Npl-Quiz

17.03.2006 00:11

No er eg straks halvegs og det er på tide med ein ny konkurranse. Nokon av spørsmåla må du nok gjette deg til, mens andre kan du kanskje klare viss du har fulgt godt med på bloggen. Det er 3 svaralternativ, bruk kommentarfeltet for å sende inn svaret.

Du skriv f.eks: 1B, 2A, 3C osv. Du kan gjerne også kommentere og begrunne svara viss du vil

Premien er denne gongen eit par håndlaga ullsålar frå Luss og Busserulleriet i Kve-bua. Dette er dei beste ullsålane eg har sett til no. Den som vinn får sjølvsagt sålane i ønska skonummer!

QUIZ

  1. Kva liker eg best av desse middagane? Dette er tørka middagsmat som eg har på turen. A: Laksegryte B: Rondane viltgryte C: Italiensk gryte

  2. I Kvam kjøpte eg med meg 1 kg vingummi. Kor lenge gjekk det før denne boksen var tom? Kan ta med at ein blir ganske sugen etter snop på ein tur som dette A: 2 dagar B: 3 dagar C: 5 dagar

  3. Kor mange personar er akkurat no ute å går Norge på langs? A: 9 B: 10 C: 11

  4. I kjellaren på Finse 1222 heng det ganske så flotte bilde frå innspelinga av ein av Star wars- filmane. Men kva for episode? Kan ta med at innspelinga føregjekk på Hardangerjøkulen i mars månad og at det var to snøstormar som skapte ein del problem. Heile settet på 70 personar var værfast på Finse nokre dagar! A: Episode 4 B: Episode 5 C: Episode 6

  5. Når gjekk Lars Monsen Norge på langs? Han og ein annan gjekk turen frå Kirkenes til Halden, langs norskegrensa, og brukte eit år på turen. A: 1988-89 B: 1989-90 C: 1990-91

  6. Kor lang og brei er pulken min? A: 58cm brei og 190cm lang B: 53cm brei og 150cm lang C: 60cm brei og 135cm lang

  7. Kor mange dagar har eg holdt meg i ro, enten værfast eller fordi eg har tatt ein kviledag? A: 2 dagar B: 3 dagar C: 4 dagar

  8. Kor mange teikn er det maksimalt i meldingane eg sender via satelitt? Ok, denne er kanskje litt vrien… A: 152 B: 154 C: 160

  9. Då eg var ved prinsehytta i Sikkilsdalen var det ingen kongelege (eller andre) i mils omkrets. Kongefamilien var i Torino for å sjå på OL og i den forbindelse vart ein av dei intervjua denne dagen. Dette såg eg altså på mobil-tv, m3n kven var det? A: Kong Harald B: Kronprins Haakon C: Kronprinsesse Mette Marit

  10. Til slutt kan vi ta nokre påstandar. Finn ut kva for ein som ikkje er sann! A: Eg mista GPSen, men gjekk tilbake og fant den igjen B: Eg har kjørt på ski med pulk i ca 40 km/t C: På Finse satt eg 2 timar i badstua

Vel, då er det bare å svara. Du bruker altså feltet under og eg tar kontakt på epost viss du vinn. Alle som vil kan delta!

14 kommentarar til “Npl-Quiz”

Pages: « 2 [1] (Show All)

  1. Steinar

    March 20th, 2006 15:35

    Dette kan bli en ny bom, som i Rennfast, men her er stalltipset fra bladet FI (Fins Ikkje):
    1b, 2a, 3b, 4b, 5b, 6c, 7b, 8c, 9a, 10a.
    Tror vel ikke helt at dette tipset går inn, men det gjør ingen ting. Det er som i Ol: Det aller viktigste er å delta!

  2. Knut H

    March 19th, 2006 22:52

    Hei igjen. Endelig en ny (gjette)konkurranse. Her er mine stalltips: 1b, 2b, 3a, 4c, 5b, 6c, 7b, 8c, 9b, 10c.
    Go tur viare.

  3. OLAV

    March 19th, 2006 22:19

    QUIZ. Her har du lagt ut smarte og lurne spørsmål. Har forandret mening på to av spørsmåla. Men kom til følgende tippetegn:1B, 2B, 3B, 4A, 5C, 6C, 7A, 8C, 9B, 10C. GOD TUR VIDERE NORD OVER

  4. Lars Erik

    March 19th, 2006 21:57

    Flott med konkurranse! Jeg får bare gjette litt:
    1B, 2C 3A 4A 5B 6B 7A 8C 9B 10B

  5. PerM

    March 19th, 2006 20:44

    Børgefjell, ja! Virkelig fantastisk!
    Svar på oppgaven er: 1B, 2C 3A 4B 5A 6C 7A 8B 9B 10B og ellers blir det nok bra!
    Lykke til videre, - nå går det fort oppover!

  6. Ingbjørg

    March 18th, 2006 20:31

    Rondane viltgryte husker jeg du nevnte en gang eller to, og det høres godt ut! Da må det iallefal bli 1B. Syntes det høres drøyt ut å fordøye i snitt 500 gram gotteri to dager på rad, så det blir 2B. Videre 3A, 4B, 5B,6C, 7B, 8C, 9B, 10C. God tur videre og god helg!

  7. Åslaug

    March 17th, 2006 22:20

    Hei igjen, endelig ein ny konkurranse……
    1c,2a,3b,4b,5b6c,7b,8c,9b,10c.
    Fortsatt flott å følge deg på turen!

    Lyehilsen

  8. Anton

    March 17th, 2006 20:56

    Då tek eg sjansen, med. Her er mine kryptiske teikn ut i nåttå: 1b, 2b, 3b, 4c, 5b, 6c, 7b, 8b, 9a, 10a
    Her trur eg min santen eg fekk mange rette og vrange…

  9. astrid

    March 17th, 2006 20:37

    Ja her er det bare å gjette ivei. Det var mange spørsmål og sjansen på mange rette er heller liten.
    Mitt forslag er som følger: 1B, 2A, 3A, 4C,5B, 6C,7B, 8A, 9B, 10C.

  10. Anton

    March 17th, 2006 17:14

    Dette var ikkje lett, du! Den som får ti rette her, må anten ha griseflaks, vera superintelligent- eller rett og slett ha ein god dag. Men ein ting undrar eg meg på: Er ikkje vingummi dei raude plastkorkane ein set på saftflaskene? Kven kan vel eta det?Eg kjem attende med svar på Npl-konken når eg får tenkt meg om eit bel…

Pages: « 2 [1] (Show All)

Legg til ein kommentar

You must be logged in to post a comment.

Tilfeldig valgt bilde

IMGP2076.JPG

IMGP2076.JPG

Date: 07.05.2006

Nyeste album

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Date: 15.05.2006