Ein gong må vera den første og denne dagen skulle eg prøva meg på snøbrett. Det blei ein dag med mange "knall og fall", men etter kvart blei det skikkeleg kjekt. Overgangen frå ski til brett var ganske utfordrande
|
Av Ragnar Fjeld
09.04.2003
|
Sirdal
Sol, Vindstille og flotte forhold i Sirdalen. Denne fjellbygda har mykje fin natur og by på i tillegg til fleire skitrekk. Det var sol allerede tidleg denne søndags morgonen. Etter ein biltur på 1,5 time oppover rv45, kom vi fram til Sinnes i Sirdalen. Vindstille og flotte forhold i møtte oss. Eit snøfall tidlegare i veka gjorde at det var brukbart med snø Dette var altså dagen eg skulle prøva snøbrett. I lag med ein kamerat som hadde prøvd snøbrett ein gong før, bar det noko ustødig oppover skiheisen. Det første som følets merkeleg med snøbrett, er at føtene er fastspendt og dermed blir det vrient å bevega seg på flate parti. Etter litt om og men, sklei eg forsiktig nedover det første stykket. Det var ganske lett å "bremse" seg nedover med brettet horisontalt og med tyngepunktet godt bakpå.
På snøbrett
Det tok litt tid nedover første gongen, bl.a. fordi eg ikkje hadde nok fart på eit flatt parti. Å svinga den eine vegen var forholdsvis enkelt, men dett blei mange ukontrollerte fall med ein gong eg skulle prøva å svinga andre vegen. Har full forståelse for at det er mange som skadar seg på snøbrett. Det er ganske lett! Nesten like heil tok vi heisen opp igjen, og rant ned igjen. Slik fortsatte vi heile dagen
Snøbrettet fekk juling
Belastninga på brettet må ha vore for stor frå ein nybegynnar (eller var det dårlig frå før?). Iallefall knakk venstre binding beint av. Dette var heldigvis eit brett eg lånte av skiutleigen, så eg fekk derfor eit "nytt".
Snøbrett er både utfordrande og kjekt! Etter kvart blei det bare meir og meir kjekt på brettet og då dagen var omme, kunne eg iallefall svinge begge veger og heilt rundt. I dei brattaste bakkane var det litt vanskeleg, men på flatene var det bare å "surfa" på snøen. Heilt utruleg!
|
|
|