NPL06 - Etappe11: Hattfjelldal – Junkerdalen - Sulitjelma
Over den store og regulerte innsjøen Røssvatnet, vidare over Saltfjellet, under polarsirkelen og fram til Sulitjelma
Av Ragnar Fjeld 13.01.2006, oppdatert 12.07.2006

Lengde: ca 270km
Antal dager: 10 (Brukte 14 dagar, delvis pga dårleg vèr)
 
Depò:
Post i butikk Hattfjelldal, adresse:
Coop Hattfjelldal
Post i butikk
Ole Johans vei 1
8690 Hattfjelldal
Tlf: 75 18 40 17
Man-fre 09-17, lør 10-14
Butikken har det meste, også rensa bensin, ski, skistaver mm.
 
Det er forøvrig også ein liten butikk i Kåtaviken (på svensk side). Pr 2006 var den open nokre timar kvar dag utanom søndag og mandag. Veldig få som faktisk kjente til denne butikken, eg var heller ikkje innom då eg gjekk via Umbukta fjellstue.
 
Statoil Hattfjelldal
O. T. Olsensgate 12
8690 Hattfjelldal 
Åpningstider:
Man-Fre 09.00-18.00
Lørdag 09.00-16.00
Tlf.: 75185593 

Husk å ringe til Sulitjelma 3-4 dager før ankomst for å avtale kjøp av bensin!
 
 
Hytter/overnatting:
            Kjennsvasshytta th, ubetjent, Rana tf, dnt-lås
            Grasfjellkoia th, ubetjent, Rana tf, ulåst
            Umbukta fjellstue, betjent heile året, tlf 75157700 e-post: post@umbuktafjellstue.no
                        www.umbuktafjellstue.no
       Fin overnatting til ein rimeleg penge for fjellfarande. Ring gjerne å bestill viss du kjem dit ei helg   (kan vera fullt)
            Sauevasshytta th, ubetjent, Rana tf, dnt-lås
            Kvitsteindalstunet th, ubetent, Rana tf, dnt-lås
            Virvasshytta th, ubetjent, Rana tf, dnt-lås
            Bolna th, ubetjent, Rana tf, dnt-lås
Raufjellkoia th, ubetjent, Rana tf
Krukkistua th, ubetjent, Rana tf
Saltfjellstua th, ubetjent, Rana tf
Lønstua, ubetjent, BOT (Strøm), dnt-lås
Hotel like ovanfor. Moglegheit for dusj for gjester på hytta. Litt kioskvarer
Graddis Fjellstue, 8255 Røkland, tlf: 75694341. Open heile året ifølge ”På ski i fjellet”
Ikkje open heile året! Ring og sjekk på førehand
Trygvebu th, ubetjent, BOT, dnt-lås (straum)
Agardhytta th, ubetjent, BOT, open Lita og koseleg. Hytte med sjel!
Balvasshytta th, ubetjent, Sulitj. Tf, dnt-lås
Coar’vi th, ubetjent, Sulitj, Tf, dnt.lås
Jakobsbakken fjellsenter A/S , 8230 Sulithjelma , Tlf i sesong: 75 64 02 90
Sulitjelma Hotel
 
 
 
 
Rana turistforening
DNT oppgjer at Rana har eigen nøkkeltype, mens Rana tf skriv at dei nyttar dnt-lås?
Det er standard DNT låst på alle hyttene!
Sulitjelma og omegn turistforening: http://www.sotsiden.net/index.htm
 
 
Kart:  
            1926II Hattfjelldal, 1-50.000
            1926I Røssvatnet, 1-50.000
            2026IV Hjartfjellet, 1-50.000
            2027III Storakersvatnet, 1-50.000
            2027II Kaldvatnet, 1-50.000
            2027I Dunderlandsdalen, 1-50.000
2128IV Junkerdal, 1-50.000
2028II Bjøllådal, 1-50.000 Må ha dette kartet for å gå Bolna-Saltfjellstua aust for E&
2128II Graddis, 1-50.000 Treng eigentleg ikkje dette kartet
2128I Balavatnet, 1-50.000
2129II Sulitjelma, 1-50.000
 
