Etter å ha gått opp på Nordre Skagastølstind og opp til Skagastølsbu, var planen å kome seg opp til Fanaråken. Klokka halv fem kom vi ned til Turtagrø og gjekk umiddelbart vidare. Innover i Helgedalen var det ganske fint, sjølvom turen går på grusveg. Etter ca 3kilometer starta ”klatringa” oppover. Sidan vi hadde tenkt oss vidare dagen etterpå, måtte vi ta med alt utstyret opp. Det var nok ikkje så lurt. Med omtrent 25 kg på ryggen sleit vi oss oppover. Det var litt bratt enkelte plassar, men stien var nesten perfekt lagt opp for å spare krefter.
Fin utsikt
Då vi kom opp eit godt stykke, openbara det seg ein kjempe kveldsutsikt ut mot Jostedalsbreen. Sollyset fekk vatna i det fjerne til å skinne som gull! Det blei mange små stopp vidare oppover. Belastinga på anklar og kne var usedvanleg stor. Det var derfor eit godt syn å sjå hyttene på toppen dukka opp i synsfeltet. Det tok nesten 4 timar å gå opp, og gleda var stor då vi traska inn.
Fanaråken er kjent for sin store gjestfridom her på toppen av Norge. Vi blei godt tatt i mot og blei godt mette, sjølv om vi kom altfor seint til middag. Dei blide folka som jobbar her oppe, fikser det meste.
Fannaråkken
Det skya til utpå kvelden og morgonen etterpå var det regn og sikt på mellom 10 og 20 meter. Været kan skifte i løpet av minuttar (eller sekundar) her oppe. Uansett vær, er det likevel ein fin fjelltur. Fanaråken kan nås frå mange kantar. Frå Turtagrø slik som vi gjorde, frå Skogadalsbøen Turisthytte eller over breen i frå Sognefjellshytta/Krossbu. Fanaråken stiller med breførar over breen (Påmelding dagen før). Sidan det går buss over sognefjellet, er du ikkje avhengig av å gå tilbake til utgangspunktet. Det er også fint å ta turen som dagstur.
Hyttene på toppen
Det er to hovudhytter. Den eine var tidlegare ein værstasjon, men blir i dag brukt som overnattingshytte. Den andre hytta har kjøkken, matservering og opphaldsrom. Hyttene har i alt 32 sengerplassar, men det er madrassplass til omtrent 80stk.
Kvar morgon blir det laga til ein fin frokost med nysteika brød. Middagen er litt enklare pga at hytta bare har ein helikoptertransport i året, men det smakar utmerka uansett.
Etter ei god natts søvn og god frokost, var planen å gå vidare til Skogadalsbøen. Været var imidlertid ikkje så fristande, så vi venta litt. Imens henta vi inn vatn. Her oppe må regn og smeltevatn bærast inn i hyttene. Når ein tank på 500 liter skal fylles, blir det ein del turar ut og inn.
I totida letta skyene litt og vi traska nedover mot Skogadalsbøen. Det var ein fin og lett tur nedover og vi kom til Skogadalsbøen i sekstida.