Norges lengste motbakke låg å venta på oss. Målet var godt 1800 meter over oss, innhulla i tåke og skyer, nemleg Skålatårnet. To dager med snøfall hadde før til perfekt pudderskiføre. Breogfjell- og Ekspedisjonklassen skulle på topptur
|
Av Ragnar Fjeld
14.02.2002
|
Drømmen var å gå opp på Skåla, overnatta i Skålatårnet og få fint vær og pudderføre på veg ned. Værmeldinga hadde i forkant vært utruleg opptimistisk: Høgtrykk og lite vind. Dei 2 siste dagene hadde det kome ca 20cm fin puddersnø, så alt såg ut til å vera perfekt. Kvelden før avreise var værdama på TV2 irritert over at høgtrykket bare plutseleg hadde forsvunnet. Alikevell skulle det vera brukbart vær dagen etter, kun nokon få snøbyger. Dagen starta ganske så hektisk: Matpakke til 2 dager, ski og feller og ein sekk som burde vera ganske så liten. Alt skulle vera klart til kl 08.00. Dagen før var blitt brukt å sy kajakk, og det hadde blitt svært seint dei siste kveldane. Dei aller fleste var derfor litt trøtte, eller overtrøtte, då bilane la i vei til Loen. I det me svingte ut på E39, fekk me vita at værvarslinga i Bergen hadde forklart til Hallgeir (Rektor og sjef på NF), at det var på veg eit stormsenter til Møre. Dette ville føra til stiv kuling på Skåla. Vinden skulle auka plutseleg kl 08.00 dagen etterpå. Hallgeir meinte derfor at det ville vera umulig å bevega seg utanfor Skålatårnet i slik vind og det blei derfor uaktuelt å overnatta, siden det kunne føra til at me låg værfast i fleire dager (Det var bare 2 dager til vinterferien). Men tur blei det uansett. Planen var å koma seg opp på toppen, og så renna ned igjen.
Då me nærma oss, såg me Skåla innhulla i ei stor, gråsvart sky, men me håpa på at det ville letta ut over dagen. Med ski på lette dagstursekkar, tusla me oppover gjennom skog og kratt, opp til Tjugenstera. Her tok vi på oss ski og gjekk vidare oppover. I det eg skulle ta på meg skia, såg eg at skibindingen på mine Åsnes Nansen ski, var laus. Straming av skruene hjalp litt, men det var bare å håpa på at det holdt heile turen. Etter ein kort lunjpause, starta me på dei skikkelege bakkane. Sikten var dårlig, ofte bare 20-25m. Det var ganske bratt, så me gjekk på kryssa passe bratt oppover.
Plutseleg var det som om det kom til syne noko ute i tåka. 2 sekund etterpå var det som jul og nyttårsfering på ein gong: kjempeutsikt både til toppen og ut over fjella, sol og heilt idyllisk. Skålatoppen stakk majestesisk opp, heilt krittkvit av snø. Sola leika seg på toppen og synet var fantastisk. Fotoapparatet blei røska opp av sekken og i det eg hadde knipsa 3 raske bilder, blei alt kvitt igjen. Så fortsatte me oppover, oppover og oppover. Det var blitt ganske så bratt og orienteringa var vanskelig. Kompasskursen var ikkje heilt riktig, siden me hadde gått på kryss og tvers og muligens holdt for mykje til den eine sida. I tillegg skulle me runda rundt ein rygg for å så koma inn i ein dal. Like uforutsigbart som sista gang, så letta det plutselig og det var strålande vær og bra sikt i ca 30 sekund. 3 raske bilder av toppen blei knipsa og orienteringa var ganske så lett. Ved skålavatnet på 1100 MOH, blei det klart at me hadde for dårlig tid og for dårlig sikt til å nå toppen. I stedet traska me opp på Litle Skåla, 1238 MOH. Her var sikten omtrent 10 meter, men Breogfjell-klassen klager aldri på været og gleda seg bare til nedkjøringa.
Ein lang bakke med kjempemasse puddersnø venta på oss. Dette kom til å bli kjempe bra! I første sving løsna ein ski og skar ut og nedover. Kanskje blei det å stå på ein ski nedover for den uheldige? Heldigvis blei skien plukka opp av nokon av dei som var lenger nede. Så var det bare å setta utfor igjen Sikten var svært dårlig og det blei mange fall. Heldigvis var det mjukt og godt å landa i nysnøen. Etter kvart gjekk det betraketelig betre og på ein to tri , så letta skydekket.
Med lange, fine telemarksvinger rant me nedover og hadde fantastisk utsikt utover nordfjorden, der sola akkurat hadde godt ned og farga skyene raude. Dei aller ivrigaste tok på fellane på skia igjen og traska halvegs oppigjen! Lenger nede var det skog og mange humper, men litt knal og fall høyrer med til ein slik tur. Då det var nesten mørkt, traska me nedover det siste stykket med skia på sekken. Takk til Rune og Jorunn, samt alle som deltok
|
|
Album
|
Drømmen om Skåla
18 bilder
[13.02.2002 - 13.02.2002]
Vis album
|
Artiklar
|
|
|