           
BD15 Nasafjellet ved NPL91s alternativ
           
 
11.1 Hattfjelldal (ca  moh) – Røssvatnet (384-372moh) Stenkvasselv, ca 47km (Etter NPL91s berettning)
På veg opp til Røssvatnet. Spør om isforhold og beste trasè over vatnet. Tidlegare NPL’ere har med vekslande hell tatt seg over her. NPL91: Overvatn, NPL2005: Stålis. NPL2003(Toftes) tok ei rute i Sverige frå Susendalen.

Alternativ på veg på aust- eller vestsida av Røssvatnet ein del av vatnet, men det er nok vanskeleg å kome seg heilt inn utan å krysse over isen enkelte parti.
 
Frå Hattfjelldal i ny scooterøype opp til Røssvatnet. Litt opp og ned, men grei løype å gå i. Denne scooterløypa går like ved land nesten til Steikvasselv, men det er meir fornuftig å gå i rette linjer. Runda austsida av Røssvassholmen og gjekk i bue rett mot Hjartfjellneset. Her gjekk eg eit lite stykke på land, før eg satte kursen for Steikvasselv.
 
OBS! Isen legg seg ofte seint på Røssvatnet. I år la den seg i midten av februar (etter det eg husker vart sagt). Sjekk med fjelloppsynet eller ring til garden Steikvasselv for isinformasjon.
 
Folka på garden Steikvasselv er veldig hyggelege. Dei har overnattingsplasser i eit hus like ved
Mobildekning mesteparten av ruta, med unntak av siste kilometerane til Steikvasselv. I gjestehuset er det meget svakt signal ved det eine kjøkkenvinduet (sms/gprs kan fungere)


Vidare rute: Steikvasselv  - Grasvatnet - Øver Uman - Umbukta fjellstove
Frå Steikvasselv, opp langs traktorveg (ca 500m) og vidare oppover Speltfjelldalen. Første det på vestsida. Litt skog, men også opne myrer. Vest om Spjelthaugen. Utruleg fin utsikt til Okstindan. Ned til Grasvatnet, som er regulert. Isen var god i år, men anbefalt å undersøke dette på førehand. Over til Øver Uman omtrent langs reingjerdet. Relativt bratt og kronglete opp i skogen, hald mot aust då det er ein langsgåande skrent (vises som ruglete høgdekvote) Enklare nedover mot hytter på andre sida. Over vatnet til Umbukta fjellstue.

 
 
11.2 Stenkvasselv (ca 400  moh) – Kjendvasshytta (530 moh), rutenr 751, ca 23,5km
751 Kjendvasshytta – Røssvatnet (motsatt veg):
Kjennsvatnet og Grasvatnet er regulerete, og isen kan være usikker. Statkraft har merket spesielt farlige steder. Anleggsvei følges til Grasvatnet. Langs vatnet og inn i Spjeltfjelldalen. Midt etter dalføret til Røssvatnet.
Gjekk ikkje innom Kjendvasshytta eller Grasfjellkoia, men delvis samme trasè. Grasfjellkoia ligg i skogen litt opp av Grasvatnet og er ikkje avmerka på kartet. Ca 1km frå den private hytta som er avmerka. Skal vistnok vera noko kronglete å ta seg opp dit og kan vera vanskeleg å finne!
 
Alternativt: Over Grasvatnet og ned til Øver-Uman (svensk innsjø). Deretter nordover til Umbukta og Umbukta fjellstue. Krev brukbare isforhold på Grasvatnet og Øver-Uman. Dette er ei raskare rute enn via 12.3 og er ganske aktuell…(NPL2005-5inord??)
Alternativ2: Til Øver-Uman – Kåtaviken – Lill Uman og opp til Kvitsteindalstunet th (NPL91). Ruta går over på svensk side, men vises på norske kart.

