (evt når ein har sikt ned i Susendalen)


10.4 Susendalen – Hattfjelldal, ca 38km
Langs vegen til Hattfjelldal
Frå Øyum er de 28km inn til Hattfjelldal.
 
Alternativ rute
 
10.50 Nordli – (Sverige) – Børgefjell – Susendalen – Hattfjelldal
Alternativ rute i Sverige frå Nordli og evt heilt til Ranseren i Børgefjell. Svensk kart Z1
 

 

Konklusjon: Ganske så fint i Børgefjell. Gå via Øyum. Litt langt på veg inn til Hattfjelldal og det var lite snø på vegen.


Blogg/Reisebrev:
Langst reisebrev Teveltunet-Nordli-Hattfjelldal:
http://breogfjellsport.no/npl/blog/?p=207
Sjå også bloggen for mars: http://breogfjellsport.no/npl/blog/?m=200603

Just for the record: Fekk transportert pulken 28km i Susendalen