Npl-Quiz
17.03.2006 00:11
No er eg straks halvegs og det er på tide med ein ny konkurranse. Nokon av spørsmåla må du nok gjette deg til, mens andre kan du kanskje klare viss du har fulgt godt med på bloggen. Det er 3 svaralternativ, bruk kommentarfeltet for å sende inn svaret.
Du skriv f.eks: 1B, 2A, 3C osv. Du kan gjerne også kommentere og begrunne svara viss du vil
Premien er denne gongen eit par håndlaga ullsålar frå Luss og Busserulleriet i Kve-bua. Dette er dei beste ullsålane eg har sett til no. Den som vinn får sjølvsagt sålane i ønska skonummer!
QUIZ
Kva liker eg best av desse middagane? Dette er tørka middagsmat som eg har på turen. A: Laksegryte B: Rondane viltgryte C: Italiensk gryte
I Kvam kjøpte eg med meg 1 kg vingummi. Kor lenge gjekk det før denne boksen var tom? Kan ta med at ein blir ganske sugen etter snop på ein tur som dette A: 2 dagar B: 3 dagar C: 5 dagar
Kor mange personar er akkurat no ute å går Norge på langs? A: 9 B: 10 C: 11
I kjellaren på Finse 1222 heng det ganske så flotte bilde frå innspelinga av ein av Star wars- filmane. Men kva for episode? Kan ta med at innspelinga føregjekk på Hardangerjøkulen i mars månad og at det var to snøstormar som skapte ein del problem. Heile settet på 70 personar var værfast på Finse nokre dagar! A: Episode 4 B: Episode 5 C: Episode 6
Når gjekk Lars Monsen Norge på langs? Han og ein annan gjekk turen frå Kirkenes til Halden, langs norskegrensa, og brukte eit år på turen. A: 1988-89 B: 1989-90 C: 1990-91
Kor lang og brei er pulken min? A: 58cm brei og 190cm lang B: 53cm brei og 150cm lang C: 60cm brei og 135cm lang
Kor mange dagar har eg holdt meg i ro, enten værfast eller fordi eg har tatt ein kviledag? A: 2 dagar B: 3 dagar C: 4 dagar
Kor mange teikn er det maksimalt i meldingane eg sender via satelitt? Ok, denne er kanskje litt vrien… A: 152 B: 154 C: 160
Då eg var ved prinsehytta i Sikkilsdalen var det ingen kongelege (eller andre) i mils omkrets. Kongefamilien var i Torino for å sjå på OL og i den forbindelse vart ein av dei intervjua denne dagen. Dette såg eg altså på mobil-tv, m3n kven var det? A: Kong Harald B: Kronprins Haakon C: Kronprinsesse Mette Marit
Til slutt kan vi ta nokre påstandar. Finn ut kva for ein som ikkje er sann! A: Eg mista GPSen, men gjekk tilbake og fant den igjen B: Eg har kjørt på ski med pulk i ca 40 km/t C: På Finse satt eg 2 timar i badstua
Vel, då er det bare å svara. Du bruker altså feltet under og eg tar kontakt på epost viss du vinn. Alle som vil kan delta!
April 1st, 2006 00:39
stø kurs nordover….. d bra.
stalltipset mitt.
1b,2a,3a,4c,5c,6a,7a,8c,9b,10c
turhilsen kjell-arne
March 25th, 2006 23:01
Er på besøk hos dine foreldre og prøver meg på 10 rette.
1b,2a,3c,4a 5c,6c,7b,8a,9b,10c. Dette blei masse vill gjetning.
God tur vidare. Vi reiser til Jotunbu på tirsdag og skal ha ferie i ei veke. Liv
March 23rd, 2006 16:28
hei! eg reise te spania om 30 minutter!!
ska ver der i 9 dage. fyst ska me ta bussen te københavn og så fly te lanzerote. blir deilig med sol og varme! tenkte eg sko prøva å gjetta på quizen din nå =) eg har gjetta på de fleste, nå må eg stikka for å nå bussen. god tur videre!! du e flinke!
klem Dina =)
1 b, 2 a, 3 a, 4 c, 5 c, 6 a, 7 a, 8 c, 9 a, 10 c
March 21st, 2006 18:11
1b,2a,3a, 4c, 5c, 6a, 7c, 8b, 9b, 10c
Fint strikkemønster dersom en setter sammen svarene fra alle….
Ren gjetning på det meste
Gratulerer med godt over halvvegs……. og det går mot lysere tider med lengre dager. Herlig. God tur videre, du er dyktig og vi følger deg med stor interesse daglig!