 
11.3 Kjendvasshytta (530 moh) – ) – Umbukta fjellstue (530 moh), rutenr 754, ca 22,5 km
754 Umbukta - Kjendvasshytta  (motsatt veg):
Storakervatnet er regulert, isen vanligvis brukbar. Sommerruten følges V om Rundfjellet, V om Rv 218 og stort sett langs trengrensen til Storskardet. Gjellom skaret og ned til Kjendsvashytta
Er vel mest aktuelt viss det er dårleg is på Grasvatnet
 
11.4 Umbukta fjellstue (530 moh) – Sauevasshytta th (980 moh) – Kvitsteindalstunet th (585moh), rutenr 784 og 787, ca 27km
784 Umbukta – Sauevasshytta:
Fra Parkeringsplass på Umskardet opp gjennom Storskardet og Austerskardet til vestre Sauvatnet. Videre opp Sauskardet til hytta, som ligger ved nordenden av austre Sauvatn. Alt. Glunkabekken på sørsida av Sauaksla langs merket sommerrute som starter fra Umbukta
787 Kvitsteindalstunet – Sauevasshytta (motsatt veg):
På sørsiden av vannet og opp mellom Krabbfjellet og Melkfjellet. Opp gjennom Ivakskardet og ned til Austre Sauvatnet, hvor hytta ligger i nordenden.
Frå fjellstua opp i skog og myrer til Klubbtjønna. Vidare til Austerskaret og til Vestre Sauvatnet. Her haldt eg meg temmeleg på austsida av dalføret og tok omtrent kortaste veg. Over vatnet  og opp bakken til hytta. Den nye hytta ligg 200-300 meter aust for plasseringa på kartet.
Vidare frå Sauvasshytta opp Ivaskaret, her gjekk eg midt i dalføret. Nedkjøringa var temmeleg kurrant i toppen og det flater etter kvart ut. Lengre nede var det brattare og frå 880 meterskvota var det vrient på grunn av dårleg skiføre. Lite snø og steinar som stakk opp i tillegg til at det var "humpete" terreng. Ved gode snøforhold kan man nok halde høgda rett ned til Melkfjelltjønnan. Ned i Sandalstjørndalen og inn i skogen. Fulgte myrområder og gjekk over små vatn. Kaldavatnet var tappa ned ein del meter og isen der kan vera lunefull. Haldt meg i kanten, men det var kronglete og til tider tett skog. Kvitsteindalstunet ligg nokre hundre meter lenger nord enn det kartet indikerer!
Mobildekning eit lite stykke opp frå Umbukta. På Sauevasshytta er det svak dekning like bak hytta (comviq), evt i vinduet på sikringshytta. Noko dekning ved Kaldavatnet og noko svak dekning på Kvitsteindalstunet (telenor)


11.5 Kvitsteindalstunet th (585moh) – Virvasshytta th (650 moh), rutenr 786, ca 22 km
Sommeruten følges opp gjennom Kvepsendalen, over Kvepsendskardtjønna, forbi Vardfjellkåta til Virvatnet, hvor hytta ligger i vestenden. Vær oppmerksom på usikker is nær oset.
Starta ved å gå ut på Kaldavatnet, men tok så inn på land. Vèr obs på at det kan vera dårleg is pga regulering og at ein bør følge merka løyper på vatnet. I Skogen er det litt kronglete og eg tok etter kvart sikte på myrer som strakk seg opp til der Kvepsendalselva er markert breiare. Der var stort sett greit å gå på elva oppover. Open rastebu eit stykke opp i Kvepsendalen. Over Kvepsendalstjønna. Vèr obs på at 1-2km går over kartet 2027 I, deretter 2127IV "Virvatnet". Ned dalføre og vidare til Gåstjørna. Over elva og til Vardfjellåta. Det er mogleg å overnatte her, men det var ikkje ved. Vidare oppover til Vardfjelltjørna. Nedkjøringa til Virvatnet bør ein vera obs på. Moglege skredfarlige parti og delvis relativt bratt bekkedal. Haldt meg på vestsida av bekken frå Vardfjelltjørn og kryssa noko bratt fjellside. Vidare gjennom skog ned til elva og tok brua over. Vèr obs på opè utløp. Ved stor skredfare såg det kanskje ut til å vera noko betre på austsida av elva.
Ikkje mobildekning på Virvasshytta, men kanskje på høgde ved nedkjøringa (?)



11.6 Virvasshytta th (650 moh) – NasafjelletPolarsirkelsenteret (ca 650 moh)
delvis rutenr 781, ca 37 km
781: Virvasshytta-Bolna
(Vintertrasè ”Nordlandsruta). Luspevaras (”Gammelhytta”) i vesthelling av Gaffelfjellet mot Daumannstjønna, følger myrdrag mellom Corras og Lille Andfjellet, over Andfjellmyrene, krysser Gubbeltådalen (sør-Rendalen) i skogsgrensa, fortsetter langs vestkanten av Bureken til Bolna. Nedkjøringa mot Bolna krysser eit par bekkeskar ser det ut til. Bru over elva i følge kartet. Hytta ligg 200meter frå stasjonen ifølge Rana tfs nettsider.
 
NPL2005 5inord: Virvasshytta – Nasafjellet – Polarsirkelsenteret – Lønstua
Skissert på karet.Etter det eg husker er det fint å gå parallelt eit stykke frå E6. Ekstra kart: BD15 Nasafjellet (svensk kart), men området dekkes av norske kart, så eg har ikkje skaffa dette
 
11.6.1 Alternativ (NPL91): Virvasshytta – Randalskåta – Silbajaure – Svangstjørna – Lingaguovidil (Dypenfjellet) – Dattavage – Kulokkarhaugen – Graddis – Stor Graddis – Fredheim (Skaiti, øvst i Junkerdalen)
 
Ruta eg gjekk var: Virvasshytta  - Bolna
Først littegrann nordover, så mot gamlehytta. Vidare i skogsterreng oppover mot Daudmannsjørna. Herfrå enkelt og greit  i dalføret aust av Andfjellet til nordre Andfjellvatnet. Vidare ned i Sør . Dandalen, kjøerte ned mot demningen og det var greit. Det står skilt om at ein ikkje bør kryssa nær demningen pga "eksplosjonsfare" (lufteksplosjonar i tunellsystemet), så eg kryssa over elva. Vidare var det greit å ta vegen oppover. Randalskåta var eg ikkje innom, men den skal vera ok å overnatte i (andre NPL'ere fortalte det). Vidare stort sett langs vegen, men så holdt eg høgda (660-680 kvotene). Det var to bekkedalar som var vrine å forsere med pulk (veldig bratte kanter, men ikkje så djupe). Siste stykket ned bør ikkje sommarstien følges. Eg tok ned bekkedalen like sør for stien, noko bratt var det. Det skal også vera mogleg å gå noko lengre nord. Vèr obs ved skredfare. Over elva og bort til Bolnastua
Dekning noko av stykket, mogelgens frå Andfjellet (?) og sjølvsagt bra ved E6.

Alternativt er det mogleg å ta vegen i Sør-Randalen heilt ned til E6.
Vil tru at ei ruta vidare frå Sør-Randalen opp til Nasafjellet og anten mot Polarsirkelsenteret eller direktet mot Junkerdalen, er meir fornuftig. Det kjem sjølvsagt ann på forholda.

 
 
11.6.2 Alternativ: over Saltfjellet vest for E6 (Ruter frå ”På ski i fjellet”
Først frå Virvasshytta via rute 781 til Bolna th (540 moh), ca 25km. Deretter
Bolna th (540 moh) – Raufjelldalskoia (760 moh) -  Krukkistua th (520moh) – Saltfjellstua th (575 moh – Lønstua (500moh), rutenr 782, 808, 806. Ekstra kart: 2028II Bjøllådal (mangler dette)Dette alternativet er litt lengre, men går gjennom ”fjellet” på Saltfjellet og turisthytter til BOT.
Det var ei skredulykke (med godt utfall) i dette området . Vil anbefala å ta kontakt Rana turistforening for råd om vegval.
(Eg gjekk ikkje vest av E6)
 
 
11.7 Polarsirkelsenteret (ca 650 moh) – Lønstua th (500 moh), ca  23km
E6/jernbanen over Saltfjellet går i ein brei og flat dal. Trur det er fint å gå eit stykke frå E6 og evt krysse elver nede ved E6.
Bolnastua - Lønsstua:
Delvis vest/aust sida av vegen. Greit å gå på ski til brøytestasjonen, men derfrå gjekk eg langs vegen
Frå Bolnastua, tok eg vegen nokre kilometer til brøytestasjonen. Derfrå tok eg gamlevegen, delvis vest for jernbanelinja. Kryssa polarsirkelen vest for senteret og fortsatte ikkje så langt frå vegen heilt ned til neste brøytestasjon. Her gjekk eg på vegen ned til Lønsdal og opp til Lønstua. Mobildekning

Greit å gå denne vegen, men det er absolutt anbefalt å heller bruke litt ekstra tid på å gå gjennom sjølve Saltfjellet (vest for E6) (Evt gå på svensk side direkte frå Sør-Randalen til Junkerdalen, sjå ovanfor)
 
 
11.8 Lønstua th (500 moh) – Graddis fjellstue og vandrerhjem (ca 440 moh), rutenr 801, ca 14km
Fra Lønsstua, nær Lønsdal stasjon og hotellet, langs veien ned til E6. Videre langs sommerruten, forbi ned og øv Viskisvatn, over Litlfjell og ned til Graddis fjellstue
Ser ut til at eg mangler kartet 2128 Graddis, men eg treng det kanskje ikkje??
Avstand etter kartets angivelse for sommarruta.
Over vegen og over elva ved bru. Vidare er det furuskog og småkuppert terreng. Stort sett ikkje så langt frå sommarruta, men går litt sikk-sakk for å unngå bratte koller. Opp til Vestre Viskisvatnet. Heldigvis var det spor her, hadde nok rota litt for å ha funne ein grei veg her viss ikkje.
Haldt heilt i sør på vatnet og på sørsida av elvene i retning Austre Viskisvatnet. Skogsterreng, bjørkeskog. Opp til Lifjellet og nedkjøring på andre sida. Kjørte først nordover, så bortover litt nedanfor Rundbjerkehaugen. Ein bekkedal må kryssast. Vidare omtrent i sommarruta, til slutt gjennom relativt tett bjørkeskog ned til veg. Langs vegen i austleg retning eit lite stykke fram til Graddis fjellstue/campingplass
(Ver obs på karskilje, Junkerdalen ligg slik til at det er fire m711 kart som dekker området)
Mobildekning på i begge dalføre og store deler av ruta.
 
11.9 Graddis fjellstue og vandrerhjem (ca 440 moh) – Tryggvebu th (450 moh) – Argaladhytta th (560 moh) – Balvasshytta (600 moh), rutenr 802 og 803, ca 28km
802 Graddis-Trygvebu:
Opp langs Raudbekken over Rv 77, etter hvert mot NV og inn på varderuten langs foten av Stor-Graddis, forbi gårdene Fredheim og Brattli og ned gjennom lia til Skaiti og Trygvebu.
803 Trygvebu-Balvasshytta:
Skaitidalen er utsatt for skred. Ved stabile snøforhold følges sommerruten forbi Argaladhytta til Balvatnet og Balvasshyta NØ for utløpet.
Frå Graddis fjellstue skal det vera ein farbar veg omtrent rett nord slik den er beskreve ovanfor, men den fann eg ikkje og det var ingen å spørja (stengt på fjellstua). Sansynlevis nokre hundre meter vest av fjellstua
Eg tok difor mot aust, opp til hyttefelt ved Øver Ranten. Kryssa det djupe juvet over hengebru ved parkeringa (rett i krysset der vegen frå Skaiti/tryngeve kjem ned på rv77). Vidare tok eg vegen oppover, men det hadde også vore mogleg å gått omtrent i sommarruta. Vidare til Fredheim og ganske bratt veg ned til Skaiti og Trygvebu. Oppover Skaitidalen var det stort sett greit å gå på elva og det var god is (dette varierer nok). Ellers er det bjørkeskog. Argaladhytta ligg veldig fint til! Etter kvart ut av skogen og meir ope. Opp dalen til Balvatnet.
Mobildekning på Trygvebu og eit lite stykke opp Skaitidalen (base på  kanten av Jungerdalen, like ved vegen mellom rv77 og Fredheim). På Balvatnet er det svak mobildekning frå Jakobsbakken.
 
11.10 Balvasshytta (600 moh), – Coar’vi th (ca 600 moh) – Sulitjelma  (ca 140 moh), rutenr 851 og 852, ca 26 km
851 Balvashytta – Coar’vi:
Balvatnet er regulert. Vær oppmerksom på sprekker langs land. Da isen kan være usikker i sundet ved Balvassdemingen, bør man gå i land på Dam’manjar’ga (Damodden) og derfa til Coar’vihytta. Isen på Coar’vi-vannet er svært usikker hele vinteren.
852 Coar’vi – Sulitjelma:
Veitrasèen (ikke brøytet) følges til Skihytta. Derfra til lysløypetrasèen til Daia (Sulitjelma camping tel 081-40433) og ned til Langvatnet V for kirkegården. Følg land mot Granhei og kryss Langvatnet mot Charlotta (Sulitjelma Hotell, Furulund tel. 081-40401) Langvatnet er regulert og isen er usikker. Ta derfor hensyn til skilting og merking. Er isen ikke farbar, følg veien om Fagerli.
Over Balvatnet og inn på land før demingen (ver obs på dårleg is is ved deming/utløp). Vidare mot Coarvihytta, omtrent der vegen går. Ver obs på at Tjoarveesivvun (Coarvivatnet) aldri har trygg is).
Til skihytta fulgt eg vegen, men det er også ei ski/scooterløype som går litt utanom. Frå skihytta tok eg ei scooterløype ned på Kjelavatnet, så sørover til Øvre og Nedre Daja. Like nedanfor vatnet Nedre Daja, er det ei bru over elva. Her kan ein ta ein uoffisiell (?) scooterrute under høgspentlinja nedover mot Fagerli. Noko bratt såg det ut til, så det er nok best å delvis gå ned., Eg gjekk delvis på vegen, men her var det strødd ut kvit stein (!). Nede ved vegen, må ein over vegbrua like ved museet. Herfrå kan ein f.eks halda litt ovanfor vegen bortover. Ved kopparverket er det ei scooterløype på sørsida og denne går bortover mot butikken. Hotellet ligg borte ved Fagerlund.
 
Isen var særdeles utrygg på Langvatnet i år. To store kraftstasjonar har utløp i nærleiken.
Det er ei scooterløype frå Daja (campinga) til Ny-Sulitjelma (turisthytta ovanfor Sulitjelma). Denne er vistnok ganske kuppert (mykje opp og ned).
 

Konklusjon: Ein lang etappe. Skulle kanskje ha hatt ein ekstra depo ein stad. Vil anbefala å enten gå litt på svensk side til Junderdalen (Nasafjellet), eller gå på vestsida av E6 gjennom saltfjellet. Isen på Røssvatnet ved Hattfjelldal bør sjekkast med lokalkjente!

Blogg/Reisebrev:
Reisebrev Hattfjelldal - Sulitjelma: http://breogfjellsport.no/npl/blog/?p=242 
Sjå også bloggen for slutten av mars:
http://breogfjellsport.no/npl/blog/?m=200603
samt bloggen for starten av april: http://breogfjellsport.no/npl/blog/?m=200604


Just for the record: Folket på Steikvasselv frakta pulken opp første kneika, ca 500 meter.
Fekk frakta pulken frå Bolna til Lønstua, ca 30km. Takk til Rana tf. Dette var delvis pga at det var vanskeleg å gå med pulk første del. I Sulitjelma sentrum fekk eg transport 3-4km frå Fagerli til Furulund pga lite snø, men eg traska heile strekket etterpå (!) Takk til museumsbestyreren